resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
SPURT OG POKAL: Til venstre frå den spanande spurten der Nahom Kiberab slår førehandfavoritten og mangeårig vinnar i 1. mai-løpet, Kristian Nedregård. Til høgre ser vi Åheim Il si eiga Tiril Hasund og Nahom Kiberab med pokalane dei no har fått kvar sitt napp i ,som vinnarar av høvesvis dame- og herreklassen .(FOTO: Vidar Parr)
SPURT OG POKAL: Til venstre frå den spanande spurten der Nahom Kiberab slår førehandfavoritten og mangeårig vinnar i 1. mai-løpet, Kristian Nedregård. Til høgre ser vi Åheim Il si eiga Tiril Hasund og Nahom Kiberab med pokalane dei no har fått kvar sitt napp i ,som vinnarar av høvesvis dame- og herreklassen .(FOTO: Vidar Parr)

Tronskifte og lokal kvinnesiger i 1. mai-løpet

(01.05) 1. mai -løpet på Åheim er 60 år i år. Og stort betre presang enn underhaldninga og spenninga det rekordstore hovudfeltet baud på i år, kunne vel arrangøren knapt ønskje seg. 18-åringen Nahom Kiberab frå Ørsta tok sigeren i herreklassen  på 10.30 og Åheim si eiga, unge løparstjerne, knapt 16 år gamle Tiril Hasund, sikra sigeren i dameklassen.

Kristian Nedregård frå Spjelkavik og omegn er sjølve kongen i 1. mai-løpet på Åheim. Han stiller årsvisst opp og er blitt glad i dette tradisjonsrike og velorganiserte løpet, slik han også sa det i intervju før start. Også i år var han klar favoritt. Det var vanskeleg å sjå kven som skulle skulle han. Men det var vel fordi ingen på førehand hadde trudd at den unge 800-metløparen frå Ørsta med knapt eit halvår friidrettstrening bak seg, Nahom Kibera, skulle kunne yte det han gjorde. Kiberab leia med nokre meter inn i den siste tunge bakken bak hallen -  og der kunne vi frå målområdet sjå at Nedregård henta han inn, slik han har gjort med så mange konkurrentar gjennom åra. Men den unge ørstingen, som kom frå Eritrea som barn, beit tennene saman, kom tilbake, og slo Nedregård i spurten.

Og ikkje før hadde jubelen over den spennande spurten lagt seg - så dukka Åheim IL si eiga Tiril Hasund opp som første kvinne i feltet og sikra ein umåteleg polulær siger i dameklassen. Vi kan berre gratulere!

Meir om 1. mai-løpet i papiravisa neste veke.

Folkeprotest mot ferjeprisar
Folkeprotest mot ferjeprisar
Folkeaksjonen mot auka ferjetakster på Lauvstad laurdag viser eit stadig sterkare folkeopprør rundt i fylket mot fylkeskommunen sitt forslag til ny auke i ferjetakstane. 

- Nok er ikkje berre nok, men i grunnen nok for lenge sidan, vart det sagt på Lauvstad laurdag. Kring 170 menneske samla seg her til protestaksjonen som var kalla inn til. Kanskje er sinnet ekstra stort her, då ein, som fleire av dei som heldt innlegg var inne på, alt i ti år har betalt ein takstsone for høgt på Lauvstadferja.  Det vart elles teke fram fleire eksempel på kva takstauken vil utgjere i pengar for både privatpersonar, næringsdrivande og bedrifter. Det vart teke fram den negative verknaden auka prisar vil ha på alle samfunnsområde i distrikta, både for pendling, fritidsaktivitetar, næringsliv og kommunale tenester, og som kjent er det også framlegg om å redsusere talet på avgangar, noko som vil forsterke verknaden. 
- Dei held på å kvele oss, vart det sagt  Det vart retta sterk kritikk mot fylket, som legg rekninga for det mange kalla dårleg økonomistyring på dei som skal bu langs kysten og må nytte ferjene. Det er vår riksveg, vart det sagt av fleire. At fylket så kallar ferjedrifta underfinansiert frå staten si side, er noko ein burde sett komme i mange år, hevda nokre, medan andre peikte på at staten sjølve må ta rekninga for å pålegge kostnader med utslepprsfrie ferjer, som er ein av hovudgrunnane til uføret. Det er difor også ein ordføraraksjon på gang, som reiser til Oslo for å protestere mot staten si underfinansering av ferjedrifta. Enkelte trekte samanlikning til bompengeopprøret før jul, der det gjekk så stor prestisje i å avgrense auken at det heldt på å sprenge regjeringa. 
         - Vi krev at regjeringa gjer dei same grepa no som når det gjaldt bompengane i byane og gjer slik at vi slepp denne auken, sa ordførar i nye Volda, Sølvi Dimmen. 
07.12.19 17:31
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Laurdag 14. desember
15.00 Ulla Krulle og snømannen... Vanylven bibliotek, Syvde
19.00 Julekonsert, Syvde kyrkje

Søndag 15. desember
16.00 Julekonsert, Åram kyrkje
16.00 Adventfest, Sion Åheim
19.00 Julekonsert, Vanylven kyrkje

Onsdag 18. desember
16.00 Førjulstreff, Sogehuset Nordstranda

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget