resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Vanylven kommune: – Alle som har vore i desse fylka må i karantene

2871-cdc-alissa-eckert-ms_modifisert.png

(15.03.20) Vanylven kommune innfører frå 15. mars karantene for alle som har vore i bestemte fylke. Sjå liste nedanfor. Det skriv kommunen på sine heimeside.

Kommunen skriv at det førebels ikkje er påvist smitte i kommunen, men at det er nødvendig med karantene for alle som har vore i følgjande område. Vedtaket gjeld frå og med 15. mars og til nytt vedtak er fatta.

Vedtaket går som følgande:

1) Alle som har vore på opphald i områda som vist i punkt 3, vert pålagde heimekarantene i 14 dagar etter at dei kjem til Vanylven kommune.

2) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til ei kvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.

3) Vedtaket gjeld per 15.03.2020 reisande frå følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og dei geografiske områda som svarar til tidlegare Hordaland fylke og tidlegare Sør-Trøndelag fylke.

Kommunen skriv vidare:

– Vi har ikkje påvist smitte i Vanylven kommune så langt. Med dei nye retningslinjene for testing som no er innført, risikerer vi raskt å miste denne kontrollen om vi ikkje få regulert smittepresset frå utsida av regionen. Det vert vurdert som avgjerande å redusere denne risikoen gjennom dette vedtaket. Kommunen generelt, og helse og omsorgstenestene spesielt, har avgrensa kapasitet. 

Kommunen skriv også:

– Transittopphald på flyplass i desse områda og heimreise direkte i egen bil frå flyplass, vert ikkje rekna som opphald i området.

– Reisande som ikkje har symptom, kan reise til planlagd opphaldsstad, men skal under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.

– Reisande med symptom skal straks i isolering, og dei kan ikkje nytte offentleg transport.

Vedtaket finn du her.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Fredag 14. august
18.00 Knerten og sjøormen, Fiskå kino
20.00 Greenland, Fiskå kino

Laurdag 15. august
15.30 Open dag, Vanylven Golfpark

Torsdag 3. september
15.00 Tur for eldre, Slåttekar, Sjøborg, påmelding

Onsdag 30. september
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Torsdag 1. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 3. oktober
17.00 Operahuset: Man of La Mancha

Søndag 4. oktober
14.00 Operahuset: Man of La Mancha

Tirsdag 6. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Onsdag 7. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Fredag 9. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 10. oktober
17.00 Operahuset: Mann of La Mancha

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget