resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
DEBATT: Ordstyrar Andreas Nørve  på talarstolen. Vidare ser vi Bjarne Sætrenes (FrP), Øystein Blom (KrF), Nils Olav Moen (Helsepartiet), Idar Brekke (H), Paul Sindre Vedeld (Sp). Lena Landsverk Sande (V) og Ottar Jan Løvoll (Ap).
DEBATT: Ordstyrar Andreas Nørve på talarstolen. Vidare ser vi Bjarne Sætrenes (FrP), Øystein Blom (KrF), Nils Olav Moen (Helsepartiet), Idar Brekke (H), Paul Sindre Vedeld (Sp). Lena Landsverk Sande (V) og Ottar Jan Løvoll (Ap).

Skule og beredskap fengde mest

Den første lokale «partileiardebatten» på Fiskå ungdomshus onsdag samla godt med folk. I drygt to og ein halv time styrte debattleiar Andreas Nørve innom fleire område, men starta med skule - som for mange verka å vere sentralt denne  gongen.

Det var Fiskå Bygdeutvikling som stod som arrangør av møtet. Partia stilte med sine ordførarkandidatar - med unntak av Senterpartiet som denne gongen hadde tredjekandidaten på podiet. Det var brei semje mellom lokalpolitikarane i dei fleste spørsmål, men under overflata anar vi likevel at det kan bli tøffe rundar om prioriteringar i ordskifta også neste periode.

Skule var første tema. Alle såg behovet for eit nybygg ved Fiskå skule. Så langt vi oppfatta, sa også nesten alle ja til at dette skulle vere ein 1-7.skule, og at slike skulle det framleis vere i alle dei tre bygdene som har det no. Unnataket her var Venstre, der Lena Landsverk Sande viste til at ein no skulle utarbeide ein skulebruksplan som skulle ut på grundig høyring, og at ein ikkje burde binde seg bastant no til kva slags bygg som skulle reisast - og kor mange klassetrinn det skal hyse. Ein viss divergens var det også om tidspunkt for byggesstart og kor vidt dette var ei «ny» sak, eller ei sluttføring av byggesteget som alt eigentleg skulle skje i 2011.

Ein var også innom spørsmålet om ein eller to ungdomsskular. Her var Idar Brekke (H) klarast, Han meinte at tida no var komen til å få ein, men hadde ikkje bastante meiningar om kvar den eventuelt skulle ligge.  Dei fleste andre varierte frå KrF som sa at elevtalet no nærmar seg grensa som ligg i formuleringa «når elevtalet tilseier det», via Ap, Sp  og Venstre som, slik vi oppfatta det, ville vente på skulebrukshøyringa, til FrP og Helsepartiet som alt no sa at dei ikkje ville endre noko i komande periode. Helsepartiet rett nok med atterhald om at dersom kom fram eit ønskje om det frå brukarane ved Åheim skule, ville dei gå for det.

Ein var som sagt innom mange emne. Mest futt vart det då Trond Fiskaa, veteran i brann- og redningstenesta, frå salen tok opp spørsmålet om manglande midlar til opplæring av og utstyr for nye brannfolk. Han teikna eit dystert bilete av situasjonen og karakteriserte den som uforsvarleg. Politikarane som hadde ordet, lova å ta tak i problemt.

Helse og omsorg vart også av dei fleste som hadde ordet framsett som eit prioritert område. Frå fleire hald vart det streka under at at ei ny tid krev nytenking på dette området. 

Elles oppstod ei litt artig episode avslutningsvis; Under emnet næringsutvikling vart det sagt at store ting var i vente, men at dei var hindra i å seie så mykje om det. Dei av publikum som nådde heim til kveldsendinga frå NRK Møre og Romsdal, fekk imidlertid «hemmelegheita» servert der.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Fredag 5. juni
18.00 Bølle i trøbbel. Fiskå kino
20.00 The Peanut Butter Falcon

Laurdag 6. juni
18.00 Oasen-møte, Hakallegarden 

Søndag 7. juni
11.00 Oasen-møte, Syltefjorden v/fam. Madsen

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget