resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
 ILLUSTRASJON: Nordwest 3D/Kystverket
ILLUSTRASJON: Nordwest 3D/Kystverket

Ingen kroner til skipstunnelen

Lagt til: Endra:

Det er ikkje prioritert ei krone til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2021. Det skriv Bergens Tidende.

– Det er så enkelt at eg ikkje vil stoppe prosjekt som allereie er i gong. Vi har store igangsette prosjekt som kostar mykje, nokre har og blitt langt dyrare enn vi forventa. Det å stoppe dei og starte opp att om fem år er forferdeleg dyrt, seier Hareide (KrF) til Bergens Tidende.

Han utdjupar:

– Det er lite rom for nye prosjekt. For å ikkje måtte stoppe opp prosjekt vi er i gang med, må dei som ventar på oppstart utsetjast. Dette gjeld dessverre Stad skipstunnel. Det er ikkje pengar til dette no, forklarer han til BT.

Lena Landsverk Sande (V), ordførar i Vanylven, er svært misfornøgd.

– Det er utruleg pinleg å løyve 32 milliardar til jernbane, og ikkje løyve 60 millionar til det einaste store investeringsprosjektet innan sjøtransport, seier ho til Synste Møre.

No står det på budsjetthandsaminga i Stortinget. Jon Georg Dale (Frp) har allereie vore ute og sagt at Framstegspartiet vil ta opp kampen for tunnelen i handsaminga av budsjettet.

Landsverk Sande fortel at ho har snakka med Knut Arild Hareide, som veit at det no vert misnøye i avisa. Ho har også vore i kontakt med Jon Georg Dale.

– Han var tidleg ute i dag angåande omkamp på Stortinget, og eg har sendt melding til Jon Georg om at eg heiar på han denne saka, seier ho.

No er det pengane det står på.

– Hareide sa til meg at vi ikkje må gi opp håpet. Det er pengane det står på, og det halmstrået skal vi gripe, seier Landsverk Sande.

Løftebrot

Styringsgruppa for Stad skipstunnel, er svært overraska og provosert.

– Dette er eit løftebrot på Nasjonal transportplan, seier prosjektleiar Randi Humborstad i ei pressemelding.

Vidare peiker dei på gjeldande NTP.

– Stad skipstunnel er fullfinansiert i gjeldande Nasjonal transportplan, og Stortinget har vedteke byggestart for Stad skipstunnel i denne stortingsperioden (2017-2021). Dermed er statsbudsjettet for 2021 siste moglegheit for å innfri tidligare løfte frå regjering og storting, står det i pressemeldinga.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Torsdag 29. oktober
19.00 Møte, Hakallestranda bedehus

Søndag 1. november
17.00 Kor og country, Olivinhallen, Åheim AVLYST

Torsdag 5. november
18.00 Fiskå bedehus

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget