resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
MYKJE FOLK  rundt salsbodene i gruindløa - og minst like mykje spreidd på andre stader på det rømslege området på Hakallegraden.
MYKJE FOLK rundt salsbodene i gruindløa - og minst like mykje spreidd på andre stader på det rømslege området på Hakallegraden.

Marknadsdagen vart folkefest

(13.4) Vi må til med fire siffer om vi skal skrive publikumstalet på marknadsdagen på Hakallestranda laurdag.

I eit strålande vårver fyltest snart den store parkeringsplassen opp og bilar stod langs vegen eit stykke innover og langt utover.

Brannbamsen Bjørnis var nok det store trekkplasteret for dei minste. Og det minte om mottakinga av ei rockestjerne då bamsen saman med brannfolk og leikarring entra scena.

Men her var og mykje anna- som lokal mannekengoppvisning, turar med traktor og brannbil, leikeapparat, dyr å sjå på og naturlegvis godt med salsboder som baud fram både eitt og hitt. I tillegg av servering av mat i fleire variantar.

Det eksakte publikumstalet var ikkje kjent då vi drog, men at det bikka 1000, var heva over tvil. Hakallestranda Utvikling AS, som er arrangør av marknadsdagen, kan opplagt notere ein av sine største suksessar sidan oppstarten. Dette blir mange gatelys i bygda, for det er det overskotet skal gå til.

Biletreportasje i papiravisa over påske.

Søt siger for Vanylven
Søt siger for Vanylven
(10.09) Det vert nok lite "Pylse og konjakk" i Åmdalen etter at Vanlven FK revansjerte bortetapet med 6-0 på heimebane i kveld. Det  var ein kamp det var sett fram i mot med forventing, der ein ville revansjere det bitre 2-1 tapet i Åmdalen i vårmøtet. Publikum var også møtte fram i godt tal, og den første halvtimen låg det ei spent stemning over Eidsåvoll, sjølv om Torgeir Halsen sette inn 1-0 etter rundt ti minutt.
- Nei, eg kjenner meg slett ikkje heilt trygg, sa Jon Bellen på spent tilskuarplass då vi veksla nokre ord tett før det 30. minutt.  Kampbiletet hadde til då også vore litt rotete, trass i eit vistt Vanylven-overtak. Men kort etter ordvekslinga kunne Stian Bellen roe både eit bestefarshjerte og andre på tribuna og rundt bana, då han ekspederte eit innlegg frå venstresida i mål bak Åmdal sin keeper til 2-0.  Og noko seinare losna det skikkeleg for heimelaget, som i løpet av to minutt sette inn tre skåringar til 5-0. Stian Bellen ordna to av desse og Mads Hovden sette inn 5-0 på ei fin heading. 
-Ditte e flaut, utbarut ein oppgitt Åmdal-keeper. I andre omgang datt Vanylven litt nedpå, og skifte også mange spelarar, slik at det vart med 6-0 skåringa etter 63 minutt. Den var til gjengjeld kanskje kampen si flottaste, med ei strålande forsering av Simen Bellen langs høgrekanten og innlegg som Mads Hovden formidla vidare i nota.  Vanylven har med dette sikra seg ei leiing på tre poneg ned til Åmdal, og no ventar det som kan verte ein ny nøkkelkamp mot Vartdal borte. 
10.09.19 20:52
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Fire nye år med Lena
Fire nye år med Lena
Ein populær ordførar drog partiet sitt med til kopiering av mandattalet frå 2015. Og ikkje nok med det det: No er Venstre kommunen sitt desidert største parti. På valvaka på rådhuset i Vanylven møtte vi ingen som tvilte på kva ordføraren vil heite dei komande fire åra.Rett nok har Senterpartiet like mange mandat. Dei også kunne notere seg for  framgang - men avstanden er, i følgje dei førebelse tala i kveld, på over 3,7 prosentpoeng fram til Venstre.  Interessant er det også at nykomaren Helsepartiet fekk 11,5 prosent og to mandat, like mange som KrF og er eit par tidel større etter dei førebelse tala.  Arbeidarpartiet vart de store taparen også i Vanylven, slik det ser ut til å skje i store deler av landet. Partiet tapte to mandat og enda på tre, 0,7 prosent bak Senterpartiet. Høgre gjekk også tilbake, men berga sine tre mandat med 12, 9 prosent. Det gjeld det same for Framstegspartiet som fekk 12, 1. I papiravisa torsdag tek vi mål av oss til å presentere det nye kommunestyret og fleire detaljar om røystetal og valet elles.
09.09.19 21:32
Førebels valresultat i kveld
Førebels valresultat i kveld
(09.09)Kommunevalet er i gang kring om i alle dei sju valkrinsane i Vanylven. Høge tal på førehandsstemmer kan vonleg tolkast på god valdeltaking. Følg med på nettsidene våre ut over kveldenDei førebelse røystetala for dei ulike partia vil vere klar i kveld, venteleg kring klokka 21-22. Men vi får ikkje vite kva personar som har kome inn frå dei ulike listene før tysdag. Det må Valdirektoratet og Posten Norge dele skulda for. Det er nemleg slik at alle har rett til å førehandsrøyste heilt til og med fredag. Sidan det no ikkje er postgang laurdagane, vil røyster som er avgjevne så seint andre stader i landet, først kome fram til «heimekommunen» tysdag. Desse få røystene blir så blanda med nokre røyster ein har lagt til sides uopna og utalde, for at anonymiteten skal ivaretakast. Først når desse røystene er med, blir valresultatet fullstendig. Og det vil altså skje tysdag. – Vi vil køyre kandidatkåringa når vi har valresultatet komplett. Det vil seie tysdag, seier Kåre Kvangarsnes, som er den i kommuneadministrasjonen som har valet som hovudarbeidsområde desse dagane. Vel 500 førehandsrøyster Før helga stogga ein på knapt 500 førehandsrøyster. Dette er meir enn 100 fleire enn for fire år sidan, men godt under stortingsvalet. Det er også normalt med høgare valdeltaking ved stortingsvale enn kommuneval. Det er likevel å håpe at det høve talet på førehandsrøyster og ein relativt aktiv valkamp frå partia si sida, skal gi god valdeltaking. Sist var deltakinga i Vanylven på kring 63 prosent.  
09.09.19 11:34
Venstre vann skulevalet lokalt
Venstre vann skulevalet lokalt
(5.9) Ordførar Lena Landsverk Sande (V) kan smile nøgd etter resultatet av skulevalet ved avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven. Venstre fekk 13 av 23 røyster – og er desidert størst, med Miljøpartiet De Grønne (MDG) på ein like klar andreplass.Dei to partia fekk høvesvis 56,5 og 30,4 prosent av røystene ved skulevalet for avdelinga i Syvde. KRF, FrP og Helsepartiet fekk ei røyst kvar. Dei andre fekk ingenting Ser vi på resultatet for Møre og Romsdal, er situasjonen ein litt annan. Arbeidarpartiet er her klart størst med 23,5 prosent av røystene. FrP og Venstre er nesten jamstore med høvesvis 13,7 og 13,1 prosent på dei to neste plassane.
05.09.19 13:24
Nykomar er spent på valresultatet
Nykomar er spent på valresultatet
(5.9)– Vi er veldig spente på valresultatet i Vanylven, seier Lise Askvik - leiar i Helsepartiet på landsplan. Torsdag var ho i Vanylven. Partiet stiller lister i elleve kommunar på landsplan. Vanylven er den einaste i Møre og Romsdal.  Askvik har ekstra store forventningar nettopp til Vanylven, med ein røynd politikar på topp, seier ho. Men trur også at dei får inn folk i halvparten av kommunane der dei stiller liste. Torsdag var ho altså, som den førebels siste av rikspolitikarar, på lokal vitjing med kort besøk på Combisenteret på Fiskå, den vidaregaånde skulen i Syvde og Tynnaknuten på Syvdsneset. Med på turen var også førstekandidat på fylkeslista, Bente Åkre Rogne, og fylkessekretær Turid Helgesen.
05.09.19 10:45
Vanylven tukta Sæbø
Vanylven tukta Sæbø
(05.09) Vanylven FK gjorde jobben og tok det som vert kalla ein slitesiger på Sæbø i går med 2-5. No ser ein fram til revansje mot Åmdal komande tysdag, ein kamp som vil vere avgjerande i opprykksduellen.
05.09.19 10:22
Ny paneldebatt i kveld
Ny paneldebatt i kveld
(03.09) Ikkje før har Vanylven kommunestyre gjort seg ferdige med møte i Fellesstova på Helse- og omsorgssenteret, før lokalet igjen fyllest av politikk og valprat i radio-overført panelordskifte.
OPPDATERING: Debatten kan du sjå og høyre her.Det er Bygderadio Vest som byr inn til debatt i kveld - tysdag. Partiet sine ordførarkandidatar stiller - og det gjer nok også ein heil del publikum. Sendinga varer i to timar og kan høyrast på bygderadioen sitt FM-band eller på nettradio (gå inn på sida bygderadiovest.no). Den skal også bli streama - altså bildeoverført - direkte. For å sjå det må ein søkje opp bygderadio vest (her skrive i to ord) på youtube.no og så finne fram debatten i Vanylven der. Synste Møre er sidearrangør til ordskiftet - og utspørjar/detattleiar i kveld er Vidar Parr. Det er lagt opp til at det kan stillast korte spørsmål frå salen i siste delen av sendinga.
03.09.19 12:44
Gjerdsvika stod i mot i starten
Gjerdsvika stod i mot i starten
(30.08) Det var aldri tvil om sigeren, berre om kor stor han skulle verte, då Vanylven fredag slo Gjerdsvika/ Larsnes/Gursken2 med 13-1.  Etter 15 minutt stod det "berre" 1-0 etter skåring av Anders Midtbø og bortelaget hadde forsvart seg bra, men då Torgeir Halsen sette inn 2-0, rakna det midt i første omgang for gjestane frå Sande. Ei  stund kom nettkjenningane like tett som regnbygene, slik at det eit kvarter seinare stod 6-0. Og Vanylven gav seg ikkje med det, og til pause var leiinga komfortable 8-0.  Det gjorde at trenarteamet i andre omgang skifta halve laget. Rett nok vart det på tribuna vitsa om at ein skifta ut angrepet fordi ein ikkje var nøgd med innsatsen, men med full kontroll kunne nokre som skulle reise få ta ei tidlegare ferje og andre få prøve seg. Utskiftingane gjorde at ein miste ein del struktur i spelet. Likevel vann ein også denne omgangen 5-1 og fekk ein grei trepoengar i boks. Kristoffer Thue Stranden og Uchin Cho vart toppskårarar med tre mål kvar, og særleg var Thue Stranden sitt langskot til 7-0 av det fine slaget.
30.08.19 21:36
Skule og beredskap fengde mest
Skule og beredskap fengde mest
Den første lokale «partileiardebatten» på Fiskå ungdomshus onsdag samla godt med folk. I drygt to og ein halv time styrte debattleiar Andreas Nørve innom fleire område, men starta med skule - som for mange verka å vere sentralt denne  gongen.Det var Fiskå Bygdeutvikling som stod som arrangør av møtet. Partia stilte med sine ordførarkandidatar - med unntak av Senterpartiet som denne gongen hadde tredjekandidaten på podiet. Det var brei semje mellom lokalpolitikarane i dei fleste spørsmål, men under overflata anar vi likevel at det kan bli tøffe rundar om prioriteringar i ordskifta også neste periode. Skule var første tema. Alle såg behovet for eit nybygg ved Fiskå skule. Så langt vi oppfatta, sa også nesten alle ja til at dette skulle vere ein 1-7.skule, og at slike skulle det framleis vere i alle dei tre bygdene som har det no. Unnataket her var Venstre, der Lena Landsverk Sande viste til at ein no skulle utarbeide ein skulebruksplan som skulle ut på grundig høyring, og at ein ikkje burde binde seg bastant no til kva slags bygg som skulle reisast - og kor mange klassetrinn det skal hyse. Ein viss divergens var det også om tidspunkt for byggesstart og kor vidt dette var ei «ny» sak, eller ei sluttføring av byggesteget som alt eigentleg skulle skje i 2011. Ein var også innom spørsmålet om ein eller to ungdomsskular. Her var Idar Brekke (H) klarast, Han meinte at tida no var komen til å få ein, men hadde ikkje bastante meiningar om kvar den eventuelt skulle ligge.  Dei fleste andre varierte frå KrF som sa at elevtalet no nærmar seg grensa som ligg i formuleringa «når elevtalet tilseier det», via Ap, Sp  og Venstre som, slik vi oppfatta det, ville vente på skulebrukshøyringa, til FrP og Helsepartiet som alt no sa at dei ikkje ville endre noko i komande periode. Helsepartiet rett nok med atterhald om at dersom kom fram eit ønskje om det frå brukarane ved Åheim skule, ville dei gå for det. Ein var som sagt innom mange emne. Mest futt vart det då Trond Fiskaa, veteran i brann- og redningstenesta, frå salen tok opp spørsmålet om manglande midlar til opplæring av og utstyr for nye brannfolk. Han teikna eit dystert bilete av situasjonen og karakteriserte den som uforsvarleg. Politikarane som hadde ordet, lova å ta tak i problemt. Helse og omsorg vart også av dei fleste som hadde ordet framsett som eit prioritert område. Frå fleire hald vart det streka under at at ei ny tid krev nytenking på dette området.  Elles oppstod ei litt artig episode avslutningsvis; Under emnet næringsutvikling vart det sagt at store ting var i vente, men at dei var hindra i å seie så mykje om det. Dei av publikum som nådde heim til kveldsendinga frå NRK Møre og Romsdal, fekk imidlertid «hemmelegheita» servert der.
29.08.19 09:24
Varetektsfengsla etter politiaksjon på Fiskå
Varetektsfengsla etter politiaksjon på Fiskå
(23.08 OPPDATERING) I samband med at det rundt 13.30 onsdag oppstod ein situasjon ved eit offentleg kontor på Fiskå, gjennomførte politiet ein aksjon i Fiskå sentrum. Mannen er no vedteken vartekstfengsla i Sunnmøre tingrett.Etter at ein person hadde oppført seg trugande og kome med trugsmål mot kommunalt tilsette, forlet personen området. Vedkomande hadde ikkje noko form for våpen då trugsmåla vart framsette, men ein såg situasjonen som så alvorleg at ein tilkalla politi. Omsorgssenter, kontoravdelinga på den tidlegare sjukeheimen og rådhuset vart etter dette stengde, og politiet søkte etter ein person i området.  Litt før klokka 14 vart det meldt om at personen no var gripen utan dramatikk og at situasjonen var avklara. Vedkomande vart teken med til Ålesund for avhør mv. OPPDATERING: Det er, ifølgje dokumenta frå retten skjelleg grunn til å mistenke mannen, som er utanlandsk statsborgar og der opphaldløyvet her i landet no har gått ut, for å ville utføre ei alvorleg straffbar handling. I politiavhøyr har han vedgått å ha sagt til den fornærma at han skulle ta livet av henne.  Retten har vedteke at mannen kan haldast varetekstfengsla fram til 6. spetember. Det kan sjå ut som ein innan den tid kan halde såkalla hovudforhandling i retten. Den sikta anka rettsavgjerda til lagmannsretten. Vi viser elles til papiravisa torsdag.
21.08.19 13:34
Så er det på ´an igjen
Så er det på ´an igjen
(12.08) Historia er den same som tallause gonger før: To store bilar møtest på veg mellom Tunheim og Sylte, og den eine enda  i grøfta. Tysdag ettermiddag skjedde det igjen.Denne gongen er vi i bakken oppover mot høgda på Tunheim. Den utanlandske bilen, som er på veg til Syvde for å laste fisk, har berre tom embalasje i lasta. I følgje den røynde sjåføren som har køyrt her mange gonger før, møtte han ein stor lastebil, sette godt ned farta og køyrde ut på sida for å gi plass. Og så sig bilen utfor asfaltkanten, ned i grøfta og der står han blegg fast.
– Eg håper berre at ingen ting er øydelagt, og at eg kan køyre vidare, seier sjåføren. Slepebil var ventande i løpet av ein halvtime då vi var der kring klokka 14.30 - og det kan kanskje påreknast at det blir problem å kome forbi den stunda det tar å få bilen på vegen att. Vi, på vår side, kan legge eit nytt bilete til den etter kvart fyldige mappa som viser lastebilar i grøfta på denne vegstrekninga. Og tjukkare kunne mappa ha vore. Spor i grøftene tyder på at det også i sommar har vore bilar utanfor vegen, utan at vi veit noko om kor alvorleg dette har vore - og om bilane har kome på vegen sjølv eller hatt hjelp.
13.08.19 14:39
Sommarmagasinet vårt les du her
Sommarmagasinet vårt les du her
25.06.19 08:54
VFK leika seg mot Flø
VFK leika seg mot Flø
(19.06) Vanylven FK kan ta sommarferie på tabelltoppen etter 9-1 over Flø på heimebane onsdag kveld. Vanylven dominerte kampen nesten frå start til slutt, sjølv i fråvere av tre av dei normalt faste i førsteellevaren, Stian Bellen, Torgeir Halsen og Uchin Cho. Når vi skriv nesten, er det fordi Flø også fekk inn ei skåring. På stillinga 4-0 kom ei litt dårleg pasning bakover og Vegard Krokevik hekta litt i grasmatta då han skulle avklare. Det utnytta Flø, og overlista ein til då mest gjerandelaus keeper Ådne Seljeset. Men elles var Vanylven overlegne. Så overlegne at trenar Ole Per Kragset det siste kvarteret valde å setje innpå seg sjølv. Og den gamle måltjuven fornekta seg ikkje, men sette inn to mål og pynta på sluttresultatet til stor jubel på Eidsåvoll.
Før haustsesongen leiar Vanylven no tabellen med betre målskilnad enn Åmdal og tre poeng føre Vartdal, som kan verte ei like hard not å knekke før rekninga skal gjerast opp.
19.06.19 21:30
Kystverket meiner dei kan bygge tunnelen innanfor vedteken ramme
Kystverket meiner dei kan bygge tunnelen innanfor vedteken ramme
(17.6) Kystverket held fast på at dei kan bygge Stad skipstunnel innanfor den ramma som er fastsett i Nasjonal Transportplan (NTP) om ein prisjusterer det til 2018-kroner. Det skriv styringsgruppa for Stad skipstunnel i ei pressemelding i dag.I følgje pressemeldinga har Kystverket gått grundig gjennom prosjektet og gjennomført reduksjonar som gjer at dei meiner tunnelen kan byggast for knapt 2,9 millardar 2018-kroner, noko som faktisk er ein reduksjon i høve til tala i NTP om ein prisjusterer det som der vart lagt inn. Kystverket har også funne å kunne auke samfunnsnytten med om lag ein milliard kroner. Dei har lagt fram ein framdriftsplan som går inn for byggestart i 2021 og tunnleopning i 2025. Styringsgruppa, som nett har hatt ein møte med samferdselsministeren, er sjølvsagt svært godt nøgd med rapporten som er lagt fram. Meir i papiravisa torsdag.
17.06.19 17:43
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Laurdag 21. september
18.00 Hold mitt hjerte, konsert, Fosnavåg konserthus
21.00 Gla´dansen, Syltefjord

Søndag 22. september
11.00 Møte, Sion Åheim
19.00 Hilde Louise Asbjørnsen, Fosnavåg konserthus

Mandag 23. september
18.00 Folkemøte om klima, Breidablikk, Larsnes

Onsdag 25. september
15.00 Pensjonisttreff, Lauvstad

Torsdag 26. september
16.00 Strikkekafé, Biblioteket, Syvde
19.00 Song og musikkmøte, Rovde forsamlingshus

Laurdag 28. september
11.30 Vassend-rittet, Åheim
20.00 Tribute to Kim Larsen, Fosnavåg konserthus

Søndag 29. september
13.00 Fårikålmiddag, Syvde samf.hus

Onsdag 2. oktober
Hans og Grete, Opera Nordfjord

Torsdag 3. oktober
19.30 Maria H Mittet og Lars Bremnes, Fosnavåg konserthus
Hans og Grete, Opera Nordfjord

Laurdag 5. oktober
Hans og Grete, Opera Nordfjord
20.00 Krabbe- og rekefest, Hakallestrandhus

Søndag 6. oktober
Hans og Grete, Opera Nordfjord

Tirsdag 8. oktober
Hans og Grete, Opera Nordfjord

Onsdag 9. oktober
Julemesse, Combisenteret
Hans og Grete, Opera Nordfjord

Fredag 11. oktober
Hans og Grete, Opera Nordfjord

Laurdag 12. oktober
Hans og Grete, Opera Nordfjord

Torsdag 17. oktober
19.30 Emilie Nicolas, Fosnavåg konserthus

Laurdag 2. november
19.00 Sigvart Dagsland og Bjørn Eidsvåg, Fosnavåg konserthus

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget