resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
KØ: Det var jamn tilstrøyming til vallokala på rådhuset på Fiskå då valet opna klokka 10 i dag. Skal vi døme etter det vi såg, kan det verte god frammøteprosent når det gjeld å bruke stemmeretten i Vanylven.
KØ: Det var jamn tilstrøyming til vallokala på rådhuset på Fiskå då valet opna klokka 10 i dag. Skal vi døme etter det vi såg, kan det verte god frammøteprosent når det gjeld å bruke stemmeretten i Vanylven.

Førebels valresultat i kveld

(09.09)Kommunevalet er i gang kring om i alle dei sju valkrinsane i Vanylven. Høge tal på førehandsstemmer kan vonleg tolkast på god valdeltaking. Følg med på nettsidene våre ut over kvelden

Dei førebelse røystetala for dei ulike partia vil vere klar i kveld, venteleg kring klokka 21-22. Men vi får ikkje vite kva personar som har kome inn frå dei ulike listene før tysdag. Det må Valdirektoratet og Posten Norge dele skulda for. Det er nemleg slik at alle har rett til å førehandsrøyste heilt til og med fredag. Sidan det no ikkje er postgang laurdagane, vil røyster som er avgjevne så seint andre stader i landet, først kome fram til «heimekommunen» tysdag. Desse få røystene blir så blanda med nokre røyster ein har lagt til sides uopna og utalde, for at anonymiteten skal ivaretakast. Først når desse røystene er med, blir valresultatet fullstendig. Og det vil altså skje tysdag.

– Vi vil køyre kandidatkåringa når vi har valresultatet komplett. Det vil seie tysdag, seier Kåre Kvangarsnes, som er den i kommuneadministrasjonen som har valet som hovudarbeidsområde desse dagane.

Vel 500 førehandsrøyster

Før helga stogga ein på knapt 500 førehandsrøyster. Dette er meir enn 100 fleire enn for fire år sidan, men godt under stortingsvalet. Det er også normalt med høgare valdeltaking ved stortingsvale enn kommuneval. Det er likevel å håpe at det høve talet på førehandsrøyster og ein relativt aktiv valkamp frå partia si sida, skal gi god valdeltaking. Sist var deltakinga i Vanylven på kring 63 prosent.

 

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 24. januar
18.00 Bingo, Meks, Syvde

Laurdag 25. januar
15.00 Basar, Rovde forsamlingshus

Søndag 26. januar
19.00 Kveldsbøn, Hakallestranda bedehus

Tirsdag 28. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Myklebust skule
18.00 Møte, Fiskå bedehus

Onsdag 29. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Åheim skule
18.00 Møte, Fiskå bedehus

Torsdag 30. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Fiskå skule
19.00 Song og musikkmøte, Rovde forsamlingshus

Tirsdag 4. februar
12.30 Pensjonisttreff, Kjeldsund

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget