resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
brua.jpg

Kald-dusj for Rovdefjordsambandet

(15.10) Kvalitetsikringsrapporten om Rovdefjordbrua er ikkje lysteleg lesing for alle som kjempar for og vonar på realisering dette sambandet. Men styret i sambandet gir ikkje opp, og set si lit til at «politiske og vedtaksføre organ», som det heiter, legg vekt på viktige forhold som KS1 ikkje dekkjer.

Det er ei veke sidan KS1-rapporten frå konsulentselskapa Møreforsking og Marstrand låg føre, tinga av bruselskapet. Rapporten vart offentleg kjend først ved oversending til fylkeskommunen. Tysdag morgon var formannskapet i Vanylven orientert.

Rapporten si konklusjon er klar: Ingen av løysingane, korkje bergtunnel under fjorden eller flytebru/rørtunnel -slik bruselskapet har gått inn for - er sjølvfinansierande. Store rentepåslag er påplussa, framtidige trafikktal er reduserte og bompengegrensa senka i høve til det som låg i prosjektet. Det beste er, slik utgreiar ser det, å vidareføre 0-alternativet – altså framleis ferje. Denne konklusjonen meiner dei er «robust».

Men styret i sambandet gir ikkje opp:

– Ei rekkje av premissane som er lagt til grunn i KS1-rapporten frå Møreforsking og Marstrand er utydelege, og Rovdefjordsambandet vil utarbeide eit eige notat med kommentarar for vidare handsaming i Møre og Romsdal Fylkeskommune, skriv styret i sitt følgjeskriv.

I følgje styret blir det no utarbeidt dokumentasjon som kan justere inntrykk som konsulentane skaper i deler av KS1-raporten. Mellom anna blir det peika på at det såkalla 0-atrenativet - framleis ferje - ikkje er kostnadsrekna framover, trass i dei store investeringar ein veit det vil føre med seg.

Styreleiar Magne Løvoll vedgår at repporten var skuffande.

– Men her er ein heil del å ta fatt i og arbeide vidare med. Eg er optimist - og dette skal vi greie, seier Løvoll.

Vi følgjer opp saka grundig i papiravisa torsdag

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget