resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
LEIAR i Helsepartiet, Lise Askvik, helsar på tidlegare ordførar Jan Helgøy på Combisenteret - og får smake av tomatane han har i posen. Til høgre Nils Olav Moen, som er partiet sin førstekandidat i Vanylven.
LEIAR i Helsepartiet, Lise Askvik, helsar på tidlegare ordførar Jan Helgøy på Combisenteret - og får smake av tomatane han har i posen. Til høgre Nils Olav Moen, som er partiet sin førstekandidat i Vanylven.

Nykomar er spent på valresultatet

(5.9)– Vi er veldig spente på valresultatet i Vanylven, seier Lise Askvik - leiar i Helsepartiet på landsplan. Torsdag var ho i Vanylven.

 Partiet stiller lister i elleve kommunar på landsplan. Vanylven er den einaste i Møre og Romsdal.  Askvik har ekstra store forventningar nettopp til Vanylven, med ein røynd politikar på topp, seier ho. Men trur også at dei får inn folk i halvparten av kommunane der dei stiller liste.

Torsdag var ho altså, som den førebels siste av rikspolitikarar, på lokal vitjing med kort besøk på Combisenteret på Fiskå, den vidaregaånde skulen i Syvde og Tynnaknuten på Syvdsneset. Med på turen var også førstekandidat på fylkeslista, Bente Åkre Rogne, og fylkessekretær Turid Helgesen.

Skuffa over manglande midlar til skipstunnelen
Skuffa over manglande midlar til skipstunnelen
Tre linjer og ikkje ei krone om Stad skipstunnel i statsbudsjettet.
- Eg er skuffa, men løpet er ikkje køyrt, seier Svein Gjelseth. Også tunnelforkjempar Jan Helgøy er vonbroten over at det heller ikkje denne gongen ligg inne midlar i budsjettet til grunnkjøp og førebuande arbeid for Stad skipstunnel.
            - Eg trudde tida for trenering var over no, seier Helgøy. Også styringsgruppa for skipstunnelen gir uttrykk for at dei er skuffa.
            - Et samlet næringsliv på kysten er meget skuffet over at det ikke ligger inne oppstartmidler til Stad skipstunnel på neste års statsbudsjett. Vi hadde store forventninger til at regjeringen ville gi det endelige klarsignalet til bygging av Stad skipstunnel etter at Kystverket fikk ned kostnadene i prosjektet. Vi trodde også at regjeringen ville følge opp Nasjonal transportplan (NTP) (2018-2029) som de vedtok i 2017. Vi ble også styrket i troen da samferdselsminister Jon Georg Dale i valgkampen lovet at han ville innfri valgløftet sitt om å jobbe for realisering av Stad skipstunnel, heiter det innleiingsvis i ei pressemelding signert både av styringsgruppe-leiar Rolf Domstein, ordførarar i Vanylven, Selje og vågsøy i tillegg til fleire sentrale representantar for organisasjonar i Kyst-Norge. I pressemeldinga blir det peika på dei sentrale gevinstane Stad skipstunnel vil ha - mellom anna på miljøsida og for reiselivet og at tida no er inne for å gjere ord til handling.
           – Eg må nok og seie at eg er skuffa. Men det er ikkje håplaust. No må vi verkeleg stå på vidare for å synleggjere for politikarane dei positive følgjene tunnelen vil få og som vi no har god dokumentasjon på, seier Svein Gjelseth - medlem i styringsgruppa. Han meiner det er viktig at Stortinget får saka framlagt i haust, og helst bør det setjast av midlar i dette budsjettet før det blir banka i Stortinget.
07.10.19 10:41
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Tek vatnet på store deler av Fiskå sentrum torsdag
Tek vatnet på store deler av Fiskå sentrum torsdag
(01.10) Manglande mulegheiter til å stenge av avgrensa område som gjer at kommunen torsdag må stenge av vatnet i store deler av Fiskå sentrum heile dagen for å få skifta ein kum.Helge Kleppe i Vanylven kommune stadfester at grunnen til at eit såpass stort område må stengast av, skuldast at det i leidningssystemet er for få ventilar. – Den kummen vi skal skifte ligg i eit kryss, og vi vil syte for at det blir montert ventilar slik at ein for ettertida kan stengje av mindre område om det skulle bli naudsynt, seier Kleppe. Når det gjeld årsaka til at ein skal skifte kummen, peikar Kleppe på fleire forhold: Mellom anna skal det monterast eit målesystem som gjer at ein kan sjå «kvar vatnet blir av», noko som mellom anna kan vere nyttig å vite ved feilsøking. Vidare skal kummen som blir sett ned sikrast slik det er krav om i nye forskrifter, seier Kleppe. OPPDATERING: Det vart onsdag lagt ut brannslanger med vatn til Rådhuset/Combibygget for å sikre at lækjarkontoret har vatn. Kommunen legg opp til varsling av abonnentar  i tillegg til annonse. OPPDATERING: I første versjonen av denne saka stod det at kommunen skulle varsle ved sms. Dette syner seg å bero på ei mistyding.
01.10.19 13:50
Beate treng lokal støtte i kveld
Beate treng lokal støtte i kveld
(21.09)Stjernekamp spissar seg til. Denne laurdagen er det hiphop som er sjangeren.
– Det er ikkje nok å heie, stem på meg! seier Beate Slettevold Lech i eit intervju med lokalavisa Møre i Volda denne veka.Beate Slettevold Lech er oppvaksen i Volda, men har solide Vanylvs-røter med mor frå Rovde og godt med slekt her. Ho har også vore der med lokal konsert. Stjernekamp på NRK 1 er no komne midtvegs og sju artistar står att. Det heile kvesser seg altså kraftig til. Det er ikkje nok å skåre godord frå dommarane, her må også folkejuryen vinnast. – Dette går ikkje utan hjelp frå dei som stemmer, seier Beate i intervjuet med Møre – og då veit også vanylvingane kva dei har å gjere, vil vi tru.
21.09.19 17:03
Vanylven FK nesten i mål
Vanylven FK nesten i mål
(19.09) Om ikkje Vanylven tar ein "Heidi Weng" på slutten, er opprykk til 5. divisjon nærast sikra etter 4-8 borte mot Vartdal i går.  Sjølv med eit par av dei faste spelarane borte var det klasseskilnad på dei to laga på Vartdal onsdag kveld. Etter første omgang leia Vanylven 1-7, og som ein plar gjere, skifte ein då mykje på laget i andre omgang og let alle i troppen få speletid. Desse rokeringane gjer at ein mister struktur. Vartdal fekk kome med i kampen og vann denne omgangen 3-1. Dermed 4-8 til Vanylven, etter to skåringar av Uchin Cho, Kristoffer Thue Stranden og Mads Hovden, ei skåring kvar av Anders Midtbø og Sondre Ersvåg. Sidan heimekampen mot Bergsøy 2, som skulle gått søndag, er utsett, er det no uvisst kva som vert neste kamp for Vanylven. Truleg vert denne kampen spelt helga etter, 28. - 29. september, og vert eit nytt avgjerande steg mot målet. Men alt onsdag kan ting ha hendt som har stor betydning i opprykksstriden. Åmdal møter då Sæbø borte, og om dei avgir poeng her, vil det vere til stor fordel for VFK. Vi tippar difor det vil vere fleire rundt i Vanylven som følgjer denne kampen med spenning.
19.09.19 10:58
Søt siger for Vanylven
Søt siger for Vanylven
(10.09) Det vert nok lite "Pylse og konjakk" i Åmdalen etter at Vanlven FK revansjerte bortetapet med 6-0 på heimebane i kveld. Det  var ein kamp det var sett fram i mot med forventing, der ein ville revansjere det bitre 2-1 tapet i Åmdalen i vårmøtet. Publikum var også møtte fram i godt tal, og den første halvtimen låg det ei spent stemning over Eidsåvoll, sjølv om Torgeir Halsen sette inn 1-0 etter rundt ti minutt.
- Nei, eg kjenner meg slett ikkje heilt trygg, sa Jon Bellen på spent tilskuarplass då vi veksla nokre ord tett før det 30. minutt.  Kampbiletet hadde til då også vore litt rotete, trass i eit vistt Vanylven-overtak. Men kort etter ordvekslinga kunne Stian Bellen roe både eit bestefarshjerte og andre på tribuna og rundt bana, då han ekspederte eit innlegg frå venstresida i mål bak Åmdal sin keeper til 2-0.  Og noko seinare losna det skikkeleg for heimelaget, som i løpet av to minutt sette inn tre skåringar til 5-0. Stian Bellen ordna to av desse og Mads Hovden sette inn 5-0 på ei fin heading. 
-Ditte e flaut, utbarut ein oppgitt Åmdal-keeper. I andre omgang datt Vanylven litt nedpå, og skifte også mange spelarar, slik at det vart med 6-0 skåringa etter 63 minutt. Den var til gjengjeld kanskje kampen si flottaste, med ei strålande forsering av Simen Bellen langs høgrekanten og innlegg som Mads Hovden formidla vidare i nota.  Vanylven har med dette sikra seg ei leiing på tre poneg ned til Åmdal, og no ventar det som kan verte ein ny nøkkelkamp mot Vartdal borte. 
10.09.19 20:52
Bokekspedisjonen til Fiskå i morgon
Bokekspedisjonen til Fiskå i morgon
(Tysdag 10.09) I programserien Bokekspedisjonen er NRK no komne til Vanylven. Programleiar Pia Rivelsrud skal intervjue Maria Parr på ei scene på uteområdet nedanfor Coop på Fiskå. Folk som ønskjer å vere publikum under opptaket klokka 12.00, er hjarteleg velkomne, seier dei.Programkonseptet, der redaksjonen køyrer rundt i landet og vitjar forfattarar på heimstaden sin, skal ha opptak for sending nedanfor Coop på Fiskå. Ei skuleklasse frå Åheim er invitert, der ein elev også skal lese. Det er også folk som skal stille spørsmål og professor Jan Inge Sørbø som skal fortelje om ein forfattar som har røter frå Vanylven, og der ein kan sjå heimstaden frå opptaksstaden. Folk er altså inviterte til å bli med som publikum. – Møt fram i god tid, seier teamet frå NRK, som gjerne ser at det er ein del folk til stades. Programmet skal sendast neste torsdag på NRK2. Programmet går også på NRK TV som nett-streaming.
10.09.19 13:56
Fire nye år med Lena
Fire nye år med Lena
Ein populær ordførar drog partiet sitt med til kopiering av mandattalet frå 2015. Og ikkje nok med det det: No er Venstre kommunen sitt desidert største parti. På valvaka på rådhuset i Vanylven møtte vi ingen som tvilte på kva ordføraren vil heite dei komande fire åra.Rett nok har Senterpartiet like mange mandat. Dei også kunne notere seg for  framgang - men avstanden er, i følgje dei førebelse tala i kveld, på over 3,7 prosentpoeng fram til Venstre.  Interessant er det også at nykomaren Helsepartiet fekk 11,5 prosent og to mandat, like mange som KrF og er eit par tidel større etter dei førebelse tala.  Arbeidarpartiet vart de store taparen også i Vanylven, slik det ser ut til å skje i store deler av landet. Partiet tapte to mandat og enda på tre, 0,7 prosent bak Senterpartiet. Høgre gjekk også tilbake, men berga sine tre mandat med 12, 9 prosent. Det gjeld det same for Framstegspartiet som fekk 12, 1. I papiravisa torsdag tek vi mål av oss til å presentere det nye kommunestyret og fleire detaljar om røystetal og valet elles.
09.09.19 21:32
Førebels valresultat i kveld
Førebels valresultat i kveld
(09.09)Kommunevalet er i gang kring om i alle dei sju valkrinsane i Vanylven. Høge tal på førehandsstemmer kan vonleg tolkast på god valdeltaking. Følg med på nettsidene våre ut over kveldenDei førebelse røystetala for dei ulike partia vil vere klar i kveld, venteleg kring klokka 21-22. Men vi får ikkje vite kva personar som har kome inn frå dei ulike listene før tysdag. Det må Valdirektoratet og Posten Norge dele skulda for. Det er nemleg slik at alle har rett til å førehandsrøyste heilt til og med fredag. Sidan det no ikkje er postgang laurdagane, vil røyster som er avgjevne så seint andre stader i landet, først kome fram til «heimekommunen» tysdag. Desse få røystene blir så blanda med nokre røyster ein har lagt til sides uopna og utalde, for at anonymiteten skal ivaretakast. Først når desse røystene er med, blir valresultatet fullstendig. Og det vil altså skje tysdag. – Vi vil køyre kandidatkåringa når vi har valresultatet komplett. Det vil seie tysdag, seier Kåre Kvangarsnes, som er den i kommuneadministrasjonen som har valet som hovudarbeidsområde desse dagane. Vel 500 førehandsrøyster Før helga stogga ein på knapt 500 førehandsrøyster. Dette er meir enn 100 fleire enn for fire år sidan, men godt under stortingsvalet. Det er også normalt med høgare valdeltaking ved stortingsvale enn kommuneval. Det er likevel å håpe at det høve talet på førehandsrøyster og ein relativt aktiv valkamp frå partia si sida, skal gi god valdeltaking. Sist var deltakinga i Vanylven på kring 63 prosent.  
09.09.19 11:34
Venstre vann skulevalet lokalt
Venstre vann skulevalet lokalt
(5.9) Ordførar Lena Landsverk Sande (V) kan smile nøgd etter resultatet av skulevalet ved avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven. Venstre fekk 13 av 23 røyster – og er desidert størst, med Miljøpartiet De Grønne (MDG) på ein like klar andreplass.Dei to partia fekk høvesvis 56,5 og 30,4 prosent av røystene ved skulevalet for avdelinga i Syvde. KRF, FrP og Helsepartiet fekk ei røyst kvar. Dei andre fekk ingenting Ser vi på resultatet for Møre og Romsdal, er situasjonen ein litt annan. Arbeidarpartiet er her klart størst med 23,5 prosent av røystene. FrP og Venstre er nesten jamstore med høvesvis 13,7 og 13,1 prosent på dei to neste plassane.
05.09.19 13:24
Nykomar er spent på valresultatet
Nykomar er spent på valresultatet
(5.9)– Vi er veldig spente på valresultatet i Vanylven, seier Lise Askvik - leiar i Helsepartiet på landsplan. Torsdag var ho i Vanylven. Partiet stiller lister i elleve kommunar på landsplan. Vanylven er den einaste i Møre og Romsdal.  Askvik har ekstra store forventningar nettopp til Vanylven, med ein røynd politikar på topp, seier ho. Men trur også at dei får inn folk i halvparten av kommunane der dei stiller liste. Torsdag var ho altså, som den førebels siste av rikspolitikarar, på lokal vitjing med kort besøk på Combisenteret på Fiskå, den vidaregaånde skulen i Syvde og Tynnaknuten på Syvdsneset. Med på turen var også førstekandidat på fylkeslista, Bente Åkre Rogne, og fylkessekretær Turid Helgesen.
05.09.19 10:45
Vanylven tukta Sæbø
Vanylven tukta Sæbø
(05.09) Vanylven FK gjorde jobben og tok det som vert kalla ein slitesiger på Sæbø i går med 2-5. No ser ein fram til revansje mot Åmdal komande tysdag, ein kamp som vil vere avgjerande i opprykksduellen.
05.09.19 10:22
Ny paneldebatt i kveld
Ny paneldebatt i kveld
(03.09) Ikkje før har Vanylven kommunestyre gjort seg ferdige med møte i Fellesstova på Helse- og omsorgssenteret, før lokalet igjen fyllest av politikk og valprat i radio-overført panelordskifte.
OPPDATERING: Debatten kan du sjå og høyre her.Det er Bygderadio Vest som byr inn til debatt i kveld - tysdag. Partiet sine ordførarkandidatar stiller - og det gjer nok også ein heil del publikum. Sendinga varer i to timar og kan høyrast på bygderadioen sitt FM-band eller på nettradio (gå inn på sida bygderadiovest.no). Den skal også bli streama - altså bildeoverført - direkte. For å sjå det må ein søkje opp bygderadio vest (her skrive i to ord) på youtube.no og så finne fram debatten i Vanylven der. Synste Møre er sidearrangør til ordskiftet - og utspørjar/detattleiar i kveld er Vidar Parr. Det er lagt opp til at det kan stillast korte spørsmål frå salen i siste delen av sendinga.
03.09.19 12:44
Gjerdsvika stod i mot i starten
Gjerdsvika stod i mot i starten
(30.08) Det var aldri tvil om sigeren, berre om kor stor han skulle verte, då Vanylven fredag slo Gjerdsvika/ Larsnes/Gursken2 med 13-1.  Etter 15 minutt stod det "berre" 1-0 etter skåring av Anders Midtbø og bortelaget hadde forsvart seg bra, men då Torgeir Halsen sette inn 2-0, rakna det midt i første omgang for gjestane frå Sande. Ei  stund kom nettkjenningane like tett som regnbygene, slik at det eit kvarter seinare stod 6-0. Og Vanylven gav seg ikkje med det, og til pause var leiinga komfortable 8-0.  Det gjorde at trenarteamet i andre omgang skifta halve laget. Rett nok vart det på tribuna vitsa om at ein skifta ut angrepet fordi ein ikkje var nøgd med innsatsen, men med full kontroll kunne nokre som skulle reise få ta ei tidlegare ferje og andre få prøve seg. Utskiftingane gjorde at ein miste ein del struktur i spelet. Likevel vann ein også denne omgangen 5-1 og fekk ein grei trepoengar i boks. Kristoffer Thue Stranden og Uchin Cho vart toppskårarar med tre mål kvar, og særleg var Thue Stranden sitt langskot til 7-0 av det fine slaget.
30.08.19 21:36
Skule og beredskap fengde mest
Skule og beredskap fengde mest
Den første lokale «partileiardebatten» på Fiskå ungdomshus onsdag samla godt med folk. I drygt to og ein halv time styrte debattleiar Andreas Nørve innom fleire område, men starta med skule - som for mange verka å vere sentralt denne  gongen.Det var Fiskå Bygdeutvikling som stod som arrangør av møtet. Partia stilte med sine ordførarkandidatar - med unntak av Senterpartiet som denne gongen hadde tredjekandidaten på podiet. Det var brei semje mellom lokalpolitikarane i dei fleste spørsmål, men under overflata anar vi likevel at det kan bli tøffe rundar om prioriteringar i ordskifta også neste periode. Skule var første tema. Alle såg behovet for eit nybygg ved Fiskå skule. Så langt vi oppfatta, sa også nesten alle ja til at dette skulle vere ein 1-7.skule, og at slike skulle det framleis vere i alle dei tre bygdene som har det no. Unnataket her var Venstre, der Lena Landsverk Sande viste til at ein no skulle utarbeide ein skulebruksplan som skulle ut på grundig høyring, og at ein ikkje burde binde seg bastant no til kva slags bygg som skulle reisast - og kor mange klassetrinn det skal hyse. Ein viss divergens var det også om tidspunkt for byggesstart og kor vidt dette var ei «ny» sak, eller ei sluttføring av byggesteget som alt eigentleg skulle skje i 2011. Ein var også innom spørsmålet om ein eller to ungdomsskular. Her var Idar Brekke (H) klarast, Han meinte at tida no var komen til å få ein, men hadde ikkje bastante meiningar om kvar den eventuelt skulle ligge.  Dei fleste andre varierte frå KrF som sa at elevtalet no nærmar seg grensa som ligg i formuleringa «når elevtalet tilseier det», via Ap, Sp  og Venstre som, slik vi oppfatta det, ville vente på skulebrukshøyringa, til FrP og Helsepartiet som alt no sa at dei ikkje ville endre noko i komande periode. Helsepartiet rett nok med atterhald om at dersom kom fram eit ønskje om det frå brukarane ved Åheim skule, ville dei gå for det. Ein var som sagt innom mange emne. Mest futt vart det då Trond Fiskaa, veteran i brann- og redningstenesta, frå salen tok opp spørsmålet om manglande midlar til opplæring av og utstyr for nye brannfolk. Han teikna eit dystert bilete av situasjonen og karakteriserte den som uforsvarleg. Politikarane som hadde ordet, lova å ta tak i problemt. Helse og omsorg vart også av dei fleste som hadde ordet framsett som eit prioritert område. Frå fleire hald vart det streka under at at ei ny tid krev nytenking på dette området.  Elles oppstod ei litt artig episode avslutningsvis; Under emnet næringsutvikling vart det sagt at store ting var i vente, men at dei var hindra i å seie så mykje om det. Dei av publikum som nådde heim til kveldsendinga frå NRK Møre og Romsdal, fekk imidlertid «hemmelegheita» servert der.
29.08.19 09:24
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 10. oktober
18.00 Møte Fiskåbedehus

Fredag 11. oktober
Hans og Grete, Opera Nordfjord
18.00 Bingo, Meeks Syvde

Laurdag 12. oktober
Hans og Grete, Opera Nordfjord
15.00 Fredtunbasar, Fredtun Syvde

Søndag 13. oktober
14.00 Vanylven - Ørsta 2, Eidsåvoll
16.00 Haustbasar, Syltefjord bygdehus
16.00 Flammen over Jølster
18.00 Villmarksbarna
20.00 Chapter Two

Tirsdag 15. oktober
12.00 Tysdagstreff, Hakallestranda bedehus

Torsdag 17. oktober
19.30 Emilie Nicolas, Fosnavåg konserthus

Laurdag 19. oktober
19.15 Dalsfjordrevyen, Fyrlykta kulturhus

Søndag 20. oktober
17.15 Dalsfjordrevyen, Fyrlykta kulturhus

Laurdag 26. oktober
12.00 Fest for folket, Ørstahallen
18.00 Syvdeklang - konserrt, Syvde samfunnshus
Saudehaudfest, HakalleStrandhus

Laurdag 2. november
19.00 Sigvart Dagsland og Bjørn Eidsvåg, Fosnavåg konserthus

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget