resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Om oss

53709_thumb.jpg

Synste Møre held til i dette bygget i Djuvika på Fiskå. I eit lyst og triveleg lokale har avisa både redaksjon og ekspedisjon. Desse medarbeidarane kan du møte der:

Redaksjon

Vidar Parr
Redaktør

Mobil: 950 24 548
Epost: vidar@synste.no

Rønnaug Søvik
Annonsekonsulent

Mobil: 951 40 755
Epost: ronnaug@synste.no

Ole Magne Kvalsvik
Journalist

Mobil: 911 84 479
Epost: olemagne@synste.no

Kjell Brenne
Journalist (Deltid)

Mobil: 950 24 553
Epost: kjell@synste.no

Synste Møre er eigd av eit aksjeselskap (Synste Møre AS), der 50 aksjar er fordelte på 14 aksjonærar. I styret sit Kjell Brenne (styreleiar), Mildrid Wefring, Einar Ekroll og Bjørnar Osnes. Vidar Parr er dagleg leiar i selskapet.


Postadresse:
Synste Møre
Boks 53
6139 Fiskåbygd


Telefon:
700 20820
700 20820

Telefax:
700 20825

E-post:
redaksjonen@synste.no


Bankkonto:
3972.20.33233 (Sparebanken Møre)

Organisasjonsnummer:
858 651 522

Synste Møre er medlem i Landslaget for Lokalaviser (LLA)

 

 

Rønnaug Søvik
Annonsekonsulent

Mobil:
951 40 755

Historikk

historie01.jpg

Det var Per G. Osnes (1934- 1990) som starta bygdebladet Synste Møre i januar 1970. Det første nummeret, som kom i januar, hadde rett nok tittelen "Bygde-bladet" der Osnes baud inn til namnekonkurranse. Det var Simon Eikrem frå Syvde som vann denne med namneforslaget Synste Møre. Første nummer med dette namnet kom 13.mars 1970. 

Første åra vart avisa laga i heimen til Liv og Per G. Osnes i Nordalen i Syvde. Osnes kom frå Ulsteinvik, og svara sjølv slik då Sunnmørsposten i 1981 spurde han om kvifor han starta bygdeblad i Vanylven:
– Eg tykte det var tomt utan bygdeblad sidan eg vaks opp i Ulsteinvik og ofte sprang til Vikebladet og skreiv, viste eg litt om kva eit bygdeblad var. 
 
Frå første åra i kjellaren i Nordalen på tidleg 70-tal. Liv Breiteig Osnes brettar aviser som skal sendast ut.
historie02.jpg
Liv og Per G. Osnes dreiv avisa med nokre meldarar i tillegg. Ofte var heile familen involverte i ulike operasjonar for å få avisa ut. Etter kvart vaks bedrifta seg ut av kjellartilværet i Nordalen og flytte inn i Sundvall-huset på Notaplassen i Syvde. Her dreiv og Per G. Osnes rekneskapsfirma i tillegg til avisdrifta.

I 1987 flytte avisa igjen til nye lokale. No til lokala i andre høgda "OB-bygget" på Fiskå. Samstundes skifte avisa namn til vestAvisa, mellom anna fordi ein etter kvart hadde fått såpass mykje fotfeste på andre sida av fylkesgrensa at ein fann det lite tenleg med eit namn som inneheld "Møre". Avisa ekspanderte kraftig i denne perioden og skifte utgivardag frå fredag til torsdag. Annonsemengda auka kraftig. Det vart investert i mykje nytt utstyr, og vestAvisa var mellom dei første som for alvor tok steget inn i dataalderen.

Men også avisa fekk merke nedgangsbølgja som kom etter "jappetida" på 80-talet. Raskt sviktande inntekter som følgje av at firma innskrenka, blei lagde ned eller gjekk overende, gjorde at ein ikkje greidde ikkje å forsvare dei investeringane som var gjort. I 1989/90 gjekk det rett ille og det såg ei stund ut for at tida for lokalavisa var over. Ei refinansiering måtte til. Kjell Brenne var no komen inn som medredaktør til Per G. Osnes. Eit nytt lokalt aksjeselskap – Vestavisa AS – vart skipa og skulle prøve å halde fram med å gi ut avisa. Det lukkast etter kvart å få til avtale med banken som gjorde det verdt å prøve. Midt i denne vanskelege og krevjande prosessen vart Per G. Osnes sjuk og døydde like før jul i 1990. Kjell Brenne tok over leiinga av avisa, selde ut mykje av utstyret og makta etter kvart å få drifta i balanse.

I 1992 overlet Kjell Brenne redaktøransvaret til Bjørnar Osnes, som hadde vore styreleiar i selskapet etter at far hans, Per G. Osnes, døydde. Brenne tok no over som styreleiar og har hatt dette vervet sidan. Bjørnar Osnes var redaktør fram til januar 1996 då Randi Flø tok over. Ho sat til mars 1998, då noverande redaktør og dagleg leiar, Vidar Parr, tok over.

I 1999 vedtok styret i avisa at ein i løpet av jubileumsåret 2000 skulle ta tilbake det gamle namnet Synste Møre. Det skjedde 12.oktober 2000. I desember 2000 fekk Synste Møre ved Liv B. Osnes Vanylven kommune sin kulturpris. Liv hadde arbeidt i avisa frå starten og til 1999 . Før jul i 2002 flytte så Synste Møre inn i eigne lokale i Djuvika på Fiskå. Etter mange og lange diskusjonar tok ein avgjerda om skaffe redaksjonen tenlege og moderne lokale med godt arbeidsmiljø.

Synste Møre hadde i 2002 eit godkjent opplag på 2103 og verka tilsynelatande både oppegåande og med tru på framtda, sjølv om det å gi ut ei lokalavis i Vanylven ifølgje medieforskar Johan Roppen sin atikkel ved 25-årsjubileet "burde vere eit umuleg prosjekt".

 

historie03.jpg
Kulturprisen i år 2000 gjekk til Synste Møre ved Liv B. Osnes. Her ser vi Liv som tek mot prisen av ordførar Jon Aasen under bordsetet i Vanylven kommunestyre sitt desembermøte. I framgrunnen varaordførar Tormod Hvattum, og i bakgrunnen styreleiaren i Synste Møre, Kjell Brenne.
 
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Vanylven Røde Kors tek del i leiting
Vanylven Røde Kors tek del i leiting
(22.11) Vanylven Røde Kors tek, saman med hjelpekorps frå andre delar av Søre Sunnmøre, del i leiteaksjonen etter ei ung kvinne i Ørsta.  Det var i går, onsdag, at ei ung kvinne var meldt sakna etter ikkje å ha kome tilbake frå ein tur til Saudehornet i Ørsta. Leiteaksjon vart sett i verk , og heldt fram torsdag morgon med nye mannskap då ein ikkje hadde funne kvinna.  Sju personar frå Vanylven Røde Kors tek del i aksjonen frå morgonen av, opplyser NRK på eigne facebooksider.
22.11.18 11:47
På tunnelferd i Stortinget
På tunnelferd i Stortinget
Ordføraren i Vanylven, Lena Landsverk Sande, var saman med ein sterk delegasjon Venstre-folk frå Vestlandsfylka, onsdag i Stortinget for å fremje vidare framdrift av Stad skipstunnel. Frå Møre og Romsdal var såleis også vara-fylkesordførar Gunn Berit Gjerde med.I etterkant av møtet fortel Landsverk Sande at dei møtte Jon Gunnes frå Transportkomiteen og statsekretær Sveinung Rotevatn. Dei spela, i følgje Landsverk Sande, inn tre hovudpunkt: For det første ville dei at Kystverket vert bedne om å kome med ei «motmelding» til KS2. Oppmodinga må kome frå komiteen under Stortings-behandlinga av budsjettet. For det andre ville dei gjere klart at ein liten tunnel ikkje er eit aktuelt alternativ For det tredje ønskte ein støtte til at midlar blir sette av i statsbudsjettet, slik at Kystverket kan jobbe vidare med førebuingane til tunnel. Både Ap, Sp og no også KRF har foreslått slike midlar i sine alternative budsjett. Ikkje minst KrF er interessant i den samanhengen, sidan dei også skal i regjeringstingingar med H, FrP og V, seier Lena Landsverk Sande.
14.11.18 15:24
Avdelinga i Vanylven blir ikkje lagt ned no
Avdelinga i Vanylven blir ikkje lagt ned no
(12.11)Utdaningsutvalet i Møre og Romsdal Fylkeskommune har vedteke at avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven ikkje skal leggast frå skuleåret 19/20 slik forslaget frå administrasjonen la opp til.Det var etter eit framlegg frå leiar i utvalet, Bjarne Elde (Ap) og Gunn Berit Gjerde (V) at politikarane valde  ikkje slutte seg til framlegget om nedlegging. Fleira av dei hadde då og ved inngangen til denne perioden lova at så ikkje skulle skje. Etter det vi har fått vite, vart framlegget vedteke mot Høgre sine tre røyster. 
12.11.18 15:21
Redningsaksjon på Syltedalen
Redningsaksjon på Syltedalen
(11.11) Ein mann vart søndag kveld i 20-tida henta ut med redningshelikopter i fjellsida fremst i Syltedalen. Mannen hadde ramla fleire titals meter ned gjennom den bratte sida og vart sterkt forslegen, men ved medvit.Ulukka skal ha skjedd noko etter klokka 16 søndag ettermiddag under sauehenting. I den bratte sida under Middagshornet, sør for Bjørnen på Kilebrekka, har han truleg falle, eller mista fotfestet. Mannen fekk gitt beskjed og hadde også med seg lommelykt, slik at naboar gav seg av garde opp sida. Seinare har han truleg prøvd å reise seg og falle vidare og mista lommelykta, slik at dei som var på veg opp mot lykta måtte lenger ned og gå etter ropa. Røde Kors hjelpekorps og beredskapsvakter vart også tilkalla og kom til staden med båre, varmetepper og anna utstyr. Tanken var først å frakte mannen ned på båre, men i det vanskelege terrenget gav ein opp dette. Sea King frå Florø vart tilkalla. Helikopteret kom til staden litt over litt før 20.00. Redningsmann og lege vart firt ned, og rundt 20.30 vart mannen frakta ut og til sjukehus. Hjelpa til dei to naboane som tok seg opp med lommelykter og fann mannen var viktig for redningssøket og hindra eit muleg fall vidare utfor ei bratt hylle. Trygve Herskedal i Røde Kors hjelpekorps trekk også fram det takknemlege i å ha lokalkjent beredskapsvakt som møtte redningsmannskapet og kunne lose dei opp til den skada og dei to naboane som sat hos han. Utfallet vart også overraskande godt, då mannen måndag kveld fekk kome heim att, forslegen, men utan større skadar, utanom eit sydd sår i bakhovudet.
11.11.18 20:48
Held fast på nedlegging
Held fast på nedlegging
(8.11) Fylkesutdanningssjefen held fast på at avdelinga av Herøy vidaregåande skule i Vanylven skal leggast ned. Utdanningsutvalet skal handsame saka måndag.Som vi har skrive før, har Fylkesutdanningssjefen i Møre og Romsdal varsla at ei det vart vurdert å kome med framlegg om nedlegging av avdelinga i Vanylven i samband med handsaminga av skulebruksplanen for 2019/20. Fleire instansar, ikkje minst Vanylven kommune, har kome med innspel i saka der dei ber om at skulen ikkje blir lagt ned. Dette er søtta av fråsegn er frå både Ulstein og Herøy kommunar. Men Fylkeutdanningssjefen held altså fast på framlegget sitt. Han skriv at ein kan bøte på følgjene ved å auke kapasiteten på Herøy vidaregåande i Fosnavåg og prøve å få til ein avtale med Sogn og Fjordane om at elevar frå Vanylven kan gå ved skular der. Vidareføring av dette siste vil bli avventa til saka om eventuell skulenedlegging er avklara. . Lokaltt har ein fått signal som tyder på at ein vil halde seg til avtalen om at ingen skular skal leggast ned no. Dette har også blitt formidl t.d. i formannskapet av lokale politikarar. Måndag skal altså saka handsamast politisk. Då får vi svaret.
08.11.18 08:24
Viktig kontrakt for Rovde Møbel & Design
Viktig kontrakt for Rovde Møbel & Design
(7.11) Rovde Møbel & Design AS har sist veke skrive kontrakt med Tersan Shipyard i Tyrkia om levering av båtinnreiing til Norges største linebåt Atlantic. Linebåten tilhøyrer Ålesundsreieriet Atlantic Seafish AS, og innreiinga skal leverast i april 2019.-Dette er ei svært viktig kontrakt for Rovde Møbel & Design AS, seier dagleg leiar Paul Sindre Vedeld. Leveransen kan vere døropnar for fleire leveransar til eit verft som bygg mange båtar til den norske marknaden, og den gir oss tilgang til nye marknad utanfor Norge. Leveransen er også svært viktig for å halde ein jamn produksjon i bedrifta, og sikrar oss arbeid i månadane framover.
 
I tillegg til båtinnreiing produserer Rovde Møbel & Design alt av kundetilpassa interiør med plater som utgangspunkt, og har nyleg opna nettbutikk for benkeplater.

.
07.11.18 14:54
Stor Halloween-fest på Fiskå
Stor Halloween-fest på Fiskå
(01.10) Ungdomshuset på Fiskå var «pynta» til det mest ugjenkjennelege og uhyggelege onsdag. Det er Halloween!Kring 200 betalande i tillegg til flokken av frivillige som står bak dette spesielle arrangementet kosa seg på uhyggeleg vis, får vi vel kanskje seie. Eit kjempearbeid er lagt ned i kulissar og rekvisittar for å få fram den rette Halloween-stemning- og arrangementet er altså blitt ein publikumssuksess. Vi har meir i papiravisa.
01.11.18 08:40
Brot på vassleidning på Eidså
Brot på vassleidning på Eidså
(23.10) Ein vass-lekkasje i Eidså sentrum gjorde at eit større område tysdag fekk stogg i vassleveringa. Kommunen opplyser til oss kl. 16.00 at ein no prøver å kople om slik at fleire skal få att vatnet.Det viste seg at lekkasjen var vanskeleg å lokalisere og det vart lagt vatn forbi brotstaden med hjelp av brannslangar som sikra vatn til husstandane lenger utover mot Sandnes. Det vart prøvd å sende inn både kamera og stakefjører frå dei næraste kummane for å finne kvar lekkasjen var, men til ingen nytte. Onsdag vart det så tilkalla hjelp frå Ulstein med lytteapparat og ein meinte etterkvart å lokalisere brotet framfor bedehuset. Der ein grov seg ned var det heller ikkje noko å finne, men då ein fekk sendt eit kamera ti-tolv meter sørover, viste det seg å vere eit større hol på leidningen rett sør for bedehuset. Dette vart torsdag middag ferdig utbetra, og alle skal no ha fått att vatnet.
23.10.18 16:02
Statoil vert Cirkle K
Statoil vert Cirkle K
(16.10) Frå torsdag skjer det, bensinstasjonen på Tunheim skifter namn som den siste i Møre og Romsdal til det nye Cirkle K. Det som starta som BP, vart seinare Noroil, så Statoil, og no Cirkle K. Dette vil også verte markert med ein innviingsfest seinare.
16.10.18 14:31
Kjekt, men vemodig besøk
Kjekt, men vemodig besøk
(03.10) Som vanleg var det stor stas for borna i barnehagen og skulen på Fiskå då bokbåten var på besøk onsdag. Men under ligg den triste røyndomen at dette kan vere nest siste gongen ein får slikt kjekt besøk. På grunn av nedskjeringar har nemleg Møre og Romsdal fylke valt å ikkje forlenge avtalen som går ut til våren. Dermed kan dette flotte tilbodet på kysten verte lagt ned etter over 50 år. Frå før har Sogn og Fjordane fylke skore ned og kutta ut bokbåtbesøka i 2015. No står det altså i fare for å verte slutt også i Møre og Romsdal, medan det i Hordaland har vore harde kampar i fylkestinget som førebels har berga tilbodet der. Når så Fylket dette skuleåret også har teke bort ordninga med Kultursekken for barnehagane, vert det fort litt utarming av kjekke kulturtilbod som råkar distrikta sterkast.
04.10.18 10:49
Narremeldingar
Narremeldingar
(04.10) Det er for tida veldig mykje falske meldingar ute og går på mail og SMS som gir seg ut for å vere frå Coop-systemet. Dette bør ein vere merksam på, og helst ikkje gå inn på linkane som er lagde ved i det heile og i alle fall ikkje gje frå seg opplysningar, seier Coop Vest.I meldingane som vert sende ut har ein gjerne anten vunne gåvepremiar, eller er utvald til å få store premiar denne veka fordi Coop har bursdag.
          – Det er veldig mykje slike meldingar ut og går, og om ein trykkjer på lenka vil dei gjerne prøve å få kortnummer eller andre opplysningar, opplyser Coop Vest.  Det bør ein absolutt ikkje gje frå seg, og det tryggaste er å slette slike meldingar, eller eventuelt å sjekke hos Coop om ein trur det skulle vere ei melding med faktisk innhald frå kjeda.
04.10.18 10:12
Treng fire mål tilOle Per rydda plass for superfinale
Treng fire mål tilOle Per rydda plass for superfinale
Vanylven sin trenar Ole Per Kragset satsa alt mot tabelleiar Hasundgot då det galdt som mest ut i andre omgang. Det gav to viktige mål og siger. Dermed er det klart for superfinale mot Bergsøy 2 i Fosnavåg førstkomande laurdag.Kampfakta
6 div avdeling 3 Sunnmøre
Vanylven – Hasundgot 4-2 (1-1)
Mål Vanylven: 1-1 Per Gunnar Lundehaug, 2-2 Øyvind Myklebust, 3-2 Stian Bellen (straffe) 4-2 Ådne Seljeset
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, Hødd.
Vanylven: Robert Midtbø, Per Gunnar Lundehaug, Vegar Bellen Krokevik, Øyvind Myklebust, Stian Sylte Bellen, Anders Midtbø, Sondre Ersvåg, Henning Sætre, Anders Sylte Bellen, Uchin Cho
Innbyte: Simen Sylte Bellen, Ådne Seljeset. Kjell Brenne Kampen såg ut til å renne ut med uavgjort 2-2 då Ole Per ut i andreomgangen la om frå 4-3-3 til 3-5-2, noko som førte til eit større offensivt trykk frå ei sterkare midtbane. Det gav to scoringar og nytt opprykkshåp. Då står det om eit måloverskot på fire scoringar i høve Hasundgot i siste kampen mot Bergsøy 2. Jokerane i denne likninga med to ekstra ukjende, blir Hødd 3 og Bergsøy 2, som har færre spelte, men som kan ta siste stikk i denne reknekabalen når sluttstrek er sett og status gjort opp.
Siste kampen på Eidsåvoll for sesongen vart ei spennande, men disiplinert forestilling der eit innbitt heimelag makta snu kampen og rodde iland ein fortent siger mot Hasundgot som har leia avdelinga mesteparten av sesongen. –Vi har på ingen måte gitt opp opprykkshåpet. Fire pluss i målskilnaden er ikkje umogeleg i kampen mot Bergsøy. Under har skjedd før – det kan skje i Fosnavåg også, påpeikar ein optimistisk trenar Ole Per. sterkt sakna Torgeir Halsen denne gongen. Toppscoraren i 6. divisjon hadde meldt forfall på grunn av 4. dommarvervet i Eliteseriekampen i Kristiansund. Alt i alt hadde Vanylven ballen mest, skapte dei fleste sjansane og til slutt avslutta best. 4-2 gir såleis eit korrekt bilde av kampen, som vart greitt leia av dommar Magne Jonny Krumsvik frå Hødd. Og blant vakre minne frå ein gråversdag på Eidsåvoll søndag, tek vi med Per Magne Lundehaug sitt langskot frå 18 meters hald som gav 1-1 og Øyvind Myklebust si utlikning til 2-2 på hovudet då han gjekk i lufta på cornerinnlegget og styrte lerkula sjanselaust for keeper kontrollert inn under tverrstanga. Det ville vere urett å ikkje nemne Stian Bellen si eminente fintestraffe frå ellevemeteren og også energikula Ådne Seljeset som var rett mann på rett stad då det galdt som mest på slutten.    
23.09.18 19:26
Miste veggrepet og enda på taket
Miste veggrepet og enda på taket
(22.09) Ein personbil miste veggrepet på Fv61 i ein sving ved Vik på Slagnes i Vanylven laurdag ettermiddag. Bilføraren, som var åleine i bilen, kom uskadd frå utforkøyringa.  Svingen er den same som det hende ei tragisk bilulukke tidlegare i år der ein person omkom. Politipatruljen frå Måløy fekk melding om utforkøyringa i halvto-tida på ettermiddag. Dei var då på Årsheim på Stadlandet der det var ei liknande utforkøyring. Det vart full utrykning med ambulanse, politi og brannvern. Bilføraren vart sjekka av helsepersonell som kunne konkludere med at her ikkje var personskade. Trafikken på fylkesvegen vart omdirigert til gamlevegen gjennom Vik medan fylkesvegen var sperra for ferdsel. Politiet ber folk køyre forsiktig sidan det etter alt regnet er skumlare køyreforhold med sleip vegbane og lettare for å feilrekne veggrepet.
22.09.18 14:55
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 6. desember
12.00 Førjulsstund, Synste Møre, Fiskå
18.00 Juleverkstad, Syltefjord bygdehus
19.30 Damekoret Lyst, Ørsta kyrkje

Fredag 7. desember
18.00 Bingo, Meks, Syvde

Laurdag 8. desember
12.00 Juleverkstad, hakallegarden
17.00 Snekker Andersen og julenissen, Framheim, Åheim
19.00 Julekonsert, Åram kyrkje

Søndag 9. desember
12.00 Julemarknad, Hakallegarden
16.00 Julekonsert, Syvde kyrkje
18.00 Møte, Sion Åheim
19.00 Julekonsert, Vanylven kyrkje

Fredag 11. januar
Feel it, Larsnes

Laurdag 12. januar
Feel it, Larsnes

Fredag 18. januar
Feel it, Larsnes

Laurdag 19. januar
Feel it, Larsnes

Torsdag 23. mai
Åram+

Fredag 24. mai
Åram+

Laurdag 25. mai
Åram+

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget