resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Stengte skular, karantene og inntekt

Under har vi samla litt informasjon frå NAV om kva stengte skular og eventuell karantene vil ha å seie for økonomien.

Grunna stengte skular og barnehagar har mange vore redde for kva det har å seie for sin personlege økonomi. NAV har no gått ut med informasjon om kva det betyr viss ein må vere heime med unger.

Stengte skular og barnehagar gir rett til omsorgspenger. Lengda på dette kjem an på kva rett ein har til denne ytinga. På NAV sine nettside står det:

«De fleste har rett på opptil 10 dager. Dersom du for eksempel er alene om omsorgen for barnet, har flere barn enn to, har omsorg for kronisk syke eller funksjonshemmede barn, kan du ha rett på flere omsorgsdager.  Arbeidsgiveren din skal dekke de første 10 dagene med omsorgspenger. Når arbeidsgiver har utbetalt 10 dager, kan det søkes om refusjon fra NAV for de overskytende dagene».

Karantene

Du har også rett til sjukemelding viss du må sitte i karantene. Dette gjeld både viss ein lege vurderar at du må haldast isolert fordi du kan vere smitta av viruset, og om legen ikkje veit sikkert om du faktisk er ein smitteberar.

NAV bruker her to kategoriar:

Kategori 1: Personar som er smitta av koronavirus og må haldast isolert

Nav skriv: «NAV går ut fra at du har vært i kontakt med en lege og fått bekreftet at du er smittet av koronaviruset. I en slik situasjon har du en sykdom som gjør at du er arbeidsufør. Det medisinske vilkåret for rett til sykepenger er altså oppfylt og dokumenteres med en sykmelding».

Kategori 2: Personar som kan vere smitta av koronavirus og som må haldast isolert i mogleg inkubasjonstid på 14 dagar.

NAV skriv: «Hvis du må holdes isolert, kan du ha rett til sykepenger hvis du utgjør en risiko som smittekilde. Det kreves ikke bevis for at du faktisk er smittebærer, det er nok at det er en risiko for at du er smittebærer. Dersom legen etter en faglig forsvarlig vurdering kommer til at du antas å være smittebærer av koronaviruset, og det er viktig at du ikke arbeider av hensyn til å motvirke spredning av viruset, skal dette godtas som grunnlag for sykepenger».

Permitteringar

Utbruddet av koronaviruset kan også få store konsekvensar for næringslivet og andre verksemder, som i verste fall kan føre til at nokre arbeidsgivere vert nødt til å permittere tilsette. NAV skriv:

«For at en arbeidsgiver skal kunne gå til det skrittet å permittere ansatte må årsaken være mangel på arbeid, eller andre forhold som arbeidsgiver ikke kan forutse og innrette seg etter. Arbeidsgiver må normalt betale den permitterte lønn de 15 første dagene, dette kalles arbeidsgiverperiode».

Meir utfyllande informasjon finn de ved å trykke her.

Arbeider med smittesporing
Arbeider med smittesporing
(19.03.20) I går vart det fyrste tilfellet av covid-19 påvist i Vanylven. Kommunen stadfesta då at dei jobba med smittesporing og at dei skulle kontakte alle som hadde vore i kontakt med den smitta personen.Til Synste Møre seier kommuneoverlegen i Vanylven, Cecilie Oppedal, at dei ikkje har klart å spore smitta endå. – Personen har ikkje vore i utlandet eller ute av fylket, så vi held fortsatt på med å spore smitta, seier Oppedal. I tillegg seier ho at det er snakk om nokre titals personar som no må i karantene grunna kontakt med den smitta personen. Denne personen er no i isolasjon. Personen hadde fram til påvist smitte vore i karantene etter dei statlege retningslinene for karantene. – Den smitta personen har vore i karantene, det vil seie at personen gjekk i karantene fordi vedkomande hadde luftvegssymptom, seier kommuneoverlegen. No arbeider kommuneoverlegen med å spore smitta. Då går dei tilbake til 24 timar før personen viste symptom for å finne smittekilda. Kommunen har gått ut i ei pressemelding og sagt at det er klare retningsliner for kven dei no testar. – Det sit personale på legekontoret, som i samråd med kommuneoverlegen avgjer kven som skal testast. Det er klare føringar som ligg til grunn for kven som kvalifiserer til slik testing, då dette er ein knapp ressurs no. Vi arbeidar med å kartlegge kvar smitten kjem i frå. Alle nærkontakter er spora opp, og kommuneoverlegen og sporingsgruppa har vore i kontakt med desse, skriv kommunen i pressemeldinga. Nok smittevernutstyr Kommunen skriv også at dei har fått tak i meir smittevernutstyr. – Vi har fått på plass eit godt lager for smittevernutstyr. Vi har litt avgrensa tilgang på munnbind/maske, men har her fått bistand frå lokalt næringsliv. Det er vi svært takksame for. Om det er flere som kan bistå her, oppfordrar vi til å ta kontakt, skriv kommunen. Næringsliv Vidare skrive kommunen at dei har vore i dialog med Vanylven utvikling, slik at dei finn ut kva behov næringslivet i kommunen har. Kommunen ber folk om å melde seg – Vi arbeider mykje med kontinuitetsplanlegging, for å sikre at kommunen greier å oppretthalde kritiske funksjonar i tida som kjem. Det er forventa at smitte og karantenereglar vil påverke arbeidsstokken og medføre eit høgt fråvær. Som fylgje av permitteringar i ulike bransjar, er det mange som no er utan arbeid, og kommunen vil trenge folk som har helsefagleg bakgrunn, erfaring frå storkjøkken, eller vaskeri, skriv kommunen.
19.03.20 13:35
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

Torsdag 30. april
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

Mandag 4. mai
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på Instagram

Følg oss gjerne på Instagram ved å scanne biletet rett frå appen, eller ved å søkje opp synstemore.

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget