resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
SPANING OG GLEDE: Karane tek imot sjekken - og klemmen kjem spontant (innfelt). Frå venstre Berit Løvoll Strand, Runar Vik, Kjell Moen, Kim Tonny Røys, Tor Inge Nygård (som tek imot sjekken), Andreas Nørve, Arild Midbø og Knut Tore Sætre.
SPANING OG GLEDE: Karane tek imot sjekken - og klemmen kjem spontant (innfelt). Frå venstre Berit Løvoll Strand, Runar Vik, Kjell Moen, Kim Tonny Røys, Tor Inge Nygård (som tek imot sjekken), Andreas Nørve, Arild Midbø og Knut Tore Sætre.

Kjempegåve til fotball-hallen

(14.12) Berit Løvoll Strand har vore julenisse før. Men denne gongen var representanten for Gjensidigestiftelsen oppgradert til super-julenisse. 600.000 kroner til fotballhallen, står det sjekken ho delte ut laurdag.

– Det er den største sjekken eg har overlevert i Vanylven. og det ingen ting passar betre enn å gi denne gåva frå Gjensidigestiftelsen her og no med dugnadsfolka til stades. Det er då også den store dugnadsinnsatsen eg har argumentert med for denne søknaden, sa Berit Løvoll Strand.

Både leiar i Vanylven FK, Runar Vik, og Tor Inge Nygård, som fungerer som prosjektleiar for dette tiltaket, gav spontane klemmar til utdelaren.

– Vi hadde håpt på ei gåve - eg skal innrømme det, men dette er eventyrleg, sa Runar Vik. 
- Og det høver fint å dele det ut no når ein ser det ytre av hallen etter kvart har kome på plass, seier han og inviterte straks på eit festmåltid med sveler og kaffi inne under nylagt tak.

Karane er no i gang med innreiinga - og det var til det som skal gjerast inne, desse midlane var søkt om. I regelverket for Gjensidigestiftelsen er det slik at arbeida ikkje skal vere påbegynte før ein søkjer midlar, og «innearbeidet» er nett det som no er starta opp. Like eins skal det kjøpast mykje utstyr.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 24. januar
18.00 Bingo, Meks, Syvde

Laurdag 25. januar
15.00 Basar, Rovde forsamlingshus

Søndag 26. januar
19.00 Kveldsbøn, Hakallestranda bedehus

Tirsdag 28. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Myklebust skule
18.00 Møte, Fiskå bedehus

Onsdag 29. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Åheim skule
18.00 Møte, Fiskå bedehus

Torsdag 30. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Fiskå skule
19.00 Song og musikkmøte, Rovde forsamlingshus

Tirsdag 4. februar
12.30 Pensjonisttreff, Kjeldsund

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget