resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
img_0065.jpg

Hakallegarden med live-sendingar på nett

(03.04.2020) Stengde dører fører til andre løysingar på Hakallegarden i påska.

av Tanja Anett Thunem

Hakallegarden går påska i møte med stengde dører. Sidan tre av dagane med mest besøk gjennom heile året er i påska, er det ein betydeleg del av inntektene som går tapt. Aina Moldskred Krakset fortel at dei no må tenke annleis med tanke på inntektskjelder, og ho har latt seg inspirere av andre på nettet.

– Vi har hatt veldig mange som skriv til oss og seier dei saknar oss, og gler seg til vi kan opne igjen. Eg har tenkt på om det går ann å få til noko lignande som artistane gjer om dagen – dei har konsertar heime, og så betalar folk for å sjå på. Kanskje går det an å gjere noko tilsvarande? At vi legg ut ein film frå garden, og om folk vil så kan dei vippse eit lite beløp, seier ho.

Fredag la Hakallegarden ut eit innlegg på Facebook der dei informerer om løysinga, og understrekar samstundes at det er frivillig å gje ei pengegåve.

– Filmane skal spre glede til alle som treng det denne tida, det er det viktigaste, står det i innlegget lagt ut på Facebook.

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget