resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
VIDAREGÅANDE: Elevar frå Vanylven skal - om avtalen går i orden - no kunne konkurrere om skuleplass sør om fylkesgrensa på lik line med elevar frå Sogn og Fjordane. Den same avtalen gjeld førebels ikkje nordover, men elevar frå Stadlandet/Selje som ønskjer å søkje seg til avdelinga i Syvde kan fritt gjere det.
VIDAREGÅANDE: Elevar frå Vanylven skal - om avtalen går i orden - no kunne konkurrere om skuleplass sør om fylkesgrensa på lik line med elevar frå Sogn og Fjordane. Den same avtalen gjeld førebels ikkje nordover, men elevar frå Stadlandet/Selje som ønskjer å søkje seg til avdelinga i Syvde kan fritt gjere det.

Opnar for vidaregåande sørover

Denne veka vart det klart at tiandeklassingar frå Vanylven får lik rett til skuleplass ved skular i Sogn og Fjordane som elevar derifrå, så sant avtalen vert godkjent.

 Det var i formannskapet at ordførar Lena Landsverk Sande refererte ei melding om at utdanningsavdelinga på fylket vil gå inn for at elevar frå Vanylven skal telje likt med elevar frå Sogn og Fjordane ved inntak til vidaregåande skule sør om fylkesgrensa. Eit avtaleutkast er no sendt over til utdanningsavdelinga i Sogn og Fjordane for godkjenning.

Det betyr at elevar frå Vanylven som vil søkje tilbod i Vågsøy eller på Eid, no vil verte vurderte på lik line med elevar frå Sogn og Fjordane når det gjeld å få plass ved skulen. Dette har særleg vore aktuelt for tiandeklassingar frå Åheim skule som ikkje har lang veg til Vågsøy. Til no har det vore slik at elevar herifrå har fått plass berre om det var plassar ledige. 

Sjølv om det ligg eit atterhald i at Sogn og Fjordane må vere samde i avtalen, var formannskapet var opptekne av at ein må få informasjon ut til skulane og elevane, sidan det er kort att til søknadsfristen. Det vart dessutan peikt på at ein må jobbe for å få betre kommunikasjonar, og også få fram betre informasjon om dei fylkeskryssande rutene.

På same vis kan det vere aktuelt for elevar særleg frå Stadlandet å søkje seg til avdelinga i Syvde.  Her er det førebels ikkje gjort avtale om lik rett til opptak, men dette vil praksis ikkje by på problem, sidan det er plassar ledige på dei fleste tilbod, og lova om rett til søking i heile landet frå 2017 gir høve til å søkje kvar ein vil.

Vi kjem attende med meir om saka i papirutgåva.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget