
Søt siger for Vanylven
(10.09) Det vert nok lite "Pylse og konjakk" i Åmdalen etter at Vanlven FK revansjerte bortetapet med 6-0 på heimebane i kveld.
Det var ein kamp det var sett fram i mot med forventing, der ein ville revansjere det bitre 2-1 tapet i Åmdalen i vårmøtet. Publikum var også møtte fram i godt tal, og den første halvtimen låg det ei spent stemning over Eidsåvoll, sjølv om Torgeir Halsen sette inn 1-0 etter rundt ti minutt.
- Nei, eg kjenner meg slett ikkje heilt trygg, sa Jon Bellen på spent tilskuarplass då vi veksla nokre ord tett før det 30. minutt.
Kampbiletet hadde til då også vore litt rotete, trass i eit vistt Vanylven-overtak. Men kort etter ordvekslinga kunne Stian Bellen roe både eit bestefarshjerte og andre på tribuna og rundt bana, då han ekspederte eit innlegg frå venstresida i mål bak Åmdal sin keeper til 2-0.
Og noko seinare losna det skikkeleg for heimelaget, som i løpet av to minutt sette inn tre skåringar til 5-0. Stian Bellen ordna to av desse og Mads Hovden sette inn 5-0 på ei fin heading.
-Ditte e flaut, utbarut ein oppgitt Åmdal-keeper.
I andre omgang datt Vanylven litt nedpå, og skifte også mange spelarar, slik at det vart med 6-0 skåringa etter 63 minutt. Den var til gjengjeld kanskje kampen si flottaste, med ei strålande forsering av Simen Bellen langs høgrekanten og innlegg som Mads Hovden formidla vidare i nota.
Vanylven har med dette sikra seg ei leiing på tre poneg ned til Åmdal, og no ventar det som kan verte ein ny nøkkelkamp mot Vartdal borte.