
Vil legge ned vidargåande i Vanylven
(26.11) – Eit vedtak slik det er fatta kan ikkje bli ståande. Det er rett og slett uakseptabelt, seier ein oppgitt, sint og frustrert ordførar i Vanylven etter Fylkesutvalet sitt vedtak i dag.
– Løpet er ikkje køyrt. Saka skal handsamast i fylkestinget. Vi må kjempe vidare, seier ordføraren, men som innrømmer at akkurat i dag ser ho ikkje særleg lyst på situasjonen.
– Vi har bede om to år til å omstille oss, både skule, elevar og foreldre. Vi har bede om diskusjonar om korleis vi kunne få alternative linjer lagt til skulen. Vi veit avdelinga i Vanylven er god. Elevane trivs. Fråfallet er lite. Og i alle tilfelle: Skulle avdelinga likevel bli lagt ned, må det sytast for skyssordningar som gjer at elevane kan pendle og bu heime om dei ønskjer det. Slik vedtaket ligg no, er det uakseptabelt og har lite med distriktspolitikk som det blir snakka så fint om, å gjere, seier ordføraren i ein første kommentar til oss.
Vi kjem tilbake til saka i papiravisa torsdag.