resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset

FOTO: Arkiv
FOTO: Arkiv

(12.03.20) Regjeringa gjekk ut med ei rekke tiltak i si pressekonferanse klokka 14 i dag, torsdag. I tillegg har Vanylven kommune gått ut med sine tiltak. Ordførar i kommunen, Lena Landsverk Sande, seier at dei vil rette seg etter regjeringa sine tiltak. Sjå oppdatert liste over tiltak under.

Tiltak frå regjeringa:

  • Barnehagar og skular stengast
  • Kultur- og idrettsarrangement vert forbode
  • Organisert treningsaktivitet vert forbode
  • Treningssenter og symjehaller stengast
  • Helsepersonell som arbeidar med pasientar får utreiseforbod
  • Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje, kroppspleie, tatovering, holtaking og liknande.
  • Alle verksemder i serveringsbransjen med unntak av serveringsstader der det foregår servering av mat, det vil seie kantiner og spisestadar som kan leggje til rette for at besøkande kan halde minst 1 meter avstand. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Servering av mat skal ikkje skje som buffé

Vanylven kommune har lagt ut ei rekke med tiltak for å hindre spreiing av viruset. I tillegg seier ordførar Lena Landsverk Sande at dei sett inn fleire tiltak viss det krevjast.

– Vi vil rette oss etter dei tiltaka som regjeringa kjem med, seier ho.

Tiltak frå kommunen:

  • Alle skular og barnehagar vert stengt frå kl 18.00 i ettermiddag (torsdag, red.anm.). Dvs frå og med i fredags morgon.
  • All aktivitet i idrettshallar, svømmehallar, treningsenter, og tilsvarande anlegg vert kansellert. Dette gjeld også innandørs kroppsøving i skule. 
  • Tilsvarande gjeld alle former for kulturarrangement og liknande aktivitet i kommunal regi, som ungdomsklubbar, kulturskule, bibliotek og liknande. 
  • Lag, organisasjonar og private arrangørar vert med dette oppmoda om å vurdere same tiltak.
  • Kommunen gjennomfører ikkje seminar, kurs og møter, dette gjeld også politiske møter. Alternative møteformer som skype og telefonmøter kan haldast. Møter som gjeld liv og helse må haldast. Det påpeikast at omsynet til tenestene og leiinga  av kommunen skal vurderast slik at kommunens drift sikrast på forsvarlig nivå. 
  • Bedrifter med muligheiter for dette bør vurdere heimekontor.  
  • Unngå kollektivtransport som ikkje er heilt nødvendig. Ver obs på td. ferjekort, bruk desinfeksjonsmiddel.
  • Ta med matpakke, et åleine eller i mindre grupper.
  • Unngå utanlandsreiser.  
  • Unngå unødvendige reiser til områder i Norge med fleire smitta.  
  • Unngå unødvendige flyreiser innanlands. 
  • Unngå større sosiale samankomstar (familietreff, bursdagar, russetreff mv.)     
  • Helse- og omsorgssenteret er stengt for å forhindre smitte, ved behov ring avdelinga der du har pårørande.
  • Arrangement (idrettsarrangement, kino, teater, konsertar, festar, kyrkjelege samankomster mm, med meir enn 10-15 (inkludert publikum) bør ikkje haldast.

Tiltak frå Møre og Romsdal fylkeskommune:

  • Stenger alle fylkeskommunale tannklinikkar

Arbeider med smittesporing
Arbeider med smittesporing
(19.03.20) I går vart det fyrste tilfellet av covid-19 påvist i Vanylven. Kommunen stadfesta då at dei jobba med smittesporing og at dei skulle kontakte alle som hadde vore i kontakt med den smitta personen.Til Synste Møre seier kommuneoverlegen i Vanylven, Cecilie Oppedal, at dei ikkje har klart å spore smitta endå. – Personen har ikkje vore i utlandet eller ute av fylket, så vi held fortsatt på med å spore smitta, seier Oppedal. I tillegg seier ho at det er snakk om nokre titals personar som no må i karantene grunna kontakt med den smitta personen. Denne personen er no i isolasjon. Personen hadde fram til påvist smitte vore i karantene etter dei statlege retningslinene for karantene. – Den smitta personen har vore i karantene, det vil seie at personen gjekk i karantene fordi vedkomande hadde luftvegssymptom, seier kommuneoverlegen. No arbeider kommuneoverlegen med å spore smitta. Då går dei tilbake til 24 timar før personen viste symptom for å finne smittekilda. Kommunen har gått ut i ei pressemelding og sagt at det er klare retningsliner for kven dei no testar. – Det sit personale på legekontoret, som i samråd med kommuneoverlegen avgjer kven som skal testast. Det er klare føringar som ligg til grunn for kven som kvalifiserer til slik testing, då dette er ein knapp ressurs no. Vi arbeidar med å kartlegge kvar smitten kjem i frå. Alle nærkontakter er spora opp, og kommuneoverlegen og sporingsgruppa har vore i kontakt med desse, skriv kommunen i pressemeldinga. Nok smittevernutstyr Kommunen skriv også at dei har fått tak i meir smittevernutstyr. – Vi har fått på plass eit godt lager for smittevernutstyr. Vi har litt avgrensa tilgang på munnbind/maske, men har her fått bistand frå lokalt næringsliv. Det er vi svært takksame for. Om det er flere som kan bistå her, oppfordrar vi til å ta kontakt, skriv kommunen. Næringsliv Vidare skrive kommunen at dei har vore i dialog med Vanylven utvikling, slik at dei finn ut kva behov næringslivet i kommunen har. Kommunen ber folk om å melde seg – Vi arbeider mykje med kontinuitetsplanlegging, for å sikre at kommunen greier å oppretthalde kritiske funksjonar i tida som kjem. Det er forventa at smitte og karantenereglar vil påverke arbeidsstokken og medføre eit høgt fråvær. Som fylgje av permitteringar i ulike bransjar, er det mange som no er utan arbeid, og kommunen vil trenge folk som har helsefagleg bakgrunn, erfaring frå storkjøkken, eller vaskeri, skriv kommunen.
19.03.20 13:35
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

Torsdag 30. april
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

Mandag 4. mai
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på Instagram

Følg oss gjerne på Instagram ved å scanne biletet rett frå appen, eller ved å søkje opp synstemore.

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget