resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
FINE GREIER: Det var glede mellom dei lokalt posttilesette over meldinga som vi kunne formidle måndag.
FINE GREIER: Det var glede mellom dei lokalt posttilesette over meldinga som vi kunne formidle måndag.

Posten skal distribuere aviser

(20.1) Frå juli i år skal Posten redusere antal dagar med postombering frå kvar dag utanom laurdag, til annakvar dag. Men aviser skal likevel distribuerast dagleg – i alle fall i tre år framover. Denne jobben har vore lyst ut – og Posten Norge har vunne anbodet. Lokalt er det stor glede mellom dei tilsette over nyheita.

Posten Norge får altså oppgåva med å distribuere aviser alle dagar så nær som laurdag i dei områda  av landet der det ikkje finst anna utleveringsnett enn Posten, les vi i ei pressemelding frå Posten Norge måndag. Det gjeld om lag 15 prosent av hushaldningane i landet – og Vanylven er i sin heilskap mellom dei.

Distribusjon laurdagane var lyst ut som eige anbod. Det vart firmaet Aktiv Norgesdistrubusjon AS som fekk tilslaget der, ifølgje den same pressemeldinga. Det er firmaet Easy2You som har den jobben no.

Mellom posttilsette lokalt var det tydeleg glede over vedtaket. Det innber at det blir rom for ein person og bil meir enn det var lagt opp til frå juli, og det vil også gjere det lettare å finne praktiske løysingar, blir det sagt.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 27. februar
19.00 Møte, Rovde forsamlingshus

Laurdag 29. februar
12.00 Familiedag, Fotballhallen, Eidsåvoll
14.00 Petter Dass, Indre Herøy kyrkje

Onsdag 4. mars
16.00 Strikkekafé, Biblioteket, Syvde

Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

Torsdag 30. april
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

Mandag 4. mai
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget