
To mann i sjøen på Sylte
(06.06) Ein lettbåt med to fiskarar velta ved eit makrellsteng inst i Syltefjorden i to-tida torsdag. Dei to var komne opp i fjøra då dei første kom til. Dei vart sende til sjukehus med helikopter, men i følgje vitne på staden skal det ikkje vere fare for nokon av dei.
Det som skjedde, slik vi har fått det framstilt av politi på staden, var at ein båt var på makrellfiske i Syltevika, heilt inst i Syltefjorden. Hovudbåten låg ved kaia. Dei to om bord var i ein lettbåt i arbeid ved stenget, då denne av ein eller annan grunn velta og dei begge enda i sjøen, heldigvis ikkje langt frå land. Dei nådde fjøra ved at den eine hjelpe den andre. Den minst medtekne av dei kom seg så opp gjennom skogen i den ulendte, bratte skråninga til fylkevegen og fekk stogga ein bil. Dermed vart det slege alarm og det vart full utrykning av lækjarvakt, redningstenste, ambulanse og politi. Helikopter vart også rekvirert. Det skal ha blitt gitt førtehjelp til den eine av dei to.
Etter det vi fekk inntrykk av, gjekk det etter måten bra med dei begge. Men dei vart sende med helikopter til sjukehus for vidare sjekk og eventuell behandling.