
Skuffa over manglande
midlar til skipstunnelen
Tre linjer og ikkje ei krone om Stad skipstunnel i statsbudsjettet.
- Eg er skuffa, men løpet er ikkje køyrt, seier Svein Gjelseth.
Også tunnelforkjempar Jan Helgøy er vonbroten over at det heller ikkje denne gongen ligg inne midlar i budsjettet til grunnkjøp og førebuande arbeid for Stad skipstunnel.
- Eg trudde tida for trenering var over no, seier Helgøy.
Også styringsgruppa for skipstunnelen gir uttrykk for at dei er skuffa.
- Et samlet næringsliv på kysten er meget skuffet over at det ikke ligger inne oppstartmidler til Stad skipstunnel på neste års statsbudsjett. Vi hadde store forventninger til at regjeringen ville gi det endelige klarsignalet til bygging av Stad skipstunnel etter at Kystverket fikk ned kostnadene i prosjektet. Vi trodde også at regjeringen ville følge opp Nasjonal transportplan (NTP) (2018-2029) som de vedtok i 2017. Vi ble også styrket i troen da samferdselsminister Jon Georg Dale i valgkampen lovet at han ville innfri valgløftet sitt om å jobbe for realisering av Stad skipstunnel, heiter det innleiingsvis i ei pressemelding signert både av styringsgruppe-leiar Rolf Domstein, ordførarar i Vanylven, Selje og vågsøy i tillegg til fleire sentrale representantar for organisasjonar i Kyst-Norge.
I pressemeldinga blir det peika på dei sentrale gevinstane Stad skipstunnel vil ha - mellom anna på miljøsida og for reiselivet og at tida no er inne for å gjere ord til handling.
– Eg må nok og seie at eg er skuffa. Men det er ikkje håplaust. No må vi verkeleg stå på vidare for å synleggjere for politikarane dei positive følgjene tunnelen vil få og som vi no har god dokumentasjon på, seier Svein Gjelseth - medlem i styringsgruppa. Han meiner det er viktig at Stortinget får saka framlagt i haust, og helst bør det setjast av midlar i dette budsjettet før det blir banka i Stortinget.