
Gjerdsvika stod i mot i starten
(30.08) Det var aldri tvil om sigeren, berre om kor stor han skulle verte, då Vanylven fredag slo Gjerdsvika/ Larsnes/Gursken2 med 13-1.
Etter 15 minutt stod det "berre" 1-0 etter skåring av Anders Midtbø og bortelaget hadde forsvart seg bra, men då Torgeir Halsen sette inn 2-0, rakna det midt i første omgang for gjestane frå Sande. Ei stund kom nettkjenningane like tett som regnbygene, slik at det eit kvarter seinare stod 6-0. Og Vanylven gav seg ikkje med det, og til pause var leiinga komfortable 8-0.
Det gjorde at trenarteamet i andre omgang skifta halve laget. Rett nok vart det på tribuna vitsa om at ein skifta ut angrepet fordi ein ikkje var nøgd med innsatsen, men med full kontroll kunne nokre som skulle reise få ta ei tidlegare ferje og andre få prøve seg. Utskiftingane gjorde at ein miste ein del struktur i spelet. Likevel vann ein også denne omgangen 5-1 og fekk ein grei trepoengar i boks. Kristoffer Thue Stranden og Uchin Cho vart toppskårarar med tre mål kvar, og særleg var Thue Stranden sitt langskot til 7-0 av det fine slaget.