resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
UNGDOMSKLUBB PÅ NETT: Utekontakt Annette Håkonsdatter Gjeterud inviterer i kveld ungdomar i Vanylven med på nyskapinga ungdomslubb på Skype.
UNGDOMSKLUBB PÅ NETT: Utekontakt Annette Håkonsdatter Gjeterud inviterer i kveld ungdomar i Vanylven med på nyskapinga ungdomslubb på Skype.

Ungdomsklubb på nett

(20.03.20) I desse Koronatider gjeld det å vere oppfinnsam og nytte dei utvegar ein har. I kveld vert difor ungdom i Vanylven inviterte til ungdomsklubb på nettet.

– Det vert noko nytt, der vi må prøve oss fram, både når det gjeld behov og interesse, utforming og korleis det vil fungere i praksis, seier utekontakt Annette Gjeterud.

Til vanleg er det ungdomsklubb annankvar fredag, men når omstenda no gjorde at ein ikkje kan samlast på vanleg vis, kom ideen opp om å få til eitkvart på Skype.
– Det vert ein test der vi får prøve oss fram og ungdomen kan sjølve kome med innspel. Kanskje kan vi bytte litt opplegg, gode idear om artige videoar, aktivitetar som å trikse med dorull og anna. Og kanskje kan det arrangerast konkurransar, som ein kviss eller liknande. Vi får som sagt prøve oss fram og sjå, seier Gjeterud. 

Ho seier at tanken bak også er at dei unge gjennom dette kan få ei kjensle av litt felleskap i desse heimeverande tider. Opptil femti personar kan kople seg på Skype samstundes i denne interessante nyskapinga.
– Det vert spennande å sjå kva som vert resultatet, seier Gjeterud. 

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget