resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
JOKEREBUTIKKEN på Kragset vart i oktober utsett for innbrot. Dette biletet er teke same morgonen som innbrotet vart oppdaga midt i oktober.
JOKEREBUTIKKEN på Kragset vart i oktober utsett for innbrot. Dette biletet er teke same morgonen som innbrotet vart oppdaga midt i oktober.

– Glad for at det ikkje var lokale folk

(05.12) Politiet opplyser at tre personar vil bli sikta for innbrotet på Jokerbutikken på Hakallestada i oktober.
- Eg er glad for at det ikkje var folk frå næraste distriktet som stod bak, seier butikkeigar Oddvin Kragset.

Det har ei tid gått rykte om at politiet har hatt mistanke retta mot bestemte personar og miljø i denne saka, utan at vi har fått det stadfesta. No seier altså lensmann Tor Sæther at tre personar er sikta for innbrotet. Det var Vestlandsnytt som først omtala saka på sine nettsider (bak betalingsmur).

Til Synste Møre seier Sæther at dei tre har vedgått at dei har vore i butikken og erkjent å ha fjerna det som er borte. Men dei to haglegeværa som var meldt stolne, er ikkje komne til rette, Det er derimot ein del av det andre tjuvgodset.

– Saka er ikkje avslutta. Vi etterforskar framleis, og ser alvorleg på at våpena ikkje er funne, seier Sæther.

Dei tre som er sikta, er i følgje lensmannen heimehgøyrande i ei kommune på Søre Sunnmøre, men dei er altså ikkje frå Vanylven.

– Det er godt at vi slepp å gå rundt å lure lenger. Så får vi ta ting etter kvart, mellom anna når det gjeld erstatning og slike ting, seier Oddvin Kragset.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 16. januar
18.30 Folkemøte, Åram grendestove

Fredag 17. januar
18.00 Dolittle, Fiskå kino
19.00 Takfest på Framheim
19.00 Vestborgrussen, Åheim misjonshus
20.00 Bad Boys for life, Fiskå kino

Laurdag 18. januar
16.00 Vestborgrussen, Hakallestranda bedehus OBS-klokkeslettet!
19.00 19.00 Takfest på Framheim

Søndag 19. januar
Nattverdsmøte, SIon Åheim

Tirsdag 21. februar
12.00 Tysdagstreff, Hakallestranda bedehus

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget