resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
VATN over vegen på Breiteig nyttårsaftan.
VATN over vegen på Breiteig nyttårsaftan.

Vassfløde og straumløyse

(31.12) Nyttårsaftan gjekk vatnet over fylkesvegen på Breitieg og tok med seg grus og stein. Eine køyrebana var stengd medan ein fekk rydda bort det som låg på vegen. Fleire stader i Vanylven har straumen også vore borte i kortare eller lengre tid i dag.

Men store nedbørsmengder og snøsmelting høgt oppe, gjer at det blir oppmoda til å vere årvaken for kva som kan kome inn i vegbana både av stein, tre og vatn når ein er ute og køyrer. Det gjeld både på Breiteig óg andre stader.

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Opnar for vidaregåande sørover
Opnar for vidaregåande sørover
Denne veka vart det klart at tiandeklassingar frå Vanylven får lik rett til skuleplass ved skular i Sogn og Fjordane som elevar derifrå, så sant avtalen vert godkjent. Det var i formannskapet at ordførar Lena Landsverk Sande refererte ei melding om at utdanningsavdelinga på fylket vil gå inn for at elevar frå Vanylven skal telje likt med elevar frå Sogn og Fjordane ved inntak til vidaregåande skule sør om fylkesgrensa. Eit avtaleutkast er no sendt over til utdanningsavdelinga i Sogn og Fjordane for godkjenning. Det betyr at elevar frå Vanylven som vil søkje tilbod i Vågsøy eller på Eid, no vil verte vurderte på lik line med elevar frå Sogn og Fjordane når det gjeld å få plass ved skulen. Dette har særleg vore aktuelt for tiandeklassingar frå Åheim skule som ikkje har lang veg til Vågsøy. Til no har det vore slik at elevar herifrå har fått plass berre om det var plassar ledige.  Sjølv om det ligg eit atterhald i at Sogn og Fjordane må vere samde i avtalen, var formannskapet var opptekne av at ein må få informasjon ut til skulane og elevane, sidan det er kort att til søknadsfristen. Det vart dessutan peikt på at ein må jobbe for å få betre kommunikasjonar, og også få fram betre informasjon om dei fylkeskryssande rutene. På same vis kan det vere aktuelt for elevar særleg frå Stadlandet å søkje seg til avdelinga i Syvde.  Her er det førebels ikkje gjort avtale om lik rett til opptak, men dette vil praksis ikkje by på problem, sidan det er plassar ledige på dei fleste tilbod, og lova om rett til søking i heile landet frå 2017 gir høve til å søkje kvar ein vil. Vi kjem attende med meir om saka i papirutgåva.
18.01.19 09:37
Kajakk på avvegar
Kajakk på avvegar
(14.1) Er det noko som saknar ein kajakk? Frå Nordstranda har vi fått melding om at ein slik har drive i land. OPPDATERING: Vi har fått opplysningar om eigar. Vedkomande som tok kontakt med oss laurdag, seier kajakken då ikkje var til å rikke - full av vatn og godt sige ned i sanden. Men han såg tilsynelatande heil ut. Er det noko som saknar ein slik, kan de berre ta kontakt med oss så skal vi gi nærere opplysningar om  staden ein kan finne han.
14.01.19 09:25
Åheim skule i klassequizen
Åheim skule i klassequizen
(7.1) NB: Sending onsdag! Det er klart for ny runde i NRK sin klassequiz for tiandeklassingar, som leiar fram til TV-sendt landsfinale for dei to beste laga i kvart fylke i april/Mai. Onsdag ca kl 14.30 kan ein høyre korleis det går med elevane frå Åheim.Det er i år sjuande året med Klassequiz i NRK. 536 skular i heile landet er påmelde, og i Møre og Romsdal er det påmeldt 34 lag frå ulike skular rundt i hele fylket, frå Smøla i nord til Åheim og Myklebust i sør. Det er likevel seks lag færre enn rekorden med 40 lag som vart sett i fjor. Sjølv om dei får dekt reiseutgiftene, kan dette mest truleg setjast i samanheng med at skulane no må reise til Ålesund for å gjennomføre konkurransen i studio der, i staden for at NRK tidlegare har reist rundt til skulane.  For dei som vil høyre korleis det går med elevane frå Åheim skule, må ein slå på lokalsendinga onsdag 9. januar, då opptaket frå kvissen går ca kl 14.30, og ikkje tysdag slik vi først skreiv. Myklebust skule er også påmeld, men skal ikkje i elden før 1. februar. Så vert det spanande å følgje våre lokale deltakarar. I fjor var det Ytre Herøy ungdomsskule og Halsa skule som vann fylkefinalen.
07.01.19 12:15
Og vatnet steig...
Og vatnet steig...
(4.1) – Regnet bøtter ned i Møre og Romsdal, skriv meterologane på yr. no. Jau, takk, vi merkar det!Men sjølv om det har vore kraftig nedbør og snøsmelting både torsdag og fredag, kjenner vi så langt ikkje til alvorlege konsekvensar av all nedbøren. På yr.no er det meste av varseltrekantar framme, og det er klart at ein må passe godt på når siuasjonen er som no og heile tida syte for at vatnet får passasje der det skal renne.
04.01.19 21:55
Bussen med tekniske vanskar
Bussen med tekniske vanskar
(04.01) Ein buss fekk i morgontimane tekniske vanskar og har stått stille og teke opp eine vegbana mellom krysset ved avkøyringa til Fiskå og elva lenger ute. Bussen var på veg til Fiskå for å starte morgonruta klokka 06.20, då han fekk motorstogg i den svake kurva ned mot flata ved elva. Etter det vi får opplyst skal ny buss ha vorte sett inn i ruta slik at ein nådde både ferja på Koparnes og korrespondanse mot Lauvstad. 
Rundt klokka 13 hadde ein fått bussen i funksjonell stand att, slik at han kunne fjernast frå staden og køyrast til verkstad.
04.01.19 12:54
Vassfløde og straumløyse
Vassfløde og straumløyse
(31.12) Nyttårsaftan gjekk vatnet over fylkesvegen på Breitieg og tok med seg grus og stein. Eine køyrebana var stengd medan ein fekk rydda bort det som låg på vegen. Fleire stader i Vanylven har straumen også vore borte i kortare eller lengre tid i dag.Men store nedbørsmengder og snøsmelting høgt oppe, gjer at det blir oppmoda til å vere årvaken for kva som kan kome inn i vegbana både av stein, tre og vatn når ein er ute og køyrer. Det gjeld både på Breiteig óg andre stader.
31.12.18 14:59
Nørve sluttar som rådmann
Nørve sluttar som rådmann
(18.12) Det vart i dag offentleg kjent at Andreas Chr. Nørve sluttar som rådmann i Vanylven. Han blir frå april assisterande rådmann i Herøy kommune.Oppseiinga slo ned som ei bombe i det politiske miljøet i Vanylven då ho vart kjend der tysdag.  I ein uttale seier Nørve sjølv at han har teke denne avgjerda av personlelge og familiære årsaker, og at det ikkje har noko med mistrivsel eller misnøye med Vanaylven kommune som arbeidsgjevar å gjere. Meir om saka i papiravisa i morgon.
19.12.18 12:03
Bok-kast på biblioteket
Bok-kast på biblioteket
Hundretals av bøker vert no sorterte ut av hyllene på biblioteket i Syvde. Etter helga vert det høve til bokplukk for leseglade, og kanskje dukkar det fram ei mulighet til gratis julegåve?Både denne og neste veke vert det arbeidd med sortering av tusenvis av bøker i hyllene på biblioteket, der fleire hundretals skal takast ut for å gje betre plass. To tilsette frå fylkesbiblioteket er tilstades for å hjelpe til med å plukke ut bøkene som skal bort, i tillegg til bibliotekleiar Hilde Myklebust og andre som er innom og tar eit tak.
            – Det er klart at ein kan ikkje berre fylle på og fylle på i ti-år etter ti-år. Einkvan tid må ein også begynne å ta bort i andre enden, seier Hilde Myklebust. Difor ser ein no i første rekkje på i kva grad bøkene har vore lånte ut siste åra. Dei som ikkje har vore lånte ut på fem år, hamnar gjerne i dei store dunkane som er komne på plass til føremålet. Eldre og kanskje utdaterte fagbøker vert også fjerna.
           – I tillegg prøvar vi å bruke litt skjøn. Og det er eit stort arbeid, både med å gå gjennom bøkene, og så skal dei skannast ut av systemet og fjernast frå registera, seier Myklebust. Kulturrådgjevar Helle Frogner har også delteke i arbeidet nokre av dagane og viser korleis dei rydda hyllene gir betre plass til å vise fram aktuelle og nye bøker. Hilde Myklebust peikar dessutan på at betre plass kan gje høve til andre ting enn bøker. 
            – Biblioteket skal vere ein formidlar av kultur i vid forstand, så det kan vere opplesing, små førestillingar og liknande, seier ho. Frå måndag vert det høve for interesserte å kome å gå gjennom dei kasserte bøkene, der det kan vere mykje interessant å finne. 
           – Nokre gongar skjer det litt i hjartet over det ein må kaste, men slik er det berre. Ein kan ikkje ta vare på alt, seier dei to.
14.12.18 13:18
Aviser på avvegar igjen
Aviser på avvegar igjen
(13.12) I dag er eit stort antal utgåver av Synste Møre på avvegar. Det manglar aviser til Lauvstad, Rovde, Stadlandet og Selje. Sidan avisa i alle fall blir sein - og truleg først kjem i morgon (fredag), legg vi ut elektronisk utgåve av avisa her OPPDATERING: Avisene er no (kl. 09.10) lokaliserte. Dei er i Stryn og vil bli utdelte i morgon til dei som ikkje har fått i dag.Vi kjem med nye meldingar om vi får andre beskjedar utetter dagen.
13.12.18 08:42
Bok-ettermiddag i Synste Møre
Bok-ettermiddag i Synste Møre
(4.12) Torsdag ettermiddag byd Synste Møre inn til ei bok - og bladstund i redaksjonslokala på Fiskå. Det Norske Samlaget har spurt om vi ville arrangere signering av Julerose-hefta. Og naturlegvis ville vi det!Bakgrunnen er at to vanylvingar, Hilde Myklebust og Maria Parr, har skrive i høvesvis Juleroser og Barnas juleroser i år. Dette er dei populære julehefta som Herborg Kråkevik er redaktør for. Dei to vanylvsforfattarane har også begge vore knytte til Synste Møre  - og då gir det seg sjølv. Vi har naturlegvis også hefta, men dei er også å få kjøpt i fleire lokale butikkar. Så om du har kjøpt eit ein stad og vil ha det eller dei signerte, er det berre å ta det med.  Vi har skaffa fleire av bøkene som dei to har gitt ut - inklusiv Hilde si barnebok om Jon og den lange julenatta og Barnas storer Eventyrbok som Maria har omsett til nynorsk. Vi lovar kaffi, saft og pepparkaker - og kanskje finn de også andre interessante gåver mellom dei lokale bøkene vi har. Arrangementet var annonsert i papiravisa Synste Møre og på nettsida.  Vel møtt!
04.12.18 09:10
Fjerna ferjelemmen
Fjerna ferjelemmen
Tjue år og sju månader etter at han sist var i bruk til ferjedrift, vart ferjelemmen på Syvdneset torsdag 29. november heist på land og fjerna frå det våte element.  Det er Selstad AS i Måløy som overtok ferjekaia til notvasking etter at det vart slutt på ferjedrifta. Det varte ikkje mange år, og dei siste ti-tolv åra har det vore liten aktivitet på kaia. Forfall har prega området, og særleg har det vore klager på ferjelemmen som har hengt glatt og skråstilt ned i sjøen. Etter fleire avissaker dei siste fem åra, der Selstad har lova å rydde opp, og også i fjor brev frå kommunen og grendalaget på Rovde, har verksemda denne veka gjort alvor av lovnadane. Det er også fjerna røyr og lause gjenstandar på sjølve kaia. Trond Lillebø i Selstad AS fortel at det no også vil verte sett opp gjerde som stengjer for allmenn ferdsel på området. 
29.11.18 14:24
Trafikkuhell ved Nave
Trafikkuhell ved Nave
(22.11) Ein bil gjekk rundt og ein person fekk helsehjelp på staden etter eit uhell på fylkesveg 61 mellom Åheim og Maurstad ikkje langt frå hjortefarmen ved Navevatnet i ettermiddag. Det skal ikkje vere snakk om alvorleg skade.Til Fjordenes Tidende seier politiet at uhellet skjedde etter at bilen glei og snurra rundt. Den trefte heldigvis ikkje fjellveggen. Det skal ha vore glatt vegbane i området. Vegan var stengt i korte periodar og det er elles meldt om manuell dirigering forbi staden.
22.11.18 15:57
Vanylven Røde Kors tek del i leiting
Vanylven Røde Kors tek del i leiting
(22.11) Vanylven Røde Kors tek, saman med hjelpekorps frå andre delar av Søre Sunnmøre, del i leiteaksjonen etter ei ung kvinne i Ørsta.  Det var i går, onsdag, at ei ung kvinne var meldt sakna etter ikkje å ha kome tilbake frå ein tur til Saudehornet i Ørsta. Leiteaksjon vart sett i verk , og heldt fram torsdag morgon med nye mannskap då ein ikkje hadde funne kvinna.  Sju personar frå Vanylven Røde Kors tek del i aksjonen frå morgonen av, opplyser NRK på eigne facebooksider.
22.11.18 11:47
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 21. februar
17.30 Musikalen 2019, Ørsta kulturhus
19.00 Møte, Rovde
20.30 Musikalen 2019, Ørsta kulturhus

Fredag 22. februar
18.00 Bingo, Nordstranda bygdehus
20.00 Dr Bergland, Fosnavåg konserthus

Søndag 24. februar
19.00 Holum trio, Fosnavåg konserthus
19.00 Årsmøte, Åheim småbåtlag

Mandag 25. februar
16.00 "Vidar Sandbeck", VHO, Fiskå
19.00 "Vidar Sandbeck", Vanylven bibliotek, Syvde

Onsdag 27. februar
19.00 Møte, Fiskå bedehus

Søndag 3. mars
13.00 Torskemiddag, Syvde samf.hus

Torsdag 7. mars
19.30 Hedvig Mollestad Trio, Fosnavåg konserthus

Torsdag 23. mai
Åram+

Fredag 24. mai
Åram+

Laurdag 25. mai
Åram+

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget