resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
vvs1.jpg

Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging

(5.12) Både foreldre og elvar protesterer no kraftig på framlegget om å legge ned avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven.

I papiravisa som kom i dag (tosdag 5.12) hadde vi eit innlegg frå ulike foreldreråd. Fleire råd og utval ville venteleg skrive under dette etter kvart som dei rakk å behandle det.

Elevrådet ved Myklebust skule har sendt oss ein eigen uttale. Den kom for seint til å bli med i papiravisa. Og sidan fylkestinget har møte før neste avis kjem ut, tek vi den med her:

Vedrørande eventuell nedlegging av Herøy vgs, avdeling Vanylven.

Ein lovnad som er broten. Skrekken for hybellivet, og fare for livet i bygda.

Då beskjeden om at den vidaregåande skulen i Syvde skal leggjast ned, vart det ein stor skuffelse. I ein alder av 15/16 år, er det å måtte flytte heimanfrå for mange noko ein absolutt ikkje er klare for. Tilbod for pendling er her heller ikkje.
Statistikk viser at jo tidlegare ein flyttar heimanfrå, jo mindre er sjansen for at ein kjem til å busette seg i bygda.

Korps, fotball og andre fritidsaktivitetar som ungdommen er med på å skape, er ein stor del som truleg vil forsvinne. Dette påverkar heile bygda vår.

Satse på ungdommen blir det sagt. Korleis vil dette då gå opp? Når tilboda ikkje er her lenger. Vi som har eit sterkt ønske om å få bu heime eitt år til, får ikkje moglegheit til det.

Vi er svært skuffa, eit løfte blir brote. Mange stemte kanskje på dette partiet fordi det vart lova eitt år til med vidaregåande skule i Vanylven. For oss dette gjeld, er det svært alvorleg at denne skulen vert nedlagd.

Tenk på ungdommen.

-Elevrådsrepresentantane frå Myklebust skule.
Charkris Igland og Hanna Linea Torvanger

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Fredag 5. juni
18.00 Bølle i trøbbel. Fiskå kino
20.00 The Peanut Butter Falcon

Laurdag 6. juni
18.00 Oasen-møte, Hakallegarden 

Søndag 7. juni
11.00 Oasen-møte, Syltefjorden v/fam. Madsen

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget