resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
fiska_-_storm.jpeg

Sterk vind i vente

(08.01) Vi har hatt ein vindfull start på det nye året. Til natta kan dette toppe seg med vindkast opp i orkan, og vêrvarslinga ber særleg dei som skal ut å reise om å vere merksame på følgjer vêret kan få.

Det har blese ganske bra enkelte dagar i jule- og nyttårshelga, men uvêret som er på veg innover Nordvestlandet gir den kraftigaste vinden til no. Utover ettermiddagen tysdag skal vinden auke på.
             – Vinden skal auke til sterk sørleg kuling utsette stader, liten storm ved Stad. I ettermiddag aukar vinden til sørleg full storm utsette stader og orkan ved Stad. Vi ventar vindkast opp i 30–35 m/s utsette stader. Det er der sønnavinden tar som vil få dei sterkaste vindkasta, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.

Bil velta på Måløybrua
Dette kan særleg gje vanskar om ein har tenkt seg ut og reise. 
            – Så sterke vindkast kan føre til kansellerte avgangar på båtar, ferjer og fly. Og bruer og fjellovergangar kan verte stengde. Det er ganske sterk vind som er venta, åtvarar statsmeteorolog Steinar Skare i føremiddag.
I Måløy fortel NRK Sogn og Fjordane at Vågsøy ungdomsskule i dag slutta skuledagen tidlegare enn vanleg for at elevane skulle få kome seg heim før Måløybrua vart stengd. Dette gjekk ikkje så bra, då brua vart stengd litt over klokka 13. Som følgje av det er 70-80 elevar frå fastlandet vêrfaste i Måløy. Ein lastebil har også velta på brua, og ho kan verte stengd lenge, melder NRK. Det bles i 15-tida orkan i kasta med opp til 41 m/s i kasta på brua. Også hurtigbåten til Bergen i ettermiddag er innstilt.

Går nordover
Også i morgon er det venta meir uvêr, for då kjem eit nytt lågtrykk med eit stormsenter.
           – Vi får kanskje ein ny omgang med orkan ved Stad i morgon ettermiddag og kveld. Då vil det vere frå søraustleg retning og det vil vere kraftig pålandsvind i morgon også og bygevêr. Det er nok nord for Stad som får det verst i morgon, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Nye lågtrykk på veg
Og det kjem meir, for lågtrykk på lågtrykk ligg og ventar. Årsaka er eit kraftig høgtrykk som har etablert seg over Europa.
            – Det fører til at jetstraumen tar med seg alle lågtrykka som er å oppdrive i Atlanterhavet opp til våre breiddegrader, så i langtidsprognosen er det nye stormar på veg. Det er berre å stålsetje seg første halvdel av januar, seier Fagerlid.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 27. februar
19.00 Møte, Rovde forsamlingshus

Laurdag 29. februar
12.00 Familiedag, Fotballhallen, Eidsåvoll
14.00 Petter Dass, Indre Herøy kyrkje

Onsdag 4. mars
16.00 Strikkekafé, Biblioteket, Syvde

Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

Torsdag 30. april
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

Mandag 4. mai
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget