
Nye vassproblem i Syvde
(24.08) Eit jordskred i Røfsdalen gav i går mold i vassinntaket til Syvde Vassverk og gjorde at vatnet måtte stengast frå klokka 13. Ein skal no ha fått reinska opp inntaket og skifta om til eit anna inntak, men rår framleis til varsemd med å koke vatn som skal drikkast.
Leiar i Syvde Vassverk, Ivar Arnesen, fortel at han fekk melding frå verksemda Hofseth AS om brunt og misfarga vatn i 12- tida i går. Det viste seg at eit jordskred hadde fyllt inntaket ved elva Helgåa og førte jord ut i leidningsnettet. Etter ein intens jobb med opprydding og vasking, kopla ein om til eit reserveinntak frå sjølve Røfsdalselva i staden for Helgåa, og ein har i dag også arbeidd med å få spylt i sjølve leidningsnettet gjennom to uttak for dette ved sjøen.
Jordinnsiget og det misfarga vatnet førte til store vanskar for mellom anna Hofseth AS si verksemd, der dei måtte stenge produksjonen og sende dei tilsette heim til ein kunne starte den store jobben med å få vaska og reinsa lokale og produksjonsutstyr. I dag skal produksjonen gå som normalt att. Også ved institiusjonar som Syvdetun og skulen gav stenginga av vatnet særlege vanskar, og dei vart ekstra prioriterte med omsyn til å skaffe reint vatn så raskt som råd.
Arnesen kallar jordskredet ei uføresett hending i samband med mykje nedbør og aktiviteten i området. Han viser som tidlegare også til planane om nytt og betre inntak med betre reinsing når arbeidet med kraftverka vert avslutta. Reaksjonane hos mange på nett, telefon og anna viser likevel ei sterk grad av misnøye etter alle problema som har vore. Også tidlegare i sommar har det vore eit par tilfelle av meldingar om at vatnet bør kokast. Diskusjonen om kommunal overtaking og eventuell påkopling til kommunalt vatn veks seg såleis stadig sterkare, og det vil nok også kome ein politisk diskusjon om i kva grad ein kan vere trygg for at situasjonen snart betrar seg og dei som bur i bygda er sikra godt vatn til ei kvar tid.