resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
FÆRRE AVGANGAR: Viss Møre og Romsdal fylkeskommune får det som dei vil, vert det færre avgangar på sambandet Årvika - Koparnes. FOTO: Lena Landsverk Sande
FÆRRE AVGANGAR: Viss Møre og Romsdal fylkeskommune får det som dei vil, vert det færre avgangar på sambandet Årvika - Koparnes. FOTO: Lena Landsverk Sande

Foreslår å kutte drastisk i ferjetilbodet

Lagt til: Endra:

I eit høyringsnotat frå Møre og Romsdal fylkeskommune vert det føreslege å kutte drastisk i ferjesambandet Årvika - Koparnes.

I forslaget ligg det ein reduksjon på åtte avgangar på kvardagar og søndagar, og eit kutt på heile tolv avgangar laurdagar.

Avgangane det gjeld er frå Årvika kl. 09.15, 10.45, 12.45 og 17.45 på kvardagar. Laurdagar vil fylket ta vekk avgangane frå Årvika kl. 07.45, 09.15, 10.45, 13.45, 15.15 og kl. 16.45. Søndagar foreslår dei å fjerne avgangane frå Årvika kl. 13.15, 14.45, 17.15, og kl. 20.15.

Grensa er nådd

Lena Landsverk Sande (V), ordførar i Vanylven, seier til Synste Møre at no er grensa nådd. Ho seier at konsekvensane for Vanylven vil vere store uansett kva veg ein skal reise.

– Eg oppmodar folk om å seie i frå, seier ho.

Innsparing

Kuttet vert føreslege som eit ledd i ein innsparingsprosess.

– Møre og Romsdal fylkeskommune er inne i ei økonomisk krevjande tid som fordrar innsparing også på ferjedrift i åra framover, heiter det i notatet.

Her viser dei til ei sak frå fylkestinget der det vart gjort vedtak om at det skal gjerast innsparingar i drifta innan buss, båt og ferje. Fylkestinget har tidlegare gjort vedtak om at ferjeramma skal reduserast med 12 millionar i 2020, 20 millionar i 2021 og ytterlegare 10 millionar i 2022.

Driftsnivået

Vidare heiter det i notatet at fylket må tilpasse driftsnivået på ferje og hurtigbåt, men at det ikkje heng saman med eit stort inntektsbortfall i ferjedrifta som følge av koronapandemien.

– Det kan difor ikkje sjåast bort frå ytterlegare reduksjonar i tilbodet som følge av manglande finansiering frå billettinntektene. 

Kommunar og andre vert no oppfordra til å kome med innspel til prosessen, og skriv at det er viktig at kommunane involverer skuler, trafikknemnder og grendelag.

Vil fjerne nattferja

På Larsnes-sambandet er det ikkje føreslege å leggje ned turar på dags- og kveldstid. Det er derimot føreslege å kutte bestillingsturen på natt, både kvardagar og helg. Denne ruta er føreslege lagt ned i 2021.

Svarfrist for høyringa er 9. oktober.

Millionar frå havbruksfondet
Millionar frå havbruksfondet
2,25 milliardar kroner vil i haust gå ut til laksekommunane i Norge. For Vanylven er talet dryge seks millionar kroner. Det er godt nytt for ein kommune med ein utfordrande økonomi.Lena Landsverk Sande (V), ordførar i Vanylven, er svært glad for midlane. – Dette er veldig godt nytt, vi treng kvar ei krone, seier Landsverk Sande. Ho utdjupar: – Det er klart at dryge seks millionar kroner har stor betydning for Vanylven kommune. Vi får desse pengane no, og så veit vi at det kjem pengar neste år også, seier ordføraren. – Om få dagar kjem det millionar av kroner inn til havbrukskommunane. Kommunane får no velfortent påskjøning for å leggje til rette for ei av våre viktigaste næringar, nemleg havbruksnæringa, står det i ei pressemelding frå fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen. – Landet sine oppdrettskommuner gjer ein viktig jobb med å leggje til rette for oppdrettsnæringa. I 2020 og 2021 vil kommunane få ei rekordstor påskjøning for innsatsen. No er det klart korleis fyrste del av utbetalinga vil verte fordelt, seier Ingebrigtsen. Heilt spesifikt får Vanylven kommune 6 220 231 kroner i 2020. I 2021 får Vanylven 1 481 008 kroner frå ordinær pott, og 1 283 540 frå potten til nye lokalitetar. Produksjonsavgift Frå 2022 vil kommunane få rundt 40 prosent av salsinntektene frå ny kapasitet, fordelt gjennom Havbruksfondet. I tillegg vil kommunane få inntekter frå ei produksjonsavgift som vil liggje på rundt 500 millionar kroner årleg. – Inntektene til havbrukskommunane har dei siste åra vore svært variable. Med denne ordninga vil kommunane få meir stabile og forutsigbare inntekter, står det i pressemeldinga.
28.09.20 18:28
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Fredag 25. september
18.00 Knutsen og Ludvigsen, Fiskå kino
20.00 After we collided, Fiskå kino

Søndag 27. september
13.00 Fårikål, Syvde samfunnshus
16.00 Haustsamling, Fiskå bedehus

Onsdag 30. september
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Torsdag 1. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 3. oktober
07.30 Båtcruise til Ålesund
17.00 Operahuset: Man of La Mancha

Søndag 4. oktober
14.00 Operahuset: Man of La Mancha

Tirsdag 6. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Onsdag 7. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Fredag 9. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 10. oktober
17.00 Operahuset: Mann of La Mancha

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget