resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Følgjer av koronaviruset i Vanylven

Beredsskapsmøte i Vanylven kommune /(Arkivbilete før smittetiltak vart sette i verk)
Beredsskapsmøte i Vanylven kommune /(Arkivbilete før smittetiltak vart sette i verk)

Her samlar vi all informasjon om situasjonen.

26.05.20 Vanylven kommune er no fri for covid19-smitte. Det seier kommuneoverlege Cecilie Oppedal til Synste Møre.

13.05.20 Omsorgssenteret opnar for besøk, men med visse avgrensingar. Kommunen skriv på si nettside:

Frå og med 13. mai er det opna opp for at pårørande kan besøke sine kjære på Vanylven helse- og omsorgssenter - men avdelingsleiarane og kommuneoverlegen har nokre klare omsyn som må følgast. Og dei ber om at viktigheita av at samværet skjer fysisk må vurderast opp mot alternative måtar å møtast på - som videosamtalar.

10.05.20 Nytt smittetilfelle med koronaviruset påvist i Vanylven. Kommunen skriv på si nettside at kommuneoverlegen arbeidar med smittesporing, og at alle nærkontakter vil bli kontakta.

08.05.20 Vanylven skriv på si nettside at det vert ei gradvis opning av skulane i kommunen.

– For å sikre ei mest mogleg kontrollert opning vil 5, 7 og 10 trinn starte opp tysdag 12. mai, medan 6, 8 og 9 trinn startar opp onsdag 13. mai. Elevar frå og med 1. klasse til og med 4. klasse og SFO har starta opp tidlegare og vil ha tilbod som før på skulen, skriv kommunen.

Vidare legg kommunen vekt på at alle skal føle seg trygge på å kome attende til skulen.

– Det er i samråd med kommuneoverlegen at vi no kan seie at vi er klare til opning, og at vi kan seie at elevar, tilsette og foreldre kan kjenne seg trygge på at vi stettar dei krava som er sette til smittevern. Basert på dei nasjonale veiledarane i smittevern er det lagt ned eit svært godt arbeid på skulane i samarbeid med kommuneoverlegen vår. Dei tilsette har fått god opplæring i smittvern basert på rettleiaren og sett seg godt inn i krava som er sette for opning. Elevane er delte inn i faste grupper på skulen og det vert lagt opp til ei vesentleg forsterking av reinhaldet, skriv kommunen.

Kommunen skriv også at det fortsatt er viktig å unngå kontakt og overhalde smittevernråda.

– For å unngå trengsel oppmodar kommunen til at skuleskyss og offentlig transport bør unngåast dersom det er mulig. Dersom elevane har skuleskyss må dei huske å holde god avstand, både medan dei venter på bussen og i bussen. Også her skal ein halde 1-metersregelen for avstand, skriv dei.

08.05.20 Norge opnar gradvis. Regjeringa meldar i ei pressekonferanse 7. mai at 5.-10.klasse og vidaregåande kan opna att frå måndag 11. mai. Likevel er det rom for lokale tilpassingar. Det er venta at dei tre skulane i Vanylven opnar att samtidig, men dato er ikkje sett endå.

24.04.20 Kommunen opplyser om opningstider for barnehagar og skular:

Opningstidene ved barnehagane i kommunen vil også i veke 18 vere frå 08:00 – 15:00.

1 – 4 klasse ved skulane og SFO tilbodet i Vanylven kommune opnar måndag 27.04. I veke 18 vil opningstidene vere slik: 
· Myklebust skule: 07:45 – 15:30 
· Fiskå skule: 07:20 – 15:30 
· Åheim skule 07:20 – 15:30 

17.04.20 Fortsatt ikkje fleire smittetilfelle i kommunen. Det skriv Vanylven i ei pressemelding. Vidare skriv kommunen:

– Kommunen har lite sjukdom generelt, og testkapasiteten er auka i forhold til alle som er omfatta av samfunnskritiske funksjonar og barn i barnehage og småskule.

Sjølv om småskulen og barnehagane no opnar, vil fortsatt andre smitteverntiltak fortsette. Det betyr blant anna at rådhuset fortsatt vil vere stengd.

Kommunen skriv vidare at det i dag, 17. april, vart gjeve nasjonale føringar for korleis 17. mai vil gjennomførast. Ordføraren er også budd på at det vert ei god markeing av 8. mai.

Til slutt oppfordrar også kommunen alle innbyggarar til å laste ned FHI sin smittesporingsapp, Smittestopp.

16.04.20 Kommunen planlegger opninga av skular og barnehagar, og det er forventa informasjon om korleis dette vil føregå i dag torsdag 16.april.

08.04.20 Med omsyn til sending av prøver vert det sett av torsdag og laurdag i påska for testing av covid-19. Dei som har spørsmål omkring testing må hendvende seg til legevakta. Det skriv Vanylven kommune i ei pressemelding.

08.04.20 Per dags dato er det ikkje stadfesta fleire smitta i Vanylven kommune. Det skriv kommunen i ei pressemelding. Samstundes skriv dei at dei førebur seg på rettleiarane som vil komme frå sentralt hald når det gjeld gradvis oppstart av barnehagane og småskulen. Det er forventa at det kjem nasjonale føringar for korleis opninga vil føregå, og kommunen er budd på å starte arbeidet med dette 14. april.

07.04.20 Regjeringa melder i ei pressekonferanse at barnehagane vert opna 20. april, og at 1-4.trinn og SFO opnar 27. april. 

06.04.20 Vanylven kommune skriv i ei pressemelding at det ikkje lengre er smitte i kommunen, etter at den smitta personen no er friskmeldt.

Samstundes presiserar kommunen reglane knytt til idrettsaktivitet. Dei skriv:

– All type aktivitet må gjerast på ein måte som sikrar at Helsedirektoratet sine tilrådingar om samling av personar og samling i gruppe vert overhald. Der bør ikkje vere meir enn 5 personar samla i ei gruppe, dette gjeld ikkje personar som lever saman til vanleg.

03.04.20 Det er ikkje påvist fleire smitta i Vanylven. Det skriv kommunen i ei pressemelding.

01.04.20 Det er ikkje påvist fleire smitta i Vanylven. Det skriv kommunen i ei pressemelding.

27.03.20 Fortsatt ikkje påvist fleire smitta i Vanylven kommune, skriv kommunen i ei pressemelding.

25.03.20 Det er per no ikkje påvist fleire smittetilfelle i Vanylven. Kommunen skriv vidare i ei pressemelding at det tidlegare vedtaket om at tilreisande frå visse fylke må i karantene, no har gått ut.

Det er ikkje lenger karantene for tilreisande til Vanylven kommune.

– 15. mars vedtok Vanylven kommune karantene for dei som kom frå visse fylke i landet, der det var påvist smitte i større grad enn i vårt geografiske område. Slike lokalt fatta vedtak er gyldige i 7 dagar, det er difor ikkje no vedtak om karantene for tilreisande til Vanylven kommune, utover det som er vedteke nasjonalt. I trå med nasjonale føringar vil kommunen understreke at alle bør unngå reiser som ikkje er naudsynte. Dette kan vere vanskeleg å forhalde seg til når vi no nærmar oss påskeveka. Vanylven kommune oppmodar alle om å vurdere om reiser, som t.d. besøk av familie i andre delar av landet, kan utsetjast til smittefaren er redusert. All reise på tvers av kommune- og fylkesgrenser vil medføre fare for å spreie smitte, og ein bør vurdere om slike reiser er naudsynte. Hugs at den dugnaden vi no alle deltek i handlar om å beskytte eldre og andre med underliggande sjukdom, mot eit virus som kan vere dødeleg. Dess betre desse retningslinjene vert oppretthaldt, dess flatare vert kurva over smitta, slik at vi hindrar ei overbelastning av helsesektoren, skriv kommunen i ei pressemelding.

24.03.20 Regjeringen viderefører alle tiltaka som er iverksatt for å hindre spreiing av koronaviruset i Norge fram til over påske, til og med 13. april.

23.03.20 Fortsatt berre eit tilfelle av korona i Vanylven. Det skriv kommunen i ei pressemelding. Sidan dei starta å teste for smitte 3. mars, har 16 personar vorte testa og berre èin person har testa positivt.

20.03.20 Vanylven går ut i ei pressmelding å skriv at det ikkje er påvist meir smitte enn den eine personen som har fått viruset påvist. Samstundes skriv dei at det på nettsida no er oppdatert informasjon rette mot barn og unge, og at ungdomsarbeidar og utekontakt er tilgjengelege både på telefon og gjennom andre kanalar. Dei skriv også at distriktstannklinikken har eit akutttilbod til dei som måtte trenge det, sjølv om den offentlege tannhelsetenesten er stengt.

Dei oppmoder òg alle butikkane til å synleggjere sine smitteverntiltak og at alle kundar overheld desse for å forhindre smitte. Kommunen si samleside om viruset finn du ved å trykke her.

19.03.20 Kommunen arbeider med smittesporing

18.03.20 Smitte påvist i Vanylven

18.03.20 Vanylven kommune går ut og ber dei som har helsefagleg kompetanse om å melde seg. Registrer deg som frivillig helsepersonell her

16.03.20 Vanylven kommune tek i bruk varslingssystemet Varsling 24 for å kunne kome ut med viktig informasjon til alle innbyggarar så raskt som mogleg.

16.03.20 Kommunen stenger legekontoret.

– Legekontoret er no avstengt fysisk for å minimere smitterisiko og for å sikre liv og helse. Dersom ein av legane våre kjem i kontakt med ein som er smitta, vil legen bli satt i karantene. Vi kan difor ikkje risikere å få redusert personale på legekontoret.
Det vert arbeidar med å få på plass e-konsultasjon og berre naudsynt oppfølging av pasientar vert følgt opp. Har du symptom på forkjølelse skal du halde deg heime inntil eit par dagar etter at du kjenner deg frisk. Ved øyeblikkeleg hjelp ta kontakt på 700 30 100 i legekontoret si opningstid eller 116 117, skriv kommunen på Facebook.

16.03.20 Regjeringa kjem med økonomisk krisepakke.

15.03.20 Alle som har vore i desse fylka må i karantene. Det skriv Vanylven kommune på sine nettside.

15.03.20 Det er nå ulovleg å vere på fritidseigedom utanfor eiga kommune. Det opplyser regjeringa.

13.03.20 Ein person i Vanylven i isolasjon. Personen er utan påvist smitte. Dei som har vore i nærkonotakt med vedkomande er sett i karantene. Kommunen skriv på sine nettside at dei arbeider etter føre var-prinsippet og etter retningslinjene frå Folkehelseinstituttet.

Kommunelegen understrekar at det ikkje er påvist smitte i Vanylven kommune pr 13.03.20, kl 13.00.

Kommunen skriv vidare:

"Der er eit apparat rundt kommuneoverlegen som kontinuerleg vurderer kven som eventuelt som skal setjast i karantene, utover dei som FHI har stadfesta skal gå i heimekarantene. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av kommunen si helseteneste.

Vi opprettheld barnehagetilbod og tilbod for barn i småskulen, som har foreldre med kritiske samfunnsposisjonar. Desse vert kartlagt i samarbeid barnehagane og skulane. Gjer merksam på at denne retten gjeld til barn av personell som jobbar i kritiske samfunnsfunksjonar, der begge føresette eller der eineforsørgjar har eit slikt arbeid. Det vert elles vist til oppdaterte reglar på NAV.no for omsorgspengar. 

Elles har kommunen gjort desse grepa lokalt:

  • Tynnaknuten, Stenbakken, aktivitetssenteret, frisklivssentralen og trimromet er stengt.
  • Rådhuset er stengt. Dersom innbyggjarar har behov for å ta kontakt med tilsette, ta kontakt enten via sentralbord, på e-post til postmottak@vanylven.kommune.no eller finn direkte kontaktinformasjon på den tilsette på kommunen si nettside.
  • Frisørar og aktørar som driv med kroppspleie skal stenge, etter restriksjonar frå helsemyndighetene.
  • Miljøstasjonen vert stengt så lenge denne situasjonen pågår.
  • Skular, barnehagar, kulturskulen, vaksenopplæringar og biblioteka er stengt".

13.03.20 Tal på smitta:

  • Kina - 80,814
  • Italia - 15,113 
  • Sør Korea - 7,979
  • Spania - 3,779
  • Frankrike - 2,876 
  • Tyskland - 2,750 
  • USA - 1,762 
  • Norge - 825
  • Danmark - 785 
  • Sverige - 688

Tala fant vi på Vanylven kommune sine nettside.

13.03.20 Folkehelseinstituttet sine nettside har vore nede for telling fleire gonger i løpet av dagen grunna stor pågang. Det vil truleg skje fleire gonger. Har du spørsmål om korona, bruk Vanylven kommune sine nettside, fhi.no eller helsedirektoratet.no

13.03.20 Regjeringa legg fram krisepakke for norsk økonomi, med blant anna utsett frist for forskotsskatt og endra permitteringsregler.

13.03.20 Digitale samlingar i kyrkja. Vanylven kyrkje skriv på sine nettside at alle gudstenester og andre samlingar vert avlyste. Dei tilsette ved kyrkjekontoret praktiserar heimekontor. Les meir her.

13.03.20 Sparebanken Møre stenger alle kontor frå og med fredag 13. mars og inntil vidare. Dei kan treffast per telefon mellom 08.00 og 16.00. Les meir her.

13.03.20 Folk i heimekarantene vert ikkje lenger testa. Det skriv FHI i ei pressemelding. – Testing er reservert visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftvegssymptomar, skriv dei.

13.03.20 NAV går ut med informasjon om kva det har å seie viss ein må vere heime frå jobb.

13.03.20 Politiet skriver i ei pressemelding at alle ikkje-kritiske publikumstenester vert stengt i to veker. 

12.03.20 Sentralbordet til Vanylven kommune har stor pågang, og dei ber publikum om hjelp til å avlaste sentralbordet. Dersom du ønsker å kome i kontakt med nokre av dei tilsette, ber kommunen om at du bruker heimsida til kommunen for å finne e-postadresse eller telefonnummer. Dersom du ikkje finn kontaktinformasjon på den tilsette, ber kommunen om at du sender ein e-post til postmottak@vanylven.no

12.03.20 Kyrkjerådet rådar at alle gudstenester vert avlyste

12.03.20 Bussar og hurtigbåtar vert kontantfrie

12.03.20  Alle som har vore utanfor Norden etter 27. februar må i karantene

12.03.20 Regjeringa kjem med ei rekkje tiltak for å hindre spreiing av viruset

-Fullstendig liste over tiltak på Helsedirektoratet si nettside

12.03.20 Vanylven kjem med ei rekkje tiltak for å hindre spreiing av viruset

12.03.20 Alle skular og barnehagar vert stengt

12.03.20 Fylkeskommunale tannklinikkar vert stengt

12.03.20 Ei rekkje arrangement er avlyste

12.03.20 Helse- og omsorgssenteret på Fiskå er stengt

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget