
Giske fekk mest å juble for på Eidsåvoll
Giske vart kretsmeistrar i 6. divisjon etter det som vart kalla ein bølgjedal av ein fotballkamp, der heimelaget kjempa inn 4-4 i det 88. minutt etter å ha vorte redusert til ni mann på bana.
Giske dominerte første omgang, og det var mot spelet sin gang at Vanylven gjekk opp til 1-0 etter 24 minutt, på det som var nesten deira første sjanse i kampen. Giske utlikna rett etter, og sjølv om Vanylven kom meir og meir med mot slutten av omgangen, var forsvaret stadig litt på etterskot mor gode Giske-spissar.
Andre omgang opna brutalt for heimelaget. Giske fekk først 1-2 på eit frispark, der dei også skulle vore avblesne for klar offside rett før. Deretter fekk dei nytt frispark i det 51. minutt, som vart sett rett i mål til 1-3. Då såg det mørkt ut, og då først Vanylven får Vegar Bellen Krokvik utvist etter felling som siste mann etter 55 minutt, ser det enno mørkare ut. Men heimelaget viser god arbeidsmoral og kjempar først inn 2-3 på ein retur etter kårner. Vanylven står på vidare og får utliknar utruleg nok til 3-3 ved Anders Bellen.
Etter at Giske også har gått opp til 3-4 på ei fin skåring i det 73. minutt, får Bellen så sitt andre gule kort og Giske straffe etter 76 minutt, og det ser enno mørkare ut. Men først reddar keeper Aadne Seljeset ei god straffe meisterleg og to minutt før kampslutt er det Øyvind Myklebust som er frampå og set ein retur etter frispark i mål.
Med ni mann hadde Vanylven såleis utlikna til 4-4 etter 88 minutt spelt, og det kunne også snudd seg heilt, då mange meinte at eit skot frå Simen Bellen litt etter vart blokkert med hendene. Men kampen sett under eitt ikkje noko seie på at Giske vann og vart kretsmeistrar, sjølv om Vanylven kjempa som løver mot slutten og var nære på.