resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
BERGING: Bergingsbil er på plass og har fått bilen på vegen att. Under dette arbeidet vart trafikken stansa, og det danna seg køar på begge sider. Som lokalkjende vil sjå, er dette ved Vaulevatnet på Vanylvs-sida av grensa.
BERGING: Bergingsbil er på plass og har fått bilen på vegen att. Under dette arbeidet vart trafikken stansa, og det danna seg køar på begge sider. Som lokalkjende vil sjå, er dette ved Vaulevatnet på Vanylvs-sida av grensa.

To personar til sjukehus etter trafikkulukke

(11.10) To personar, ein mann i 70-åra og ein noko yngre kvinne, vart sende til sjukehus etter ei utforkøyringa ved Vaulevatnet på Åheim fredag kveld.

Bilen dei to sat i kom, i følgje politiet, frå Nordfjord og køyrde i retning Åheim. Eitt eller anna har skjedd, bilen har gått rundt og blitt liggande på taket i grøfta i det som i fartsretninga blir venstre sida av vegen. Etter det politiet på staden opplyser til oss, var det - så langt dei kjenner til - ingen andre bilar involverte i hendinga. Årsaka til ulukka er ikkje kjent.

Naudetatar rykte, ut og dei to skal begge ha blitt frakta til sjukehus. Dei skal begge, i følgje opplysningar NRK Møre Romsdal har fått, ha vore medvitne då dei vart tekne ut av bilen.

Det danna seg køar på fylkesvegen på begge sider ei stund etter ulukka.

Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
(5.12) Både foreldre og elvar protesterer no kraftig på framlegget om å legge ned avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven.I papiravisa som kom i dag (tosdag 5.12) hadde vi eit innlegg frå ulike foreldreråd. Fleire råd og utval ville venteleg skrive under dette etter kvart som dei rakk å behandle det. Elevrådet ved Myklebust skule har sendt oss ein eigen uttale. Den kom for seint til å bli med i papiravisa. Og sidan fylkestinget har møte før neste avis kjem ut, tek vi den med her: Vedrørande eventuell nedlegging av Herøy vgs, avdeling Vanylven. Ein lovnad som er broten. Skrekken for hybellivet, og fare for livet i bygda. Då beskjeden om at den vidaregåande skulen i Syvde skal leggjast ned, vart det ein stor skuffelse. I ein alder av 15/16 år, er det å måtte flytte heimanfrå for mange noko ein absolutt ikkje er klare for. Tilbod for pendling er her heller ikkje.
Statistikk viser at jo tidlegare ein flyttar heimanfrå, jo mindre er sjansen for at ein kjem til å busette seg i bygda. Korps, fotball og andre fritidsaktivitetar som ungdommen er med på å skape, er ein stor del som truleg vil forsvinne. Dette påverkar heile bygda vår. Satse på ungdommen blir det sagt. Korleis vil dette då gå opp? Når tilboda ikkje er her lenger. Vi som har eit sterkt ønske om å få bu heime eitt år til, får ikkje moglegheit til det. Vi er svært skuffa, eit løfte blir brote. Mange stemte kanskje på dette partiet fordi det vart lova eitt år til med vidaregåande skule i Vanylven. For oss dette gjeld, er det svært alvorleg at denne skulen vert nedlagd. Tenk på ungdommen. -Elevrådsrepresentantane frå Myklebust skule.
Charkris Igland og Hanna Linea Torvanger
05.12.19 15:44
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 6. desember
18.00 The next Level, Fiskå kino
20.00 Ford v Ferrari, Fiskå kino

Laurdag 7. desember
11.00 Julemarked, Sigrun Strand, Fiskå
12.00 Juleverkstad, Hakallegarden
19.00 Lutefisk-kveld, Syvde samfunnshus

Søndag 8. desember
12.00 Julemarked, Hakallegarden
16.00 Førjulskafé, Syltefjord bygdehus
16.00 Julekonsert, Framheim Åheim

Tirsdag 10. desember
12.30 Adventspensjonisttreff, Kjeldsund

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget