
Vanylven FK med storsiger
(04.05) Vanylven FK slo attende etter tapet mot Hødd 3 og valsa over Hareid sitt andrelag i går kveld. Heile 1-7 stod det i målprotokollen ved kampslutt på Hareid.
Vanylven opna friskt i bortekampen og tok leiing etter tre minutt ved Per Gunnar Lundehaug. Torgeir Halsen la på til 0-2 etter 10 minutt. Deretter reduserte Hareid til 1-2 etter om lag 20 minutt, før Stian Bellen eit par minutt etter la på til 1-3.
Vanylven hadde såleis god kontroll på kampen, og då Hareid rett før pause fekk ein spelar utvist, gjekk det fullt og heilt bortelaget sin veg etter pause. Først la Per Gunnar Lundehaug på til 1-4, før Torgeir Halsen leverte eit ekte hat-trick og sørga for sluttresultatet 1-7.
Ikkje all verda motstand for Vanylven FK i denne kampen, som med siger framleis har heng på topplaga Hasundgot og Hødd 3. Hasundgot leiar 6. div. avd. 3 med sju poeng, det same som Hødd 3, medan Vanylven FK ligg eit poeng bak.