resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
HURTIGBÅT: Mange gjekk på i Sandvika då det vart arrangert prøvetur med hurtigbåt hausten 2017.
HURTIGBÅT: Mange gjekk på i Sandvika då det vart arrangert prøvetur med hurtigbåt hausten 2017.

Vil starte hurtigbåtrute

Cruiseselskapet Cruise Service AS med base i Ålesund har søkt fylket om konsesjon til å drive hurtigbåtrute mellom Stadlandet og Ålesund. 

 Det melder avisene Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten. Selskapet driv til vanleg med cruiseturisme og hadde rigga seg for tidenes cruisesesong frå mars til oktober, før korona-krisa kom. Då rann det inn med avbestillingar. Over tre hundre førehandsbestilte turar vart avlyste, og ein måtte finne på noko nytt, seier Kåre Molvær, operasjonssjef og ein av eigarane i Cruise Service AS, til Vikebladet.

Samband Bergen-Ålesund
Søknaden skal behandlast i samferdselsutvalet onsdag i neste veke.
         - Planen vår er å gje eit tilbod til dei som reiser med Norled si rute mellom Bergen og Selje. Vår båt skal gå frå nordsida av Stadlandet, frå Sandvika. Då kan passasjerane reise frå Ålesund og morgonen og vere framme i Bergen utpå ettermiddagen, fortel Kåre Molvær.

Vil vurdere stoppestader
På spørsmål om stoppestader seier Molvær at ein vil vurdere dette etter kvart som ein ser interessa.
           -Men vi vurderer ulike stoppestader, til dømes både Ulsteinvik, Mjølstadneset, Sandshamn og Åram, seier han.

Plass til to hundre
Molvær er usikker på om søknaden får støtte frå fylkespolitikarane, men blir det ja, kan ruta starte 8. juli. Då skal ei kai på Sørsida i Ålesund vere ferdig, og ein vil i så fall nytte 
hurtigbåten “Gabrielle”- med plass til to hundre passasjerar.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Torsdag 29. oktober
19.00 Møte, Hakallestranda bedehus

Søndag 1. november
17.00 Kor og country, Olivinhallen, Åheim AVLYST

Torsdag 5. november
18.00 Fiskå bedehus

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget