resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
ILLUSTRASJON: Nordwest 3D/Kystverket
ILLUSTRASJON: Nordwest 3D/Kystverket

Lovar fleirtal for skipstunnelen

Lagt til: Endra:

Tidlegare samferdselsminister og dalsfjording, Jon Georg Dale, går no ut og lovar at Framstegspartiet vil sikre fleirtal for verdas fyrste skipstunnel.

Statsbudsjettet vert lagt fram onsdag 6. oktober, og på vestlandet er spenninga knytt til skipstunnelen.

Tunnelen har vore utgreidd 21 gonger, og den 22. utgreiinga held på framleis. No lovar Dale og Frp at dei skal få skipstunnelen inn i statsbudsjettet.

– Vi forventar investeringstiltak no, det er berre å setje i gang. Spaden må i jorda, dynamittsalva må i fjellet, seier stortingsrepresentant Jon Georg Dale (Frp) til NRK.

Som kjend vil tunnelen koste nærmare tre milliardar kroner, og vere 1,7 kilometer lang.

– I budsjettforslaget komande veke kan regjeringa starte tunnelbygginga på eigen kjøl, om ikkje skal vi hjelpe dei når saka kjem til Stortinget, seier Dale til NRK.

Oppstartsløyve

Også Senterpartiet går no ut og seier at partiet vil sikre oppstartsløyve i neste års statsbudsjett. Dette seier stortingsrepresentant Jenny Klinge i ei pressemelding.

– Fylkestinget i Møre og Romsdal har prioritert Stad Skipstunnel, som det einaste store investeringsprosjektet innanfor sjøtransport og det er fullfinansiert i gjeldande NTP. Stortinget har vedteke byggestart i inneverande stortingsperiode (2017-2021). Fylkestinget føreset at dette vert gjennomført. For ferdselen langs kysten, for Vanylven kommune ikkje minst, men også for resten av Sunnmøre og for reiseliv og anna næringsliv er det avgjerande å få klarsignal for å starte, seier leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim (SP) i ei pressemelding.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Torsdag 29. oktober
19.00 Møte, Hakallestranda bedehus

Søndag 1. november
17.00 Kor og country, Olivinhallen, Åheim AVLYST

Torsdag 5. november
18.00 Fiskå bedehus

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget