
Mobil, fart og manglande førarkort
(17.10) UP frå Vest politidstrikt hadde kontroll i 60-sona på fylkesveg 61 ved Eidså torsdag. Ein person vart anmeldt for å køyre utan gyldig førarkort.
Elles vart det skrive ut seks forenkla førelegg for høg fart - og største summen, vil vi tru, måtte den bilføraren som hadde 79 km/t ut med. Det var det høgste som vart målt. To bilførarar fekk forelegg for prating i mobiltelefon, medan ein altså vart anmeldt for å køyre utan godkjent førarkort.