resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
RIMELEGARE: Det blir billegare å krysse Voldsfjorden, men dyrare å reise til Kvamsøya om Samferdselsutvalet godkjenner administrasjonen sitt framlegg til taksreguleringar.
RIMELEGARE: Det blir billegare å krysse Voldsfjorden, men dyrare å reise til Kvamsøya om Samferdselsutvalet godkjenner administrasjonen sitt framlegg til taksreguleringar.

Rimelegare over Voldsfjorden
- dyrare i Sande

(1.3) Distansemåling av ferjestrekningar i Møre og Romsdal gir både tap og vinning for distriktet vårt. Lauvstad-Volda går ned med ei sone, medan Larsnes- Kvamsøy får auke. Samferdselsutvalet får saka onsdag.

På folkemøtet på Lauvstad i oktober vart det teke fram at strekninga Lauvstad-Volda er i for høg sone og det vart lovt kontrollmålingar. Seinare vart det sagt at ein ville gjere ei måling av alle ferjestrekningar før ein konkluderte.

Til samferdselsutvalet sitt møte neste veke ligg resultat av målingar føre. For to strekningar rår fylkesrådmannen til at ein endrar soner alt no, medan ein for seks andre ventar til ny anbodspakke. Dei to som ein vil endre no, er Lauvstad-Volda og Larsnes-Kvamsøy som er foreslått endra frå 1.april i år. Dei to er såkalla bruttosamband, der fylkeskommunen har ansvaret for både inntekts- og utgiftsida  - og kan såleis forandrast utan at det får følgjer for kontrakten med ferjeselskapet.

Framlegget går ut på at Larsnes-Kvamsøy blir auka frå sone 8 til 9, medan Lauvstad-Volda blir rdusert frå sone 10 til 9.

Endringa vil gi eit inntektstap for fylkeskommunen på 629.000 kroner etter det som er utrekna.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget