resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
FØRST OG SIST: Uchin Cho, her i ein tidlegare kamp mot Gjerdsvika, sørga for 0-1 og 1-8 til Vanylven.
FØRST OG SIST: Uchin Cho, her i ein tidlegare kamp mot Gjerdsvika, sørga for 0-1 og 1-8 til Vanylven.

Vanylven FK nesten i mål

(19.09) Om ikkje Vanylven tar ein "Heidi Weng" på slutten, er opprykk til 5. divisjon nærast sikra etter 4-8 borte mot Vartdal i går. 

 Sjølv med eit par av dei faste spelarane borte var det klasseskilnad på dei to laga på Vartdal onsdag kveld. Etter første omgang leia Vanylven 1-7, og som ein plar gjere, skifte ein då mykje på laget i andre omgang og let alle i troppen få speletid. Desse rokeringane gjer at ein mister struktur. Vartdal fekk kome med i kampen og vann denne omgangen 3-1. Dermed 4-8 til Vanylven, etter to skåringar av Uchin Cho, Kristoffer Thue Stranden og Mads Hovden, ei skåring kvar av Anders Midtbø og Sondre Ersvåg.

Sidan heimekampen mot Bergsøy 2, som skulle gått søndag, er utsett, er det no uvisst kva som vert neste kamp for Vanylven. Truleg vert denne kampen spelt helga etter, 28. - 29. september, og vert eit nytt avgjerande steg mot målet. Men alt onsdag kan ting ha hendt som har stor betydning i opprykksstriden. Åmdal møter då Sæbø borte, og om dei avgir poeng her, vil det vere til stor fordel for VFK. Vi tippar difor det vil vere fleire rundt i Vanylven som følgjer denne kampen med spenning.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 24. januar
18.00 Bingo, Meks, Syvde

Laurdag 25. januar
15.00 Basar, Rovde forsamlingshus

Søndag 26. januar
19.00 Kveldsbøn, Hakallestranda bedehus

Tirsdag 28. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Myklebust skule
18.00 Møte, Fiskå bedehus

Onsdag 29. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Åheim skule
18.00 Møte, Fiskå bedehus

Torsdag 30. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Fiskå skule
19.00 Song og musikkmøte, Rovde forsamlingshus

Tirsdag 4. februar
12.30 Pensjonisttreff, Kjeldsund

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget