
Venstre vann skulevalet lokalt
(5.9) Ordførar Lena Landsverk Sande (V) kan smile nøgd etter resultatet av skulevalet ved avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven. Venstre fekk 13 av 23 røyster – og er desidert størst, med Miljøpartiet De Grønne (MDG) på ein like klar andreplass.
Dei to partia fekk høvesvis 56,5 og 30,4 prosent av røystene ved skulevalet for avdelinga i Syvde. KRF, FrP og Helsepartiet fekk ei røyst kvar. Dei andre fekk ingenting
Ser vi på resultatet for Møre og Romsdal, er situasjonen ein litt annan. Arbeidarpartiet er her klart størst med 23,5 prosent av røystene. FrP og Venstre er nesten jamstore med høvesvis 13,7 og 13,1 prosent på dei to neste plassane.