resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
VÊRFAST:Sjølv med ganske roleg og still Vanylvsfjord, hindrar grov sjø lenger ute at T/B Polartug kan gå rundt Stad med slepet sitt med 500 meter lange røyr.
VÊRFAST:Sjølv med ganske roleg og still Vanylvsfjord, hindrar grov sjø lenger ute at T/B Polartug kan gå rundt Stad med slepet sitt med 500 meter lange røyr.

Ligg vêrfast i fjorden

I fleire dagar har slepebåten Polartug venta i Vanylvsfjorden på å kome rundt Stadlandet med slepet sitt. 
– Det kan godt skje at det vert ei veke til, seier kapteinen på båten, som gjerne hadde sett eit alternativ i Stad skipstunnel.

Båten er på veg frå Mo i Rana til Notodden med eit slep med 500 meter lange røyr som skal nytytast til vass- eller kloakkleidning der. Men på vegen må ein altså rundt Stad. 
         – Det er eit trasig punkt. Det kan nok vere ille til dømes på Hustadvika og andre plassar, men rundt Staden er det jamt dårleg vêr og ofte vanskeleg, seier kapteinen.

Fredag føremiddag viser GPS-trackinga at båten har prøvd å gå rundt og kome seg til utanfor Honningsvåg på ytste Stadlandet, før han fann det var for grov sjå til å gå vidare. Hadde det vore Stad skipstunnel hadde han difor gjerne brukt denne. 
         – Så sant det ikkje var dyre bompengar, er det klart dette ville løne seg framfor å ligge og vente, så eg skulle gjerne prøvd å gå der, seier han.
Samstundes les vi i Sunnmørsposten i dag at hurtigruta Lofoten denne veka droppar anløp mellom Molde og Bergen og først i morgon, laurdag, vil vere i normal rute att.

Arbeider med smittesporing
Arbeider med smittesporing
(19.03.20) I går vart det fyrste tilfellet av covid-19 påvist i Vanylven. Kommunen stadfesta då at dei jobba med smittesporing og at dei skulle kontakte alle som hadde vore i kontakt med den smitta personen.Til Synste Møre seier kommuneoverlegen i Vanylven, Cecilie Oppedal, at dei ikkje har klart å spore smitta endå. – Personen har ikkje vore i utlandet eller ute av fylket, så vi held fortsatt på med å spore smitta, seier Oppedal. I tillegg seier ho at det er snakk om nokre titals personar som no må i karantene grunna kontakt med den smitta personen. Denne personen er no i isolasjon. Personen hadde fram til påvist smitte vore i karantene etter dei statlege retningslinene for karantene. – Den smitta personen har vore i karantene, det vil seie at personen gjekk i karantene fordi vedkomande hadde luftvegssymptom, seier kommuneoverlegen. No arbeider kommuneoverlegen med å spore smitta. Då går dei tilbake til 24 timar før personen viste symptom for å finne smittekilda. Kommunen har gått ut i ei pressemelding og sagt at det er klare retningsliner for kven dei no testar. – Det sit personale på legekontoret, som i samråd med kommuneoverlegen avgjer kven som skal testast. Det er klare føringar som ligg til grunn for kven som kvalifiserer til slik testing, då dette er ein knapp ressurs no. Vi arbeidar med å kartlegge kvar smitten kjem i frå. Alle nærkontakter er spora opp, og kommuneoverlegen og sporingsgruppa har vore i kontakt med desse, skriv kommunen i pressemeldinga. Nok smittevernutstyr Kommunen skriv også at dei har fått tak i meir smittevernutstyr. – Vi har fått på plass eit godt lager for smittevernutstyr. Vi har litt avgrensa tilgang på munnbind/maske, men har her fått bistand frå lokalt næringsliv. Det er vi svært takksame for. Om det er flere som kan bistå her, oppfordrar vi til å ta kontakt, skriv kommunen. Næringsliv Vidare skrive kommunen at dei har vore i dialog med Vanylven utvikling, slik at dei finn ut kva behov næringslivet i kommunen har. Kommunen ber folk om å melde seg – Vi arbeider mykje med kontinuitetsplanlegging, for å sikre at kommunen greier å oppretthalde kritiske funksjonar i tida som kjem. Det er forventa at smitte og karantenereglar vil påverke arbeidsstokken og medføre eit høgt fråvær. Som fylgje av permitteringar i ulike bransjar, er det mange som no er utan arbeid, og kommunen vil trenge folk som har helsefagleg bakgrunn, erfaring frå storkjøkken, eller vaskeri, skriv kommunen.
19.03.20 13:35
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

Torsdag 30. april
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

Mandag 4. mai
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på Instagram

Følg oss gjerne på Instagram ved å scanne biletet rett frå appen, eller ved å søkje opp synstemore.

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget