resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
FOTO: Arkiv
FOTO: Arkiv

Gradvis opning av barnehagar og skular

Barnehagane i Vanylven vil opne att torsdag 23. april, medan 1.-4. klasse og SFO opnar måndag 27. april. Det melder Vanylven kommune på si nettside.

– I samråd med kommuneoverlege Cecilie Lillejord Oppedal vil Vanylven kommune opne barnehagane torsdag 23 april. Det vil i ei periode bli reduserte opningstider for at alle barna skal få eit tilbod, skriv kommunen.

Vidare står det at meir informasjon angåande opningstider i barnehagen vil kome seinast måndag 20. april.

– Barnehagane arbeider no saman med kommuneoverlegen for å sikre at opninga skjer kontrollert og innanfor rammene til den nasjonale rettleiaren, skriv kommunen.

Skulane

Småskulen opnar som sagt 27. april. Her kjem det meir informasjon når den nasjonale rettleiaren er klar.

– Elevar frå og med 5. klasse til og med 10. klasse skal framleis få eit opplæringstilbod heime. Vi vil framleis sørge for å gje eit tilbod på skulen til utsette barn og unge og barn som har foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar, skriv kommunen.

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget