
Og vatnet steig...
(4.1) – Regnet bøtter ned i Møre og Romsdal, skriv meterologane på yr. no. Jau, takk, vi merkar det!
Men sjølv om det har vore kraftig nedbør og snøsmelting både torsdag og fredag, kjenner vi så langt ikkje til alvorlege konsekvensar av all nedbøren. På yr.no er det meste av varseltrekantar framme, og det er klart at ein må passe godt på når siuasjonen er som no og heile tida syte for at vatnet får passasje der det skal renne.