resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Første prøvesvar viser virus i oppdrettsanlegg

Lagt til: Endra:

Mattilsynet har fått dei første prøvesvara tekne ved Mowi sitt oppdrettsanlegg i Bjørlykkestranda. Dei viser infeksiøs lakseanemi (ILA). Det må oppfylgjande positivt prøvesvar til, for å stadfeste viruset.

Det var Sunnmørsposten som først melde saka.

Dette kjem etter at Mowi varsla Mattilsynet 10. september om mogleg ILA-smitte.

Prøver er no sendt inn frå Mattilsynet, men ein kan ikkje stadfeste viruset før desse kjem attende.

– Vi ventar prøvesvara i neste veke, seier seniorinspektør Cecilie Flatnes Nystøyl i Mattilsynet til Synste Møre.

I kunngjeringa frå 10. september, skriv Mattilsynet at området vart ilagt restriksjonar, med blant anna forbud mot flytting av fisk.

I følgje Veterinærinstituttet er infeksiøs lakseanemi (ILA) ein alvorleg, smittsam virussjukdom hos laks. ILA-viruset har tidlegare også vore påvist hjå oppdretta regnbogeaure og vill sjøaure.

Viruset er i følgje Mattilsynet ufarleg for mennesker.

Til Sunnmørsposten opplyser Mowi om at utbrotet vart oppdaga gjennom rutinemessige prøver.

Bjørlykkestranda ligg frå før i ei overvåkingssone for ILA. Dette omfattar Herøy, Ulstein, Vanylven, Ørsta og Volda. Dette etter at det i februar 2020 vart stadfesta ILA-smitte ved anlegget Voldnes i Herøy kommune.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Torsdag 29. oktober
19.00 Møte, Hakallestranda bedehus

Søndag 1. november
17.00 Kor og country, Olivinhallen, Åheim AVLYST

Torsdag 5. november
18.00 Fiskå bedehus

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget