resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
HEIST PÅ LAND: Bård Årseth i krana løftar ferjelemmen opp under tilsyn frå Frank Sande i Sande Sørvis og Ole-Johhny Lauvstad i Bøstrand Transport.
HEIST PÅ LAND: Bård Årseth i krana løftar ferjelemmen opp under tilsyn frå Frank Sande i Sande Sørvis og Ole-Johhny Lauvstad i Bøstrand Transport.

Fjerna ferjelemmen

Tjue år og sju månader etter at han sist var i bruk til ferjedrift, vart ferjelemmen på Syvdneset torsdag 29. november heist på land og fjerna frå det våte element. 

 Det er Selstad AS i Måløy som overtok ferjekaia til notvasking etter at det vart slutt på ferjedrifta. Det varte ikkje mange år, og dei siste ti-tolv åra har det vore liten aktivitet på kaia. Forfall har prega området, og særleg har det vore klager på ferjelemmen som har hengt glatt og skråstilt ned i sjøen.

Etter fleire avissaker dei siste fem åra, der Selstad har lova å rydde opp, og også i fjor brev frå kommunen og grendalaget på Rovde, har verksemda denne veka gjort alvor av lovnadane. Det er også fjerna røyr og lause gjenstandar på sjølve kaia. Trond Lillebø i Selstad AS fortel at det no også vil verte sett opp gjerde som stengjer for allmenn ferdsel på området. 

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget