resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
TIL STORTINGET: Det vert å leite fram finstasen av finstasen når 10. klassingane på Åheim skule skal delta i markeringa av Stemmerettsjubileet 4. desember.
TIL STORTINGET: Det vert å leite fram finstasen av finstasen når 10. klassingane på Åheim skule skal delta i markeringa av Stemmerettsjubileet 4. desember.

Tiandeklassingane til topps

(15.10) Det var nesten som ein telefon frå Norsk Tipping om storgevinst, då sjølvaste stortingspresidenten Tone Willhelmsen Trøen onsdag denne veka var på tråden og kunne opplyse til 10. klasse på Åheim skule at dei hadde vunne Stortinget sin store skrivekonkurranse: Rett til stemme. Stemmerett for alle i 100 år.

Alle grunnskular i landet fekk i starten av august invitasjon til å lage ein tekst i høve årets stemmerettsjubileum, Stemmerett for alle i hundre år. I 1919 vedtok Stortinget å fjerne bestemmelsar om at ein skulle miste stemmeretten dersom ein mottok fattigstøtte. Med bakgrunnt i dette har tiandeklassingane laga ein tekst i lag, som er blanding av to fiktive tekstar og fakta kring stemmeretten. Dei to fiktive tekstane tek utgangspunkt i to kvinner som levde i vårt nærområde på denne tida. Og heile tekten kan ein lese i Fotefar 2019, sogetidsskrift for Vanylven, som kjem om eit par veker.

No ventar tur til Oslo 4. desember for å besøke Stortinget og delta i markeringa av jubileet. Og dette er ikkje første gongen denne gjengen er til Oslo i slik samanheng. Som 6. klassingar vann dei også Bokslukarprisen og vart premierte med Oslotur. Men vi vil tru at dette besøket vert hakket opp i verdighet og stas.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Fredag 14. august
18.00 Knerten og sjøormen, Fiskå kino
20.00 Greenland, Fiskå kino

Laurdag 15. august
15.30 Open dag, Vanylven Golfpark

Torsdag 3. september
15.00 Tur for eldre, Slåttekar, Sjøborg, påmelding

Onsdag 30. september
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Torsdag 1. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 3. oktober
17.00 Operahuset: Man of La Mancha

Søndag 4. oktober
14.00 Operahuset: Man of La Mancha

Tirsdag 6. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Onsdag 7. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Fredag 9. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 10. oktober
17.00 Operahuset: Mann of La Mancha

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget