resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

UKM 2019

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Suksessfyllt serieopning
Suksessfyllt serieopning
Det meste varma, utanom vêret, då ny tribune vart innvigd med serieopning for Vanylven FK og 8-1 over Sæbø. Folk møtte fram i eit tal på nærare 150 for å delta i opninga av nyetribuna, der såleis alle dei 120 seta var fyllte. Opninga vart ei markering av positiv vilje, samarbeid, dugnadsånd og framtidstru, som vi kjem nærare attende til i papiravisa. Men også ute på bana varma det då kampen kom i gang. Etter ein nokonlunde jamspelt førsteomgang, der Vanylven låg hakket over, anført først og fremst av ei glimrande midtbane, stod det 3-1 til vertane. Og i andre omgang trådte kvalitetsskilnaden meir tydeleg fram. Særleg dei siste tjue minutta køyrde heimelaget over gjestane frå Sæbø og putta inn tre raske mål, slik at det enda 8-1 i protokollen.
Ein overbevisande kamp av Vanylven, der Anders Bellen stod for tre mål, Kristoffer Thue Stranden for to mål, medan Henning Sætre og Per Gunnar Lundehaug skåra eitt mål kvar og det siste var sjølvmål.
10.05.19 20:51
Tronskifte og lokal kvinnesiger i 1. mai-løpet
Tronskifte og lokal kvinnesiger i 1. mai-løpet
(01.05) 1. mai -løpet på Åheim er 60 år i år. Og stort betre presang enn underhaldninga og spenninga det rekordstore hovudfeltet baud på i år, kunne vel arrangøren knapt ønskje seg. 18-åringen Nahom Kiberab frå Ørsta tok sigeren i herreklassen  på 10.30 og Åheim si eiga, unge løparstjerne, knapt 16 år gamle Tiril Hasund, sikra sigeren i dameklassen.Kristian Nedregård frå Spjelkavik og omegn er sjølve kongen i 1. mai-løpet på Åheim. Han stiller årsvisst opp og er blitt glad i dette tradisjonsrike og velorganiserte løpet, slik han også sa det i intervju før start. Også i år var han klar favoritt. Det var vanskeleg å sjå kven som skulle skulle han. Men det var vel fordi ingen på førehand hadde trudd at den unge 800-metløparen frå Ørsta med knapt eit halvår friidrettstrening bak seg, Nahom Kibera, skulle kunne yte det han gjorde. Kiberab leia med nokre meter inn i den siste tunge bakken bak hallen -  og der kunne vi frå målområdet sjå at Nedregård henta han inn, slik han har gjort med så mange konkurrentar gjennom åra. Men den unge ørstingen, som kom frå Eritrea som barn, beit tennene saman, kom tilbake, og slo Nedregård i spurten. Og ikkje før hadde jubelen over den spennande spurten lagt seg - så dukka Åheim IL si eiga Tiril Hasund opp som første kvinne i feltet og sikra ein umåteleg polulær siger i dameklassen. Vi kan berre gratulere! Meir om 1. mai-løpet i papiravisa neste veke.
01.05.19 19:28
«Høymesse» opna kyrkje-påska
«Høymesse» opna kyrkje-påska
(14.3) Tradisjonen tru var syngande barn ned viftande greiner og eit ekte esel sentrale aktørar i gudstenesta i grindløa på Hakallegarden palmesøndag.Godt med folk samla seg i løa søndag føremiddag til den spesielle palmesøndagsgudstenesta som innleier påskefeiringa i kyrkjene i Vanylven. Ogå i år var det, som ofte tidlegare år, dåp som ein del av innhaldet. Og damekoret på Åram stilte opp med song. Og etterpå nytta mange høvet til ein solfylt kykjekaffi på den store, nye terassen som er kome på garden.
14.04.19 13:11
Marknadsdagen vart folkefest
Marknadsdagen vart folkefest
(13.4) Vi må til med fire siffer om vi skal skrive publikumstalet på marknadsdagen på Hakallestranda laurdag.I eit strålande vårver fyltest snart den store parkeringsplassen opp og bilar stod langs vegen eit stykke innover og langt utover. Brannbamsen Bjørnis var nok det store trekkplasteret for dei minste. Og det minte om mottakinga av ei rockestjerne då bamsen saman med brannfolk og leikarring entra scena. Men her var og mykje anna- som lokal mannekengoppvisning, turar med traktor og brannbil, leikeapparat, dyr å sjå på og naturlegvis godt med salsboder som baud fram både eitt og hitt. I tillegg av servering av mat i fleire variantar. Det eksakte publikumstalet var ikkje kjent då vi drog, men at det bikka 1000, var heva over tvil. Hakallestranda Utvikling AS, som er arrangør av marknadsdagen, kan opplagt notere ein av sine største suksessar sidan oppstarten. Dette blir mange gatelys i bygda, for det er det overskotet skal gå til. Biletreportasje i papiravisa over påske.
13.04.19 16:01
Toalett vart hjarterom
Toalett vart hjarterom
(11.4) I huset like ved Vanylven kyrkje på Slagnes, som mellom anna inneheld lagerrom og toalett, har merket «hjarte på døra« fått ei utvida tyding.Vik krinslag har nemleg no fått kjøpt inn hjartestartar som er nettopp på toalettet. Det står alltid ope, og startaren er dermed tilgjengeleg til ei kvar tid. Han er kjøpt inn av krinsen med støtte frå soknerådet og vil dessutan verte registrert i Hjartestartarregisteret, fortel leiar i Slagnes og Vik krins, Stig-Vidar Slettestøl. (Denne saka vart og publisert i papirutgåva torsdag, men deler av teksten hadde, på grunn av ein feil under oversending, falle ut)  
11.04.19 11:51
Fekk gitt ministeren ei grundig orientering
Fekk gitt ministeren ei grundig orientering
(27.3) Samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) fekk ei svært grundig orientering om Rovdefjordsambandet i øvre salong på reserveferja «Ølen» onsdag.Medan ferja gjekk både fram og tilbake eit par dobbelturar over fjorden, vart statsråden fora med infomasjon om brua, og ikkje minst den teknologiske nyvinninga dette sambandet vil stå for på fleire område.  Svein Gjelseth frå Vanylven Utvikling stod føre hovudinformasjonen, medan Tore Roppen gav informasjon om nyskaping og mulegheiter når det galdt bygging av bruelementa.Og Roppen, som kjenner svært mange v dei påtenkte samband langs kysten var klar når det galdt Rovdefjordsambandet: Ingen av dei sambanda han kjenner til, er så gryteklart som Rovdefjordsambandet. I etterkant summerer Gjelseth overfor oss opp dagen som svært vellukka. Det var Framstegspartiet  og varaordførar Bjarne Sætrenes som hadde invitert Dale til dette besøket. Vi kjem tilbake med meir i papiravisa neste veke.
27.03.19 18:19
Ønskjer kontakt med veteranar
Ønskjer kontakt med veteranar
I fjor hadde Vanylven for første gong markering av veterandagen for dei som har delteke i fredsbevarande operasjonar frå andre verdskrig og fram til i dag. No ber ein om at veteranar eller pårørande til slike melder seg, så ein får full oversikt over registera. Veterandagen vert markert på frigjeringsdagen 8. mai. I fjor vart det halde ei stilfull markering ved rådhuset med eit av dei beste frammøta i Møre og Romsdal. Likevel er der store manglar i registreringar av deltakarar i til dømes Tysklandsbrigaden og tidlegare FN-operasjonar. Kommunen har difor eit sterkt ønskje om at veteranar eller pårørande tar kontakt, slik at får oppdatert listene og kan ta kontakt med alle i god tid og for å planlegge markeringa i 2019.
15.03.19 20:17
Spekkhoggarar i Kjødepollen
Spekkhoggarar i Kjødepollen
(6.3) Tysdag vart det sett ein stor flokk med spekkhoggarar i Kjødepollen. Fire av dyra var heilt inn på pollen, dei andre lenger ute i fjorden. Eit par av dei var svært store, og det var litt skremande, samstundes som det var fantastisk å sjå, seier Kari Aahjem, som har lagt ut fleire vidoear på facebook. Her kan du sjå to av dei, den andre i lite format.
06.03.19 08:50
Rimelegare over Voldsfjorden - dyrare i Sande
Rimelegare over Voldsfjorden - dyrare i Sande
(1.3) Distansemåling av ferjestrekningar i Møre og Romsdal gir både tap og vinning for distriktet vårt. Lauvstad-Volda går ned med ei sone, medan Larsnes- Kvamsøy får auke. Samferdselsutvalet får saka onsdag.På folkemøtet på Lauvstad i oktober vart det teke fram at strekninga Lauvstad-Volda er i for høg sone og det vart lovt kontrollmålingar. Seinare vart det sagt at ein ville gjere ei måling av alle ferjestrekningar før ein konkluderte. Til samferdselsutvalet sitt møte neste veke ligg resultat av målingar føre. For to strekningar rår fylkesrådmannen til at ein endrar soner alt no, medan ein for seks andre ventar til ny anbodspakke. Dei to som ein vil endre no, er Lauvstad-Volda og Larsnes-Kvamsøy som er foreslått endra frå 1.april i år. Dei to er såkalla bruttosamband, der fylkeskommunen har ansvaret for både inntekts- og utgiftsida  - og kan såleis forandrast utan at det får følgjer for kontrakten med ferjeselskapet. Framlegget går ut på at Larsnes-Kvamsøy blir auka frå sone 8 til 9, medan Lauvstad-Volda blir rdusert frå sone 10 til 9. Endringa vil gi eit inntektstap for fylkeskommunen på 629.000 kroner etter det som er utrekna.
01.03.19 14:29
Øvde på ulukke med farlege stoff
Øvde på ulukke med farlege stoff
(21.02) Ein velta hengar med farleg gods og gassutvikling var utgangpunktet for øvinga som dei to siste dagane har vorte gjennomført på Fiskaa Maskin AS sitt område i Låtra på Fiskå.  Øvinga har vore ei samøving mellom brann- og redningsmannskap, politi, Røde kors og ambulansepersonell. Sitauasjonen, med ei velta vogn med farlege stoff, har gitt øving i bruk av samband og instruksar frå 110 om framgangsmåtar og tilnærming til sitausjonen. Dekontaminering, eller reins av personar og materiell, har også vore viktige element i øvinga, som elles, som alle øvingar, gir konkrete høve til å danne seg inntrykk av praktiske detaljar ved framgangsmåtar og bruk av utstyr som kunne vore gjort annleis eller vore betre. Meir om saka i papiravisa.
22.02.19 11:05
Maria fekk Sult-prisen
Maria fekk Sult-prisen
(12.2) Forfattaren Maria Parr frå Fiskå fekk under ei tilstelling i Oslo i dag tildet Sult-prisen frå Gyldedals legat. Ho er den første barnebokforfattaren som har fått denne prisen, skriv Samlaget i ei pressemelding.‹Årets mottaker av Sultprisen er en utpreget historieforteller, en som vet å holde sitt publikum på kanten av stolen i spenning: Fortellingene morer, men kan også lokke fram en tåre...› står det mellom anna i grunngjevinga frå juryen. Sultprisen blir tildelt "eminente yngre forfatterskap" som det står i statuttane, og er på 250.000 kroner.
12.02.19 16:37
Selje-ordførar vil bli Vanylvs-rådmann
Selje-ordførar vil bli Vanylvs-rådmann
(4.2) Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (biletet), er mellom dei åtte søkjarane til stillinga som rådmann i Vanylven. Tre søkjarar har bede om ikkje å bli nemnde offentleg.Dei fem søkjarane som er kjende, er følgjande: Olav Fure (54), Volda (no sjåfør, men med mangslungen praksis m.a. som kommunalsjef)
Ingvild Nergård Hattrem (38) (no assisterande rådmann i Stordal/Nordal)
Geir Kvisten (46), Flisa (tidlegare rådmann)
Ann-Heidi Orvik (47), Midsund (dagleg leiar/gründer)
Stein Robert Osdal (45)l, Flatraket (ordførar) Så er det altså tre personar som har bede om, og fått medhald i det hos kommunen, at namnet deira ikkje skal bli offentleggjort.
04.02.19 15:27
Bergingsøving på Maurstadeidet
Bergingsøving på Maurstadeidet
(02.02)Redningdsdykkarar frå Vanylven og Vågsøy hadde i dag redningsøving på Juvatnet i lag med mannskap frå redningshelikopteret. Hovudelement i øvinga var bruk av utstyr for å berge personar som har gått gjennom isen. Ein fekk fin øving i element ved søk og å ta opp personar frå vatnet. Vi kjem meir attende til øvinga i papirutgåva.
02.02.19 14:14
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 17. mai
Program for 17. mai finn du her 
20.00 Annar Follesø, Volda kyrkje

Laurdag 18. mai
22.00 Kim Larsen Tribute Band, Fiskå ungd. hus

Torsdag 23. mai
18.00 Yngve Jørgensen, utstilling, Åram skule. 
19.00 Konsert Vanylvsgapet, Åram kyrkje. 

Fredag 24. mai
19.00 Konsert, Kreutzer-sonaten, Åram kyrkje.

Laurdag 25. mai
11.00 Konsert, Åram kyrkje.
12.30 Familiearrangement: Hva kommer nå? Åram skule
14.00 Edvard Hoem og Jan Inge Sørbø: Inger Hagerup – tradisjonalist og opprørar, Åram skule
15.15 Edvard Hoem: Frå slåttekar i himmelen til jordmor ... Åram skule
17.00 Marie Nedregotten Sørbø: Jane Austen, Åram skule
18.30 Ruth Lillegraven og Hilde Myklebust. Poesisamtalen, Åram skule
20.00 Konsert: Sigrid Moldestad, Åram skule
21.30 Øystein Vidnes inviterer Øyvind Vågnes, Åram skule

Torsdag 30. mai
12.00 Stevne, møte på Stryn samf.hus
16.00 Stevne, møte på Stryn samf.hus
19.00 Stevne, møte på Stryn samf.hus
19.00 Elieser 6, Fagerholkaia, Fiskå

Fredag 31.mai
13.00 Stevne, forbøn på Stryn samf.hus
18.00 Møte, Stryn samf.hus

Torsdag 12. september
19.30 Heine Totland & Gisle Børge Styve, Fosnavåg konserthus

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget