resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
VAKTHALD: Politivakter skjerma onsdag bygningar  Fiskå sentrum, som omsorgssenteret og den tidlegare sjukeheimen til høgre.
VAKTHALD: Politivakter skjerma onsdag bygningar Fiskå sentrum, som omsorgssenteret og den tidlegare sjukeheimen til høgre.

Varetektsfengsla etter politiaksjon på Fiskå

(23.08 OPPDATERING) I samband med at det rundt 13.30 onsdag oppstod ein situasjon ved eit offentleg kontor på Fiskå, gjennomførte politiet ein aksjon i Fiskå sentrum. Mannen er no vedteken vartekstfengsla i Sunnmøre tingrett.

Etter at ein person hadde oppført seg trugande og kome med trugsmål mot kommunalt tilsette, forlet personen området. Vedkomande hadde ikkje noko form for våpen då trugsmåla vart framsette, men ein såg situasjonen som så alvorleg at ein tilkalla politi. Omsorgssenter, kontoravdelinga på den tidlegare sjukeheimen og rådhuset vart etter dette stengde, og politiet søkte etter ein person i området. 

Litt før klokka 14 vart det meldt om at personen no var gripen utan dramatikk og at situasjonen var avklara. Vedkomande vart teken med til Ålesund for avhør mv.

OPPDATERING: Det er, ifølgje dokumenta frå retten skjelleg grunn til å mistenke mannen, som er utanlandsk statsborgar og der opphaldløyvet her i landet no har gått ut, for å ville utføre ei alvorleg straffbar handling. I politiavhøyr har han vedgått å ha sagt til den fornærma at han skulle ta livet av henne. 

Retten har vedteke at mannen kan haldast varetekstfengsla fram til 6. spetember. Det kan sjå ut som ein innan den tid kan halde såkalla hovudforhandling i retten. Den sikta anka rettsavgjerda til lagmannsretten.

Vi viser elles til papiravisa torsdag.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 24. januar
18.00 Bingo, Meks, Syvde

Laurdag 25. januar
15.00 Basar, Rovde forsamlingshus

Søndag 26. januar
19.00 Kveldsbøn, Hakallestranda bedehus

Tirsdag 28. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Myklebust skule
18.00 Møte, Fiskå bedehus

Onsdag 29. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Åheim skule
18.00 Møte, Fiskå bedehus

Torsdag 30. januar
18.00 Kulturskulekonsert, Fiskå skule
19.00 Song og musikkmøte, Rovde forsamlingshus

Tirsdag 4. februar
12.30 Pensjonisttreff, Kjeldsund

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget