resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
img_7976.jpg

Giske fekk mest å juble for på Eidsåvoll

Giske vart kretsmeistrar i 6. divisjon etter det som vart kalla ein bølgjedal av ein fotballkamp, der heimelaget kjempa inn 4-4 i det 88. minutt etter å ha vorte redusert til ni mann på bana. 

Giske dominerte første omgang, og det var mot spelet sin gang at Vanylven gjekk opp til 1-0 etter 24 minutt, på det som var nesten deira første sjanse i kampen. Giske utlikna rett etter, og sjølv om Vanylven kom meir og meir med mot slutten av omgangen, var forsvaret stadig litt på etterskot mor gode Giske-spissar. 

Andre omgang opna brutalt for heimelaget. Giske fekk først 1-2 på eit frispark, der dei også skulle vore avblesne for klar offside rett før. Deretter fekk dei nytt frispark i det 51. minutt, som vart sett rett i mål til 1-3. Då såg det mørkt ut, og då først Vanylven får Vegar Bellen Krokvik utvist etter felling som siste mann etter 55 minutt, ser det enno mørkare ut. Men heimelaget viser god arbeidsmoral og kjempar først inn 2-3 på ein retur etter kårner. Vanylven står på vidare og får utliknar utruleg nok til 3-3 ved Anders Bellen.

Etter at Giske også har gått opp til 3-4 på ei fin skåring i det 73. minutt, får Bellen så sitt andre gule kort og Giske straffe etter 76 minutt, og det ser enno mørkare ut. Men først reddar keeper Aadne Seljeset ei god straffe meisterleg og to minutt før kampslutt er det Øyvind Myklebust som er frampå og set ein retur etter frispark i mål.

Med ni mann hadde Vanylven såleis utlikna til 4-4 etter 88 minutt spelt, og det kunne også snudd seg heilt, då mange meinte at eit skot frå Simen Bellen litt etter vart blokkert med hendene. Men kampen sett under eitt ikkje noko seie på at Giske vann og vart kretsmeistrar, sjølv om Vanylven kjempa som løver mot slutten og var nære på. 

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 27. februar
19.00 Møte, Rovde forsamlingshus

Laurdag 29. februar
12.00 Familiedag, Fotballhallen, Eidsåvoll
14.00 Petter Dass, Indre Herøy kyrkje

Onsdag 4. mars
16.00 Strikkekafé, Biblioteket, Syvde

Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

Torsdag 30. april
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

Mandag 4. mai
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget