
Innbrot på Joker Åram
(12.10) Ubedne gjester har i løpet av natta til laurdag teke seg inn i butikken på Kragset på Hakallestranda. Dei har forsynt seg grovt av mellom anna tobakk og øl.
OPPDATERING 15.10: Politetet stadfester også no at det stole to hagler i innbrotet. Haglene stod i eit våpenskap som er opna. Butikkeigar lovar ut døsør på 10.000 kroner for opplysningar som gjer at dei ansvarlege blir tekne.
– Det einaste eg har av tobakk i butikken er desse få pakkane du ser her - og dei har eg fått låne hos Spar på Fiskå, seier Oddvin Kragset og nikkar mot eit nesten tomt skåp
– For hos oss var alt tomt. Dei hadde opna skåpet og sopa alt av sigarettar og tobakk ned i handleposar. I tillegg er det forsvunne det vi hadde av smerte- og feberdempande medisinar som Paracet og Ibux, fortel Oddvin Kragset.
Dei ubedne gjesten har brote seg inn gjennom lageret på baksida av butikken. Her har dei teke med seg dei dei fann av øl på veg ut, fortel Kragset. I tillegg er ein de andre ting også borte. Det er i det heile snakk om store verdiar. Det dei har teke med er såpass omfattande at dei må ha hatt køyrety nær butikken, mener Kragset.
Innbrotet har skjedd i løpet av natta. Erlend Kragset fortel at han var ute for å låse garasjen kring klokka eitt , halv to. Då var alt i orden. Då butikkfolket kom på jobb om lag klokka åtte, oppdaga dei straks kva som hadde skjedd. I dette tidsrommet har altså innbrotet skjedd. Politiet, som var på staden tidleg laurdag føremiddag, har på Twitter bede om at folk som har sett eller høyrt noko, eller har tips på anna vis vender seg til dei i telefon 02800.