resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
Frisk duell rundt Hovda
STERKE TIDER: Iver Vattøy (t.v.) sette ny løyperekord Hovda Rundt og fekk godt følgje av Jørgen Vidnes.
STERKE TIDER: Iver Vattøy (t.v.) sette ny løyperekord Hovda Rundt og fekk godt følgje av Jørgen Vidnes.

Iver Vattøy frå Ulsteinvik og Jørgen Vidnes frå Fiskå sykla rekordfort Hovda Rundt, der den hardtsatsande 18-åringen Vattøy viste seg å ha mest saft i føtene på slutten. Aud Nygård vann dameklassa.

Vattøy og Vidnes la seg tidleg i teten på feltet med tjueseks deltakarar opp Leitebakkane. Etter at ei gruppe på åtte syklistar samla seg utover frå Fiskå mot Nordstranda, drog dei to etter kvart i frå att då feltet passerte Brudevika. Den einaste som gjorde nokre få forsøk på å henge på var Kjell Bakkebø frå Stadlandet, men også han la seg i gruppa bak, som utover stranda vart to-tre minutt etter, noko som i mål var auka til over fire minutt.

Dei to i teten sykla i lag heilt til forbi sentrum på Eidså. Då la Vattøy inn eit ekstra gir og fekk tretti-førti meter på Jørgen Vidnes før bakken opp mot mål ved Eidsåvoll. Vinnartida, 1 t 18.12 minutt er ei forbetring av Sigvart Bjerga sin løyperekord frå 2013 med 41 sekund, trass i vind og våt vegbane.

Aud Nygård var einaste kvinnelege deltakar i konkurranseklassa og kom i mål på 1 t 29.29. Og like mykje let vi oss imponere av Kari Ruud frå Fiskå i klasse pluss 80 år, som først sykla til Eidså, fullførte Hovda rundt på tre og ein halv time og deretter sykla heim att. Også her eit eksempel for fleire til etterfølgjing.

 

 

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget