
På tunnelferd i Stortinget
Ordføraren i Vanylven, Lena Landsverk Sande, var saman med ein sterk delegasjon Venstre-folk frå Vestlandsfylka, onsdag i Stortinget for å fremje vidare framdrift av Stad skipstunnel. Frå Møre og Romsdal var såleis også vara-fylkesordførar Gunn Berit Gjerde med.
I etterkant av møtet fortel Landsverk Sande at dei møtte Jon Gunnes frå Transportkomiteen og statsekretær Sveinung Rotevatn. Dei spela, i følgje Landsverk Sande, inn tre hovudpunkt:
- For det første ville dei at Kystverket vert bedne om å kome med ei «motmelding» til KS2. Oppmodinga må kome frå komiteen under Stortings-behandlinga av budsjettet.
- For det andre ville dei gjere klart at ein liten tunnel ikkje er eit aktuelt alternativ
- For det tredje ønskte ein støtte til at midlar blir sette av i statsbudsjettet, slik at Kystverket kan jobbe vidare med førebuingane til tunnel. Både Ap, Sp og no også KRF har foreslått slike midlar i sine alternative budsjett. Ikkje minst KrF er interessant i den samanhengen, sidan dei også skal i regjeringstingingar med H, FrP og V, seier Lena Landsverk Sande.