resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
lastebil.jpg

Så er det på ´an igjen

(12.08) Historia er den same som tallause gonger før: To store bilar møtest på veg mellom Tunheim og Sylte, og den eine enda  i grøfta. Tysdag ettermiddag skjedde det igjen.

Denne gongen er vi i bakken oppover mot høgda på Tunheim. Den utanlandske bilen, som er på veg til Syvde for å laste fisk, har berre tom embalasje i lasta. I følgje den røynde sjåføren som har køyrt her mange gonger før, møtte han ein stor lastebil, sette godt ned farta og køyrde ut på sida for å gi plass. Og så sig bilen utfor asfaltkanten, ned i grøfta og der står han blegg fast.
– Eg håper berre at ingen ting er øydelagt, og at eg kan køyre vidare, seier sjåføren.

Slepebil var ventande i løpet av ein halvtime då vi var der kring klokka 14.30 - og det kan kanskje påreknast at det blir problem å kome forbi den stunda det tar å få bilen på vegen att.

Vi, på vår side, kan legge eit nytt bilete til den etter kvart fyldige mappa som viser lastebilar i grøfta på denne vegstrekninga. Og tjukkare kunne mappa ha vore. Spor i grøftene tyder på at det også i sommar har vore bilar utanfor vegen, utan at vi veit noko om kor alvorleg dette har vore - og om bilane har kome på vegen sjølv eller hatt hjelp.

Folkeprotest mot ferjeprisar
Folkeprotest mot ferjeprisar
Folkeaksjonen mot auka ferjetakster på Lauvstad laurdag viser eit stadig sterkare folkeopprør rundt i fylket mot fylkeskommunen sitt forslag til ny auke i ferjetakstane. 

- Nok er ikkje berre nok, men i grunnen nok for lenge sidan, vart det sagt på Lauvstad laurdag. Kring 170 menneske samla seg her til protestaksjonen som var kalla inn til. Kanskje er sinnet ekstra stort her, då ein, som fleire av dei som heldt innlegg var inne på, alt i ti år har betalt ein takstsone for høgt på Lauvstadferja.  Det vart elles teke fram fleire eksempel på kva takstauken vil utgjere i pengar for både privatpersonar, næringsdrivande og bedrifter. Det vart teke fram den negative verknaden auka prisar vil ha på alle samfunnsområde i distrikta, både for pendling, fritidsaktivitetar, næringsliv og kommunale tenester, og som kjent er det også framlegg om å redsusere talet på avgangar, noko som vil forsterke verknaden. 
- Dei held på å kvele oss, vart det sagt  Det vart retta sterk kritikk mot fylket, som legg rekninga for det mange kalla dårleg økonomistyring på dei som skal bu langs kysten og må nytte ferjene. Det er vår riksveg, vart det sagt av fleire. At fylket så kallar ferjedrifta underfinansiert frå staten si side, er noko ein burde sett komme i mange år, hevda nokre, medan andre peikte på at staten sjølve må ta rekninga for å pålegge kostnader med utslepprsfrie ferjer, som er ein av hovudgrunnane til uføret. Det er difor også ein ordføraraksjon på gang, som reiser til Oslo for å protestere mot staten si underfinansering av ferjedrifta. Enkelte trekte samanlikning til bompengeopprøret før jul, der det gjekk så stor prestisje i å avgrense auken at det heldt på å sprenge regjeringa. 
         - Vi krev at regjeringa gjer dei same grepa no som når det gjaldt bompengane i byane og gjer slik at vi slepp denne auken, sa ordførar i nye Volda, Sølvi Dimmen. 
07.12.19 17:31
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Laurdag 14. desember
15.00 Ulla Krulle og snømannen... Vanylven bibliotek, Syvde
19.00 Julekonsert, Syvde kyrkje

Søndag 15. desember
16.00 Julekonsert, Åram kyrkje
16.00 Adventfest, Sion Åheim
19.00 Julekonsert, Vanylven kyrkje

Onsdag 18. desember
16.00 Førjulstreff, Sogehuset Nordstranda

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget